Skulane i Gol: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
=Almuge- og folkeskulen=
=Almuge- og folkeskulen=
Fram til 1897 var Hemsedal ein del av Gol kommune. Ved skulefundasen i 1742 vart det slege fast at ein trong fire ”skoleholdere” som skulle virka i kvar sitt sokn. I 1746 var det berre ein lærar i heile Gol. Ikkje før i 1757 kom skulen i gang med ein lærar for kvart sokn. Etter kvart vart det to lærarar i Gol sokn, men ikkje før i 1846 tre lærarar. Den fyrste faste skulen i Hallingdal vart starta på tingstova i Nes allereie i 1807. Gol sokn fekk ikkje fast skule før i 1870-åra. Men ein fast skule var i gang allereie frå 1854 i Gol prestegjeld då eit rom vart leigd hjå Klokkar Haavelsen på garden Røyse. Ved året etter var det 4 lærarar i prestegjeldet. Ein ved den faste skulen på Røysen og 3 omgangsskulelærarar.  

== Krinsinndeling ==
== Krinsinndeling ==
Linje 21: Linje 22:

Slutten på omgangsskulen gav nye vanskar for elevar i utkantane som i Brenngrenda, Sørbelgrenda og Grovgardane sidan det vart fast lang reiseveg. I 1877 vart det vedteke å skipe ein krins i Klanten og Brenn med fast skule i eit leigd rom hjå Tolleiv Brenn. I 1879 vart elevane frå åsbruka overførte til Åsgårdo, medan Sørbel vart lagt til Grønlio, men allereie 1880 såg ein at dette vart for langt å gå og skipa eien skule i Sørbel som varte til 1887 då elevane atter måtte til Grønlio.  

==Skulehusa==
==Skulehusa==
Linje 32: Linje 34:
* '''Grov''': Skulehuset bygd i 1913. Nokre år var dette separat skule i Granheim sidan vegen til Grønlio var lang.

* '''Åse''': Krins skipa i 1922. Nedlagt i 1930-åra.

=Andre historiske skular=
=Andre historiske skular=
* '''Framhaldsskule''': skipa rett etter krigen på Golreppen. Før dette framhaldsskule i Gol på Tingstova i 8 veker i 1896.  

* '''Kveldsskular''': 1875- vart det i periodar helde kveldsskulekurs.

Linje 40: Linje 42:
* '''Arbeidsskule''': Den Norske husflidsforening held kurs i ulike husflidsarbeid i bygdene, av desse vart det i 1903 og 1904 helde kurs i trearbeid i Gol. I 1907 vart det vedteke at det skulle skipast ein arbeidsskule for Hallingdal som veksla på å vera i dei fire bygdene. Frå 1921 vart skulen fast i Gol. Skulen vart drive med tilskot frå staten og kommunane. Etter at staten hadde redusert sine løyvingar i 1909, sa Flå, Gol og Hol opp avtala i 1911, og Nes frå 1931, men skulen vart ikkje nedlagd før i 1940.  

* '''Kvinneleg husflidsskule''': Frå 1956 var det kvinneleg husflidsskule i Gol i leigde lokale med opplæring i veving og sying.

=Skular i nyare tid=
=Skular i nyare tid=

==Grunnskular==
==Grunnskular==
* '''Gol skule''': Skulen er i dag den største barneskulen i Gol med ca. 300 elevar. Gol skule er bygd i 1960 og ligg ved riksveg. 50 mellom Hemsedalsvegen og elva Hemsil. Skulen er fulldelt. Elevane i 1. og 2. klasse går på avdelinga til skulen på Glitrehaug som ligg på nedsida av Hemsedalsvegen. Der ligg også SFO for Gol skule og Herad skule.

* '''Herad skule''': Barneskule er bygd i 1984 og er i dag ein underavdeling til Gol skule. Herad skule ligg ved riksveg 7 like sør for Gol sentrum.

* '''Gol ungdomsskule''': ungdomsskulen er bygd i 1967 og ligg i Gol sentrum i same bygningskomplekset som Gol samfunnshus og Gol vidaregåande skule. Skulen har tre klassar pr. klassetrinn frå 8. til 10. klasse, og har ca. 185 elevar.

==Andre utdanningsinstitusjonar==
==Andre utdanningsinstitusjonar==
* '''Læringssenteret Gol''' (interkommunal): Læringssenteret held kurs i norsk med samfunnskunnskap for framandspråklege på alle nivå for alle innvandrarar busett i kommunane Flå, Nes, Gol og Hemsedal; og for dei som bur i mottaka i Nes og Hemsedal. Dei har òg eksamensretta grunnskuleopplæring med karakterar for busette i alle kommunane i Hallingdal, opplæring i grunnleggande ferdigheiter og spesialundervisning.

