Skulehistorie i Gloppen

Skulehistorie i Gloppen skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Gloppen kommune si skulehistorie. Gloppen og Breim var ein kommune fram til 1886, då vart Breim skilt ut som eigen kommune. I 1964 vart Gloppen og Breim på ny ein kommune under kommunenamnet Gloppen. Framstillinga under vil presentere skulehistoria til Gloppen og Breim i to forskjellige bolkar, uavhengig av når dei var samla eller ikkje.

Skulefundasen 1743

I 1739 fekk Noreg si første skulelov. Den plikta skulegang for ungar frå 7-års alderen og fram til konfirmasjon. Det var soknepresten si oppgåve å organisere skulen i sine prestegjeld. I Gloppen var det sokneprest Gabriel Heiberg som organiserte skulesamskipnanden. Heiberg var ein ihuga skulemann og Gloppen var tidleg ute med skulegangen. Det var skulefundasen som låg til grunn for organiseringa av skulen, den fortalte korleis skulen skulle finansierast, kven som skulle gå på skulen, krinsinndeling m.m.

Fundasen sette skuleplikt for born i alderen 8-12 år. Kvart born skulle søkje skule 12 veker kvart år. Der skulle dei få opplæring i lesing, skriving, kristendomkunnskap, rekning og song. I Gloppen vart det skipa 5 skulekrinsar og i Breim vart det skipa 3. Kvar krins hadde to halvkrinsar som delte på læraren.

Gamle Gloppen kommune

Skulekrinsar i Gloppen

Skulekrinsar i Gloppen med ei eiga wiki-side:

Nordstranda:

Sandane:

Hyen:

Krinsutvikling

Dei fem krinsane i Gloppen etter skulefundasen i 1743 var 1) Nordstranda, 2) Hyefjorden og Hyedalane, 3) Lote, Hennebygda og Hopland, 4) Gimmestad og 5) Holvik, Eide, Ryssdal, Søreide og Evebø.[1] Ei ny skulelov innførd i 1827 medførte ei nyordning av krinsane.[2] Den eldste møteboka etter skulestyret i Gloppen oppgir kva inndeling ein hadde i 1828. Ein hadde då skuledistrikt, som igjen var inndelt i fleire rodar. Ein lærar veksla dermed på å halde undervisning i dei ulike rodane i kvart distrikt.

Krinsregularinga 1828 ga følgande krinsar:[3]

  • Nordstrandens distrikt
    • 1. rode: Hjelmesæter, Andenes, Abildsæter, Nybø, Vereide, Aasebø, Rye, Føleijd og Tystad.
    • 2. rode ("Fjelsbygdroden", "Berges rode"): Slagstad, Gloppestad, Skord, Aske, Alme, Vembesæter, Solem, Fjellestad, Berge og Engesæter.
    • 3. rode ("Eidsroden", "Østrems rode"): Houge, Østrem, Hollevik, Eyde og Evebø.
  • Næsje-Distriktet
    • 1. rode: Devik, Quitnes, Hestenes, Ekenes, Skjerdal, Sikeystrand og Aarevig.
    • 2. rode: Lothe, Lotsberg og Aasene.
    • 3. rode: Ytre-, Indre- og Øvre Henden, Lahaug og Hopland.
  • Hye-Distriktet
    • 1. rode: Kleppenes, Osmundnæs, Holme, Aae, Stromme og Hope.
    • 2. rode: Ommedal, Gjengdal, Miellem, Ronkleif og Rorvig.
    • 3. rode (Vesterdal): Emiellen, Solem og Hiortesæter.
  • Gimmestads sogn og skoledistrikt
    • 1. rode: Rysdal, Søreide, Mardal, Fittie, Arnestad, Elvebakke, Gimmestad og Moen.
    • 2. rode: Grov, Ryg, Ravnestad, Rosæter og Sande.
Krinsutvikling fram til 1861
1743[1] 1828 1838[4] 1861[5]
Nordstranda Nordstranda Ytre Nordstranda Ytre Nordstranda (Fastskulekrinsen)
Indre Nordstranda Indre Nordstranda og Fjellbygda (Austrheim)
Hyefjorden og Hyedalene Hye-distriktet Hyen Hyen (omgangsskule)
Næsje-distriktet Nesjane og Nordbygda Nesjane (Eikenes, Kleppenes, Osmundnes og Straume)
Lote, Hennebygda og Hopland Nordbygda, Hennebygda og Hopland
Gimmestad Gimmestad Gimmestad Gimmestad og Sande (Ramnestad)
Holvik, Eide, Ryssdal, Søreide og Evebø Sandane og Bukta (Mardal og Eide)
Krinsreguleringa i 1861

