Skulane i Gol: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Fyrsteutkast som skal reviderast)
 
Linje 59: Linje 59:
* Herad skule: Barneskule er bygd i 1984 og er i dag ein underavdeling til Gol skule. Herad skule ligg ved riksveg 7 like sør for Gol sentrum.
* Herad skule: Barneskule er bygd i 1984 og er i dag ein underavdeling til Gol skule. Herad skule ligg ved riksveg 7 like sør for Gol sentrum.


* Gol ungdomsskule: ungdomsskulen er bygd i 1967 og ligg i Gol sentrum i same bygningskomplekset som Gol samfunnshus og Gol vidaregåande skule.
* Gol ungdomsskule: ungdomsskulen er bygd i 1967 og ligg i Gol sentrum i same bygningskomplekset som Gol samfunnshus og Gol vidaregåande skule. Skulen har tre klassar pr. klassetrinn frå 8. til 10. klasse, og har ca. 185 elevar.
Skulen har tre klassar pr. klassetrinn frå 8. til 10. klasse, og har ca. 185 elevar.


==Andre utdanningsinstitusjonar==
==Andre utdanningsinstitusjonar==

Sideversjonen fra 21. okt. 2015 kl. 08:49

Almuge- og folkeskulen

Fram til 1897 var Hemsedal ein del av Gol kommune. Ved skulefundasen i 1742 vart det slege fast at ein trong fire ”skoleholdere” som skulle virka i kvar sitt sokn. I 1746 var det berre ein lærar i heile Gol. Ikkje før i 1757 kom skulen i gang med ein lærar for kvart sokn. Etter kvart vart det to lærarar i Gol sokn, men ikkje før i 1846 tre lærarar. Den fyrste faste skulen i Hallingdal vart starta på tingstova i Nes allereie i 1807. Gol sokn fekk ikkje fast skule før i 1870-åra. Men ein fast skule var i gang allereie frå 1854 i Gol prestegjeld då eit rom vart leigd hjå Klokkar Haavelsen på garden Røyse. Ved året etter var det 4 lærarar i prestegjeldet. Ein ved den faste skulen på Røysen og 3 omgangsskulelærarar.

Krinsinndeling

Skulekommisjonen for Gol hadde frå byrjinga av 1800-talet delt opp prestegjeldet i to fjerdingar, det søndre og nordre, som så var delte i fem rotar kvar:

  • Heradsfjerdingen gjekk frå Søre-Li og på båe sider av elva opover til Storla.
  1. Søre-Li—Li-Nordre,
  2. Frøysåk—Hagen,
  3. Eikle—Nørheim,
  4. Breidokk—Storla,
  5. Rust—Berg.
  • Rotneim og Øygardsfjerdingen gjekk frå Finnesgarden til Sørbel.
  1. Finnesgarden—Flategrov,
  2. Rotneim—Gjegleim,
  3. Skaga—Brekke,
  4. Bleikfet-Bråten,
  5. Blakkestad—Sørbel.

Kring 1845 vart det innført ny inndeling: det søndre, nordre og vestre distrikt.

Slutten på omgangsskulen gav nye vanskar for elevar i utkantane som i Brenngrenda, Sørbelgrenda og Grovgardane sidan det vart fast lang reiseveg. I 1877 vart det vedteke å skipe ein krins i Klanten og Brenn med fast skule i eit leigd rom hjå Tolleiv Brenn. I 1879 vart elevane frå åsbruka overførte til Åsgårdo, medan Sørbel vart lagt til Grønlio, men allereie 1880 såg ein at dette vart for langt å gå og skipa eien skule i Sørbel som varte til 1887 då elevane atter måtte til Grønlio.

Skulehusa

  • Golreppen: fekk fast skule i tingstova frå 1860. Året etter vart det vedteke å leige 4 lokalar til faste skular i kvart skuledistrikt. Lærar Berg dyrka opp ein skulehage ved Tingstova. Tredelt frå 1886. Frå 1890 vedteke at den eine småskuleklassa skulle ha skule i Hesla i leigd rom. Nytt skulehus på Sanderborg etter 1909. Byggjing av ny skule på Heslajordet byrja i 1957.
  • Øygardane (Øydgardo): skulehuset bygd på Ro nær Pustekjelda i 1862. Todelt frå 1886. Vedteke å flytte skulehuset til Roteigen i 1890. Nytt skulehus i 1934.
  • Rotneim: skulehus vedteke bygd i 1862. Todelt skule frå 1886. I 1890 vedteke at skulehuset skulle flyttast til Vesle-Eikra. Vedteke å byggje nytt skulehus i 1924.
  • Engjo: skulehus bygginga starta i 1863. Frå 1886 var skulen todelt.
  • Åsgardane (Åsgardo): skulehuset bygd i 1869. Tredelt frå 1886. Skulehuset vart flytta i 1882. Nytt skulehus vedteke bygd i 1937. Fekk nytt skulehus i 1950-åra.
  • Herad: skulehuset vedteke bygd i 1876. Inkluderte elevane frå Liroten. Tredelt frå 1886. Nytt skulehus i 1915.
  • Grønlio: skulehus vedteke bygd i 1885. Samla skule frå 1886. I 1890 vedteke å ha felles skulesdistrikt med Engjo. Felles skule frå 1935. Nytt skulehus i 1954. Det gamle skulehuset vart flytta til bygdetunet på Skaga.
  • Grov: Skulehuset bygd i 1913. Nokre år var dette separat skule i Granheim sidan vegen til Grønlio var lang.
  • Åse: Krins skipa i 1922. Nedlagt i 1930-åra.