* '''Gol vidaregåande skule''' (fylkeskommunal): Ligg på Gol i same kompleks som Gol ungdomsskule. Skulen har seks studieliner: Design og handverk, Idrettsfag, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama med programområdet drama, Restaurant- og matfag, og Studiespesialisering med programområda Realfag; og Språkfag, samfunnsfag og økonomi.

* '''Hallingdal folkehøgskule''' (Privat): Skulen tok over garden Skaga i 1958, som ligg i lia vestom Gol sentrum, og vart skipa i 1959. Folkehøgskulen er frilynt og er eigd av Hallingdal Høgskulelag.

=Kjelder=
=Kjelder=

Sideversjonen fra 21. okt. 2015 kl. 09:06

Almuge- og folkeskulen

Fram til 1897 var Hemsedal ein del av Gol kommune. Ved skulefundasen i 1742 vart det slege fast at ein trong fire ”skoleholdere” som skulle virka i kvar sitt sokn. I 1746 var det berre ein lærar i heile Gol. Ikkje før i 1757 kom skulen i gang med ein lærar for kvart sokn. Etter kvart vart det to lærarar i Gol sokn, men ikkje før i 1846 tre lærarar. Den fyrste faste skulen i Hallingdal vart starta på tingstova i Nes allereie i 1807. Gol sokn fekk ikkje fast skule før i 1870-åra. Men ein fast skule var i gang allereie frå 1854 i Gol prestegjeld då eit rom vart leigd hjå Klokkar Haavelsen på garden Røyse. Ved året etter var det 4 lærarar i prestegjeldet. Ein ved den faste skulen på Røysen og 3 omgangsskulelærarar.

Krinsinndeling

Skulekommisjonen for Gol hadde frå byrjinga av 1800-talet delt opp prestegjeldet i to fjerdingar, det søndre og nordre, som så var delte i fem rotar kvar:

  • Heradsfjerdingen gjekk frå Søre-Li og på båe sider av elva opover til Storla.
  1. Søre-Li—Li-Nordre,
  2. Frøysåk—Hagen,
  3. Eikle—Nørheim,
  4. Breidokk—Storla,
  5. Rust—Berg.
  • Rotneim og Øygardsfjerdingen gjekk frå Finnesgarden til Sørbel.
  1. Finnesgarden—Flategrov,
  2. Rotneim—Gjegleim,
  3. Skaga—Brekke,
  4. Bleikfet-Bråten,
  5. Blakkestad—Sørbel.

Kring 1845 vart det innført ny inndeling: det søndre, nordre og vestre distrikt.

Slutten på omgangsskulen gav nye vanskar for elevar i utkantane som i Brenngrenda, Sørbelgrenda og Grovgardane sidan det vart fast lang reiseveg. I 1877 vart det vedteke å skipe ein krins i Klanten og Brenn med fast skule i eit leigd rom hjå Tolleiv Brenn. I 1879 vart elevane frå åsbruka overførte til Åsgårdo, medan Sørbel vart lagt til Grønlio, men allereie 1880 såg ein at dette vart for langt å gå og skipa eien skule i Sørbel som varte til 1887 då elevane atter måtte til Grønlio.

Skulehusa

  • Golreppen: fekk fast skule i tingstova frå 1860. Året etter vart det vedteke å leige 4 lokalar til faste skular i kvart skuledistrikt. Lærar Berg dyrka opp ein skulehage ved Tingstova. Tredelt frå 1886. Frå 1890 vedteke at den eine småskuleklassa skulle ha skule i Hesla i leigd rom. Nytt skulehus på Sanderborg etter 1909. Byggjing av ny skule på Heslajordet byrja i 1957.
  • Øygardane (Øydgardo): skulehuset bygd på Ro nær Pustekjelda i 1862. Todelt frå 1886. Vedteke å flytte skulehuset til Roteigen i 1890. Nytt skulehus i 1934.
  • Rotneim: skulehus vedteke bygd i 1862. Todelt skule frå 1886. I 1890 vedteke at skulehuset skulle flyttast til Vesle-Eikra. Vedteke å byggje nytt skulehus i 1924.
  • Engjo: skulehus bygginga starta i 1863. Frå 1886 var skulen todelt.
  • Åsgardane (Åsgardo): skulehuset bygd i 1869. Tredelt frå 1886. Skulehuset vart flytta i 1882. Nytt skulehus vedteke bygd i 1937. Fekk nytt skulehus i 1950-åra.
  • Herad: skulehuset vedteke bygd i 1876. Inkluderte elevane frå Liroten. Tredelt frå 1886. Nytt skulehus i 1915.
  • Grønlio: skulehus vedteke bygd i 1885. Samla skule frå 1886. I 1890 vedteke å ha felles skulesdistrikt med Engjo. Felles skule frå 1935. Nytt skulehus i 1954. Det gamle skulehuset vart flytta til bygdetunet på Skaga.
  • Grov: Skulehuset bygd i 1913. Nokre år var dette separat skule i Granheim sidan vegen til Grønlio var lang.
  • Åse: Krins skipa i 1922. Nedlagt i 1930-åra.