I 1860 vart Lov om Almueskolevæsenet paa Landet vedteken. Her sto det mellom anna at "forsaavidt Bostederne ligge saa nær sammen, at Antal af mindst 30 skolepligtige Børn fra Hjemmet hver Dag kunne søge samme Skole, holdes denne i eget dertil opført eller leiet hensigtsmæssigt Locale"[6]. For skulene i Gloppen betød dette at ein nå for alvor måtte omstille seg frå omgangsskule til faste skulestader. Det vart også naudsynt med ei ny krinsinndeling, som vart vedteken i 1861.[7] Lova førte også til at ein i tidrommet 1863-1884 bygde skulehus i mange av krinsane.[8]

  • Nesjane er oppgitt i 1861 å ha "skulestader på Eikenes, Kleppenes, Osmundnes og Straume"
  • Gardane Skeistrand, Hammer, Årevik, Devik, Andenes og Hjelmeset lå såleis til at ein ikkje kunne sende borna til nokre av dei andre krinsane, men måtte ansette ein eigen hjelpelærar.[9][10]
  • Ungane på Hopland vart overførte til Randabygda i Innvik kommune i 1863.
  • Nesjane krins vart delt i 1884, så Straume vert eigen krins.
  • År for oppretting av Skeistrand og Devik krins ?(TBA).
Krinsreguleringa i 1890

Med innføringa av dei nye skulelovane i 1889 vart det naudsynt å revidere skulekrinsane. Paragraf 3 i den nye lova sa at ein skulle etterstrebe "en hensigtsmæssig klasseinddeling". Dette betød at ein kunne dele større krinsar inn i småkrinsar der det var mogleg, men at på gardar eller bygder der talet på born var for lågt til å ha eigen skule, skulle desse leggjast til den krinsen som var mest hensiktsmessig med tanke på skuleveg.[11] I Gloppen valde ein å slå saman Gimmestad og Sande til Rygg krins. Eide krins vart på si side delt opp: Ryssdal (Vassenden) vart ny krins, mens resten av Eide vart til Sandane krins. Grensene for nokre krinsar vart også endra. Mellom anna vart gardene Hjelmesæter og Andenes lagt til Vereide krins, mens garden Gloppestad vart flytta frå Vereide til Austrheim krins. Skulestyret kom også med forslag om å slå saman Sandane og Mardal til ein krins, men dette vart ikkje gjenomført. Likeins foreslo skulestyret at Andenes/Devik krins og Skeistrand krins skulle slås saman med Nesjane krins. Kommunestyret i Gloppen kommune gjekk i mot dette forslaget og krinsane held fram som før. Solheim og Eimhjellen vart forsøkt slått saman til Hyen Vestredels krins, med skulestad på Eimhjellen,[12] men herradsstyret vedtok at dei tre krinsane skulle forbli ubrigda.[13]

Etter 1945: Sentralisering og nedlegging

Etter krigen har det vore ei tendens til sentralisering og samling av skulane i Gloppen. Samanslåing av skuler i Gloppan har i regelen vært resultatet av ein blanding av få elevar og dårleg økonomi.

