Skule Bårdsson: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (korr)
Linje 22: Linje 22:
[[Kategori:Adelige personer]]
[[Kategori:Adelige personer]]
[[Kategori:Jarler]]
[[Kategori:Jarler]]
[[Kategori:Dødsfall i 1240]]
[[Kategori:Borgerkrigstida]]
[[Kategori:Dødsfall på 1200-tallet]]

Sideversjonen fra 4. jan. 2013 kl. 23:28

Skule Bårdsson (fødd omk. 1189 [1], død 24. mai 1240] var ein viktig politisk og militær leiar i første halvdel av 1200-tallet. Han var jarl, og frå 1237 hertug, ein av berre to i Noreg som har hatt denne tittelen. Det siste året var han opprørskonge, og han var ei tid riksstyrar under Håkon IV Håkonsson. Frå nyare tid er han kjend som ein av hovudpersonane i Henrik Ibsens Kongsemnerne.

Skule var son av lendmannen Bård Guttormsson til Rein og Ragnfrid Erlingsdotter, dotter til lendmannen Erling på Kvie. Han var gift med Ragnhild, som kan hende var dotter til lendmannen Nikolas Pålsson Kuvung til Giske. Dei fikk dottera Margrete Skulesdotter, som gifta seg med Håkon IV Håkonsson. Han var og sviger far til Knut Håkonsson og morfar til Håkon Håkonsson unge, Magnus Lagabøte og Kristin Håkonsdotter.

Han var truleg oppfostra på Kvie i Vang i Valdres etter at faren døydde i 1194. Vinteren 1204/1205 blei han send til kong Inge II Bårdsson i Nidaros. Han er omtala under kampar med baglane i Nidaros 1206 og Bergen 1207. Han fikk så sysle i Sogn. Omkring 1213 leia han kongens hær under eit bondeopprør i Trøndelag. Då kongen blei sjuk omkring same tid fremma Skule sitt eige kandidatur som arving, men han framheva kongens uektefødde son Guttorm Ingesson som fremst i arverekka. Inge gav ham på dødsleiet jarlsnamn, og gjorde han til leiar for hær og hird. Inge døydde i april 1217, og sommaren same år blei Håkon Håkonsson tatt til konge. Han var ikkje Skules fremste kandidat, men jarlen svor truskapsed og ble rikt belønna.

Frå sommaren 1217 hadde han full styringsmakt i ein tredel av Noreg og skattlanda. I 1237 fikk han den europeiske adelstittelen hertug. Dette kan sjåast som ei stadfesting av noko som lenge hadde vore ei realitet; i eit brev til den engelske kongen frå 1222 kallar han seg dux totius Norwegie, «hertug over hele Norge»[2]. Semja mellom jarl og konge blei stadfesta året etter, og i 1219 blei dottera Margrete trulova med kongen. Dei gifta seg 1225. Fram til vinteren 1220/1221 var Skule riksstyrar for den umyndige Håkon. I 1218 forhandla han fram forlik mellom baglane og birkebeinane, og han nedkjempa fleire opprørsflokkar på Austlandet fram mot mot midten av 1220-åra. Han var og aktiv i utanrikspolitikk, særleg overfor Island, England og pavestolen.

Trass truskapsed og allianse gjennom ekteskap kom det konfliktar mellom Skule og kong Håkon, særlig frå midten av 1220-åra. Håkon Håkonssons soge skulder gjerne på anonyme tredjemenn, men det var nok og meir direkte konflikt. Soga blei skriven for Håkons son og Skule jarls dotterson Magnus Lagabøte, og forfattaren tok nok omsyn til dette og flytta skulda over til anonyme personar. Konfliktane blei verre i 1230-åra. Eit forlik erkebiskopen og biskopane fekk i stand i Bergen i 1233[3] betra litt på forhaldet, men det blei aldri heilt bra mellom konge og jarl. Skule styrde heile tida, utan omsyn til konfliktar, ein tredel av landet. Til tider hadde han det meste som sysler på ulike stader, til tider som eit samanhengande område. Frå han fekk hertugnamn i 1237 hadde han ein tredel av syslene på ulike stader.

6. november 1239 tok han kongsnamn på Øyrating[4], og var i åpent opprør mot kongen. Han tok kontroll over Trøndelag, og drog så mot Austlandet. Der vann han først slaget ved Låke ved Nannestad vinteren 1240, men blei overvunne av kong Håkon i slaget i Oslo våren 1240. Han kom seg unna med nokre av sine menn, dei såkalde vårbelgane, og drog til Elgeseter kloster i Nidaros. Håkon satte klosteret i brann, og SKule blei hogd ned med sine næraste menn[5]. Han blei gravlagd i Kristkyrkja i Nidaros.

Referanser

  1. Jfr. Håkon Håkonssons soge, der han seiast å ha vore 51 år gammal då han døydde.
  2. DN XIX, nr. 140
  3. Jfr. DN I, nr. 15
  4. RN I, nr. 701
  5. RN 1, nr. 706

Kjelder