Andre historiske skular

  • Framhaldsskule: skipa rett etter krigen på Golreppen. Før dette framhaldsskule i Gol på Tingstova i 8 veker i 1896.
  • Kveldsskular: 1875- vart det i periodar helde kveldsskulekurs.
  • Amtsskulen i Hallingdal: Veksla mellom dei fire kommunane i dalen. Fyrste omgange vart helde i Nes, til Gol kom skulen fyrst vinteren 1884-85 og vart i to vintrar. Fyrst i 1901 vart det helde amtskule på Gol att. Skulen var i regelen to år om gongen i kvar bygd. Frå 1913 vart skulen fast på Nes til han vart lagt ned i 1940.
  • Arbeidsskule: Den Norske husflidsforening held kurs i ulike husflidsarbeid i bygdene, av desse vart det i 1903 og 1904 helde kurs i trearbeid i Gol. I 1907 vart det vedteke at det skulle skipast ein arbeidsskule for Hallingdal som veksla på å vera i dei fire bygdene. Frå 1921 vart skulen fast i Gol. Skulen vart drive med tilskot frå staten og kommunane. Etter at staten hadde redusert sine løyvingar i 1909, sa Flå, Gol og Hol opp avtala i 1911, og Nes frå 1931, men skulen vart ikkje nedlagd før i 1940.
  • Kvinneleg husflidsskule: Frå 1956 var det kvinneleg husflidsskule i Gol i leigde lokale med opplæring i veving og sying.

Skular i nyare tid

Grunnskular

  • Gol skule: Skulen er i dag den største barneskulen i Gol med ca. 300 elevar. Gol skule er bygd i 1960 og ligg ved riksveg. 50 mellom Hemsedalsvegen og elva Hemsil. Skulen er fulldelt. Elevane i 1. og 2. klasse går på avdelinga til skulen på Glitrehaug som ligg på nedsida av Hemsedalsvegen. Der ligg også SFO for Gol skule og Herad skule.
  • Herad skule: Barneskule er bygd i 1984 og er i dag ein underavdeling til Gol skule. Herad skule ligg ved riksveg 7 like sør for Gol sentrum.
  • Gol ungdomsskule: ungdomsskulen er bygd i 1967 og ligg i Gol sentrum i same bygningskomplekset som Gol samfunnshus og Gol vidaregåande skule. Skulen har tre klassar pr. klassetrinn frå 8. til 10. klasse, og har ca. 185 elevar.

Andre utdanningsinstitusjonar

  • Læringssenteret Gol (interkommunal): Læringssenteret held kurs i norsk med samfunnskunnskap for framandspråklege på alle nivå for alle innvandrarar busett i kommunane Flå, Nes, Gol og Hemsedal; og for dei som bur i mottaka i Nes og Hemsedal. Dei har òg eksamensretta grunnskuleopplæring med karakterar for busette i alle kommunane i Hallingdal, opplæring i grunnleggande ferdigheiter og spesialundervisning.
  • Gol vidaregåande skule (fylkeskommunal): Ligg på Gol i same kompleks som Gol ungdomsskule. Skulen har seks studieliner: Design og handverk, Idrettsfag, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama med programområdet drama, Restaurant- og matfag, og Studiespesialisering med programområda Realfag; og Språkfag, samfunnsfag og økonomi.
  • Hallingdal folkehøgskule (Privat): Skulen tok over garden Skaga i 1958, som ligg i lia vestom Gol sentrum, og vart skipa i 1959. Folkehøgskulen er frilynt og er eigd av Hallingdal Høgskulelag.

Kjelder

  • Skular i Gol [Kommunal nettside om skulane, lasta ned 21.10.2015]
  • Svello, Halvard: Boka om Gol, band I, Frå busetjing til kommunalt sjølvstyre, Gol kommune 1961, s. 121-125, 378-391.
  • Svello, Halvard: Boka om Gol, band II, 100 år i strid og vokster, Gol kommune 1963, s. 35-68.