  • Ryssdal krins vart nedlagd første halvdel av 50-talet. Elevane vart skyssa til Sandane skule.[14] Krinsen hadde då hatt få born, med berre fem elevar i 1953.[15]
  • Elevane frå Kandal krins vart frå 1969 sendt til Sandane skule.[16] På 70-talet vart det gjort forsøk på å starte opp att skulen, uten at dette gjekk.[17]
  • Undervisning i både Røyrvik krins og Eimhjellen krins var avslutta ein gong før 1979.[18] Alt i 1968/69 kom alle førsteklassingane i Røyrvik frå Solheim og Eimhjellen krins.[19]
  • Mardal skule var vedteke nedlagd i 1995, og elevane vart send til Sandane skule. Det vart held i rådgivande avrøysting i krinsen om stenginga av skulen, kor 39 stemte mot og 23 for nedlegging av skulen.[20] Elevtalet var derimot så lite at då saka vart behandla i skulestyret, vart nedlegging vedteke med seks mot ein stemmer.[21]
  • I 2000 vart det slutt for Nesjane krins. Skulen vart nedlagd og elevane sendt til Rygg krins.[22]
  • Solheim krins (Vestre Hyen skule) vart halde ope til 2008. Etter dette har elevane gått på Hyen skule.[23] [24]
  • På 2000-talet vart det klart at Gloppen kommune måtte spare 15 millionar kronar innan utgangen av 2011. Eit av tiltaka vart å leggje ned fleire mindre skular. I 2009 vart derfor Reed skule vart slege saman med Byrkjelo, Rygg vart slege saman med Sandane og Vereide krins slege saman med Austrheim skule.[25] Vereide-Austrheim-krinsen vart heitande Nordstranda skule.

I tillegg vert Lote krins flytta til Eid kommune i 1964.

Krinsutvikling 1860-2009
1861 1869 1876 1884 1890 1895 1900 1910 1915 1922 1924 1928 1945 1964 1968 1970 1995 2000 2009
Ytre Nordstranda (Fastskulen) Vereide Nordstranda
Indre Nordstranda og Fjellbygda Austrheim
Hyen (omgangsskule) Vestre Hyen Solheim Gjengedal Solheim Hyen
Eimhjellen Røyrvik Røyrvik (under Eimhjellen frå 1913) Eimhjellen og Røyrvik Røyrvik Eimhjellen og Røyrvik(?)
Eimhjellen Eimhjellen Eimhjellen
Gjengedal Gjengedal Hyen
Nesjane Nesjane Straume (Hope) Straume
Osmundnes Nesjane Rygg Sandane
? Skeistrand Nesjane
Devik-Andenes Devik
Nesjane
Gimmestad og Sande Gimmestad Rygg Rygg
Sande
Sandane og Bukta Mardal Sandane
Eide Ryssdal Sandane Sandane
Sandane
Nesstranda og Årdalen (Breim) Nesstranda (Breim) Kandal (Breim)
Nordbygda og Hennebygda Hennebygda/Lote Lote (seinare i Eid kommune) --> Eid kommune
Hennebygda (seinare i Eid kommune)
Hopland --> Rand krins i Stryn frå 1863[26]

Lærarar i Gloppen

 
Firda lærarlag sitt 25-årsjubileum 22. august 1921. Fleire av lærarane i Gloppen og Breim er avbilda her. Namneliste finnast hos Fylkesarkivet i Vestland. Foto: Isak Isaksen Hellebust / Fylkesarkviet i Vestland (1921).


Dei som vart lærarar etter skulefundasen i 1743 fekk fri for soldatteneste, noko fleire lokalhistorikarar pekar på som ein mogleg årsak til at ein fekk relativt god rekrutering til læraryrket til trass for dårleg løn. I byrjinga var det få krav til utdanning for lærarane. Det spegla seg truleg noko i korleis skuledrifta arta seg. Jacob Aaland skriv i Gloppen-Breim kommunesoga om ei innberetning til kommmunestyret i Gloppen frå kapellan R. Arnet om ståa i Gloppenskulen i 1838, kor det seies det at "for å få skulestellet her i betre gjenge, hadde det vore sers naudturvande å gjeva fleire av lærarane avskil med ein liten pensjon, då dei er gamle og langt ifrå maktar umbodet sitt"[9].