Andre historiske skular

Framhaldsskule

Framhaldsskule skipa rett etter krigen på Golreppen. Før dette framhaldsskule i Gol på Tingstova i 8 veker i 1896.

Kveldsskular

1875- vart det i periodar helde kveldsskulekurs.

Amtsskulen i Hallingdal

Veksla mellom dei fire kommunane i dalen. Fyrste omgange vart helde i Nes, til Gol kom skulen fyrst vinteren 1884-85 og vart i to vintrar. Fyrst i 1901 vart det helde amtskule på Gol att. Skulen var i regelen to år om gongen i kvar bygd. Frå 1913 vart skulen fast på Nes til han vart lagt ned i 1940.

Arbeidsskule

Den Norske husflidsforening held kurs i ulike husflidsarbeid i bygdene, av desse vart det i 1903 og 1904 helde kurs i trearbeid i Gol. I 1907 vart det vedteke at det skulle skipast ein arbeidsskule for Hallingdal som veksla på å vera i dei fire bygdene. Frå 1921 vart skulen fast i Gol. Skulen vart drive med tilskot frå staten og kommunane. Etter at staten hadde redusert sine løyvingar i 1909, sa Flå, Gol og Hol opp avtala i 1911, og Nes frå 1931, men skulen vart ikkje nedlagd før i 1940.

Kvinneleg husflidsskule

Frå 1956 var det kvinneleg husflidsskule i Gol i leigde lokale med opplæring i veving og sying.


Skular i nyare tid

Grunnskular

  • Gol skule: Skulen er i dag den største barneskulen i Gol med ca. 300 elevar. Gol skule er bygd i 1960 og ligg ved riksveg. 50 mellom Hemsedalsvegen og elva Hemsil. Skulen er fulldelt. Elevane i 1. og 2. klasse går på avdelinga til skulen på Glitrehaug som ligg på nedsida av Hemsedalsvegen. Der ligg også SFO for Gol skule og Herad skule.
  • Herad skule: Barneskule er bygd i 1984 og er i dag ein underavdeling til Gol skule. Herad skule ligg ved riksveg 7 like sør for Gol sentrum.
  • Gol ungdomsskule: ungdomsskulen er bygd i 1967 og ligg i Gol sentrum i same bygningskomplekset som Gol samfunnshus og Gol vidaregåande skule. Skulen har tre klassar pr. klassetrinn frå 8. til 10. klasse, og har ca. 185 elevar.

Andre utdanningsinstitusjonar

  • Læringssenteret Gol (interkommunal): Læringssenteret held kurs i norsk med samfunnskunnskap for framandspråklege på alle nivå for alle innvandrarar busett i kommunane Flå, Nes, Gol og Hemsedal; og for dei som bur i mottaka i Nes og Hemsedal. Dei har òg eksamensretta grunnskuleopplæring med karakterar for busette i alle kommunane i Hallingdal, opplæring i grunnleggande ferdigheiter og spesialundervisning.
  • Gol vidaregåande skule (fylkeskommunal): Ligg på Gol i same kompleks som Gol ungdomsskule. Skulen har seks studieliner: Design og handverk, Idrettsfag, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama med programområdet drama, Restaurant- og matfag, og Studiespesialisering med programområda Realfag; og Språkfag, samfunnsfag og økonomi.
  • Hallingdal folkehøgskule (Privat): Skulen tok over garden Skaga i 1958, som ligg i lia vestom Gol sentrum, og vart skipa i 1959. Folkehøgskulen er frilynt og er eigd av Hallingdal Høgskulelag.


Kjelder

http://www.gol.kommune.no/skule-og-barnehage/skular-i-gol/

Boka om Gol. Utg. Gol kommune. B.1. Svello, Hallvard: Fra busetjing til kommunalt sjølvstyre. 1961. B.2. Svello, Hallvard: 100 år i strid og vokster. 1963.


I 121-125, 378-391. II 35-68.