I Lov angaaende Almue-Skolevæsenet paa Landet (1827) sa paragraf 8 at det skulle opprettes lærarutdanningar:

Efterhaanden, som Oplysningsvæsenets Understøttelsesfonds Indtægter tillade det, skal der i Stiftstæderne, eller paa andre passende Steder, oprettes Læreanstalter, hvor der gives dem, der attraae at ansættes til Kirkesangere ved Hovedkirker, og til Lærere ved faste Skoler, en til deres bestemmelse passende Dannelse.[27]

Det næraste lærarseminar frå Gloppen var Stord seminar, seinare Stord lærarskule, oppretta i 1839. Voldens Privatseminarium (Volda lærarskule) vart grunnlagt i 1895. Mange av lærarane i Gloppen har fått si utdanning ved ei av desse to skulane.

Stillingane som lærar i Vereide krins ("Fastskulekrinsen") og Gimmestad krins var lenge knytta til jobben som kyrkjesongar i kyrkjene på Vereide og på Gimmestad.

 
Breim og Gloppen lærarlag, 1. august 1924. Frå samling etter fotograf Olav Kvaale. Foto: Olav Kvaale/Fylkesarkivet i Vestland (1924)

Namn på lærarar er å finne i fleire lokalhistoriske verk og i bygdebøker. I arkivmaterialet finn ein også att lærarane; mange har signert skuleprotokollane sine i tillegg til at dei er omtala i møtebøkene etter skulestyret og tilsynsutvala i krinsane. Under finn du eit utval av lærarar i Gloppen før 1890, samt lærarar med ei eige side på lokalhistoriewiki. For lærarar tilsett etter 1890, sjå dei einskilde krinsane.

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Reinholdt Vibdorph Gardane Holvik, Eide, Ryssdal, Søreide og Evebø (omgangsskule) 1743
Kristoffer Anderson Skjerdal Nordstranda (omgangsskule) 1743
Jakob Jonson Henden Lote, Hennebygda og Hopland (omgangsskule) 1743
Jon Larsson Rygg Gimmestad sokn (omgangsskule)
Jens Olson Henden Heile Hyen (omgangsskule) 1743
Anders Nilsson Skjerdal[9] Nesjane 1820 1839
Jon Jonsen [Østreim] Hyenes ("Skule-Jo") 1805 Ytre Nordstranden/Fastskulekrinsen, Gimmestad 1829 1850 Sjå avsnitt om "Konflikten mellom «Skule-Jo» og sokneprest Heffermehl".
Nils Samsonson Sandvik[9] Gimmestad 1829 1854 Kyrkjesongar i Gimmestad. Far til lærar Abraham Sandvik.
Jakob Jakobsen Eimhjellen ("Skule-Jakob"[28]) Hyen 1832 1854
Gullbranad Jensson Andenes (Hjelmeset)[9] Indre Nordstrand 1838 1860
Ola Josefson Hestenes 1822 Nesjane krins, Vereide krins 1838 Nesjane krins, 1852 Vereide krins 1890 Prostprøve
Jørgen Petter Meldal[9] Fastskulekrinsen (Vereide krins) 1850 1852
Abraham N. Sandvik[9] Gimmestad 1854 Son av lærar Nils Sandvik.
Anders Lotsberg[9] Nesjane 1853 Volda lågare lærarskule
Anders Solheim Hyen 1855
Ola Sørensen Nybø[9] 1841 Nordstrand (melombels), Gimmestad, Sande, Rygg 1859 1902 Volda lærarskule 1864
Jens Kristensøn Arnestad 1842 1861 Volda lærarskule 1864
Endre Kristensøn Henden 1838 Austrheim krins 1863 1891 Volda lærarskule
Mons Rasmussøn Rye 1858 1882 Stord lærarskule 1881
Hans Edvard Hansson Skram 1856 Sandane, Austrheim, Vereide 1884 (Sandane og Austrheim 1891, Vereide 1894) 1894 Stord lærarskule 1882
Jens Jakobsøn Lote 1863 1884 Stord lærarskule 1884
Ole Mathias Øisteinssøn Ommedal 1862 1889 Kristiansands seminar 1883
Jøri Marta Martinusdatter Dobak 1868[29] Austrheim, Sandane 1891 1905 Lærarinneprøve i Bergen 1890 (Truleg) den førstre kvinna som fekk lærarpost i Gloppen.[30]
Samson Sande 1866 Gjengedal 1892 1936 Stord lærerskole 1891
Knut Gjengedal 1900 Gjengedal 1936 1967 Volda lærarskule 1922-25.

Konflikten mellom «Skule-Jo» og sokneprest Heffermehl[28]

Jørgen Meier Heffermehl (1805 – 1879) var sokneprest i Gloppen frå 1843 til 1866. Heffermehl var også ordførar i periodane 1848-1851 og 1856-1865. Både som sokneprest og ordførar hadde han mykje med skulen å gjere i desse åra. Kring 1850 kom Heffermehl i konflikt med Jon Jonsen Hyenes (1805-1884), også kjend som «Skule-Jo». Skule-Jo vart først lærar for omgangsskulen i den ytre delen av Nordstranda skuledistrikt i 1829. Sidan var han mellom anna lærar og kyrkjesongar i Gimmestad nokre år, før han vart lærar og kyrkjesongar i Fastskulekrinsen (Vereide krins).

 
Utlysinga av den ledige kyrkjesongar- og lærarposten etter Skule-Jo i Bergens Adressecontoirs Efterretninger den 9. oktober 1850. Teksten i utlysinga seier: "I Gloppens Præstegjeld ere Kirkesangerbestillingen og Lærerposten ved den faste Skole i Hovedsognet ledige. Kirkesangerens Indtægter antages at udgjøre omtrent 30 Spd. foruden Klokkergaarden, af gammel Skyld 1 Btt[Bismerpund] 12 Mk. Smør, og som Lærer ved den faste Skole nyder han for Tiden 12 Spd. Ansøgninger om Ansættelse i disse Bestillinger, hvortil ønskes en i Underviisningsvæsenet øvet Seminarist, stiles til Bergens Biskop, og indsendes inden 8 Uger fra Dato til undertegnede Sognepræst. Gloppen den 2den October 1850. Heffermehl."[31]

Skule-Jo og mange av dei rundt han var haugianarar, og kom mot slutten av 1840-talet på kant med presten. Nokre meinte at Heffermehl pressa bøndene for pengar i form av avgiftar. Det vart også sagt at han hadde avvist dåpsbarn og folk som kom til nattverd. I valet 1850 vart Skule-Jo vald til valmann over Heffermehl, med 130 stemmar mot 3. Etter dette fekk Heffermehl fekk med seg prosten til å avsette Skule-Jo frå stillinga si som kyrkjesongar og lærar. Årsaka som vart oppgitt var eit tilhøve kor Skule-Jo hadde forstyrra ein auksjon, og ei sak kor han hadde skreve under på eit dokument med lærar Jakob Jakobsen Eimhjellen ("Skule-Jakob") sitt namn utan Eimhjellen si medvit. Bygdefolket var ikkje nøgde med framferda til Heffermehl, og sende ei klage på han til biskopen. Heffermehl gjekk på si side til motklage. Søksmålet mellom Skule-Jo og Heffermehl fekk mykje merksamd lokalt, og kyrkjesongaren såleis ry på seg som ein talsmann for bygdefolket. Saka gjekk heilt til Høgsterett, kor Heffermehl vann i 1858. Dette fekk store økonomiske konsekvensar for Skule-Jo, som vart dømd til å betale bot og kostnadar.

Til å fylle posten vart Jørgen Petter Meldal tilsett som lærar og kyrkjesongar. Stillinga vart lyst ut i bergensavisa Bergens Adressecontoirs Efterretninger, og Meldal kom dermed flyttande frå Luster for å ta stillinga. Bygdefolket, som hadde teke Skule-Jo si side i konflikta med Heffermehl, skal ha gitt han ei heller kald mottakelse. Han vart berre i Gloppen til 1852, då han reiste til Bergen.[32]

Målrørsla

Anders Lothe skriv i Målreisingssoga i Sogn og Fjordane at "Gloppen kom tidleg og sterkt med i målrørsla"[33]. Fleire av lærarane var sterkt for målsaka; Lothe trekk mellom anna fram Gudbrand Henden, Jon Henden, Ola Sande og Jakob Lothe. Gloppens Mållag sende i 1905 eit framlegg til skulestyret i Gloppen om at Austlids Lesebok (på landsmål) måtte verte teke i bruk som lesebok i skulene i Gloppen. Skulestyret sende dette videre til krinsane med spørsmål om kva hovudmål dei ville nytte. Det nye hovudmålet var innførd frå hausten 1906 i dei krinsane som ønska det. I 1913 vedtok skulestyret at møteboka skulle førast på nynorsk. Sandane vart siste krinsen til å bytte målform i 1916.[33]

Gamle Breim Kommune

Eigen kommune frå 1886 til 1964.

Skulekrinsar i Breim

Krinsutvikling

Dei tre krinsane i Breim etter skulefundasen i 1743 var 1) Høgebygden (Bygdekrinsen), 2) Myklebustdalen og Eggedalen (Dalakrinsen) og 3) Nesstranda og Årdalen.[1] Ei ny skulelov i 1827 medførte ei nyordning av krinsane.[2] Den eldste møteboka etter skulestyret i Gloppen oppgir kva inndeling ein hadde i 1828.[3] Ein hadde då skuledistrikt, som igjen var inndelt i fleire rodar. Ein lærar veksla dermed på å halde undervisning i dei ulike rodane i kvart distrikt.

Krinsane frå 1828 var:

  • Byden:
    • 1. rode: Hundskard, Dahle, Kaale, Qvile, Stensager, Saarem og Hetle.
    • 2. rode: Skindlo, Øvresæter, Sætre, Hole og Felle.
    • 3. rode: Moldestad, Kleppe, Hollereyde, Hølo, Skrenne, Jordanger og Reed
  • Dalerne:
    • 1. rode: Møklebust, Kapperstad, Fossem, Sandal og Trorem.
    • 2. rode: Støve, Bjørnereim, Bjørkelo, Berjem og Teite.
    • 3. rode: Jelle, Strand, Gaasemyr og Egge.
  • Næsstranden med Aardalen og Raadeleden
    • 1. rode (Raadeleden): Stokke, Høylo, Bøe, Raad og Seime.
    • 2. rode (Aardalen): Frøystad, Bogstad (og inn til Førde?)
    • 3. rode (Næsstranden): Møkland, Ryg, Indre-Kandal, Midt-Kandal, Skarsteen, Ytre-Kandal og Næs.
Krinsutvikling 1743-2009
1743 1828 1845 1861 1869 1884 1890 1900 1910 1915 1922 1924 1928 1950-talet 1964 1968 1970 2009
Dalakrinsen Dalerne Myklebustdalen Myklebust / Bjørnareimkrinsen Myklebust Sandal Myklebust Breim Breim
Myklebust
Eggedalen Eggedal- / Bjørkelokrinsen Gaasemyr (Krins A) Gåsemyr Bergheim
Teiten (Krins B) Teiten
Hole / Sætre Hole
Bjørnarheim
Høgebygden Bygden Bygda- / Rekrinsen Høygardane (Dale) Reed Reed
Reed
Nesstranda og Årdalen Næsstranden med Aardalen og Raadalen Årdal Årdal Årdal
Førde Førde --> Jølster kommune
Nesstranda Nesstranda (Skarstein) Nesstranda Kandal Sandane (Gloppen)
Kandal

Med den nye krinsreguleringa i 1861, oppsto den krinsinndelinga som i stor grad vart gjeldande fram til ein begynte å slå saman skular på 60- og 70-talet. Kring 1890 vart Nesstranda (Skarstein skule) delt, slik at Kandal vart eigen krins. Førde krins vart lagt under Årdal krins i 1910, då skulestyret konkluderte med at talet på born var for lågt.[34]

Lærarar i Breim

 
Lærarane i Breim på skuletrappa, Framme f.v. Nils Bjørkelo, Ola Råd, Gabriel Reed, Ingebrikt Næss. Bak f.v. K. Svanheim?, Kristianne Glomnes, Karoline Skram Gåsemyr, Arne Hunskår, Kristi Myklebust, Krispinius Førde, Ingolv Bogstad. Foto: Olav Kvaale/Fylkesarkivet i Vestland (1921).

For lærarar tilsett etter 1890, sjå dei einskilde krinsane.

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Jon Bjørkelo Høygardane (omgangsskule) 1743
Peder Olson Bergheim Myklebustdalen og Eggedalen (omgangsskule) 1743
Rasmus Raad Årdal og Nesstrand (omgangsskule) 1743
Anders Kristenson Mardal 1784 Nessestrand, Årdal og Førde (omgangskule) Truleg 1801/1802 1841 Klokkar og skulehaldar i 40 år. Drukna i Breimsvatnet ved Årdalsstranda 1841.
Nils Jonson Myklebust[9] Dalekrinsen, Myklebust 1818 1839
Rasmus Larsson Hole (Gåsemyr)[9] 1806[35] Bygdekrinsen, Nesstrand 1831 1840 Bror av lærar Lars Hole.
Lars Larsson Hole[9] 1821[35] Bygdekrinsen 1846 (seinast 1852) Stord seminar 1844 Bror av lærar Rasmus (Hole) Gåsemyr.
Lars R. Gåsemyr[9] 1832 Bygdekrinsen, Nesstrand, Reed Nesstrand (1849-51), Reed (1854-) Stord seminar 1852 Brorson av lærar Rasmus Hole.
Gabriel Jørgenson Hauge Bygdekrinsen
Anders Torbjørnsson Teiten (Steinsåker)[9] Bygdekrinsen, Eggedal 1846
Nils R. Bogstad[9] Eggedalen, Myklebust 1845
Peder R. Torheim[9] Nesstrand 1846 1848
Arne Steinsåker[9] Nesstrand 1851 1858
Torbjørn Olson Teiten[9] Nesstrand 1858 Brorson til lærar Anders Teiten Steinsåker.
Per Felde Bjørnareim 1865 1890
Gabriel Reed d.e. Høygardane, Nesstranda 1865 1882
Mons Rye Høygardane, Nesstranda 1882 1887
Gudbrand Andersøn Henden 1866 Nessestrand og Sandane (Gloppen) Nessestrand krins 1887-1894 og Sandane krins (Gloppen) 1894 1927 Stord lærerskole 1886
Gabriel G. Reed[35] 1869 Myklebust, Reed Myklebust (?), Reed (1892-1925) 1925 Hamar lærarskule 1889
 
Breim lærarlag på tur til Nesstøylen i Kandal (1924). Foto: Olav Kvaale / Fylkesarkivet i Vestland.


 
Lærarane i Breim på Myklebustsstøylen i 1926. Foto: Olav Kvaale / Fylkesarkivet i Vestland.

Framhaldsskule

Firda Gymnas vart stifta i 1922.

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 1,2 Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1978. Digital versjonNettbiblioteket. Side 584-592.
  2. 2,0 2,1 Skoleloven 1827
  3. 3,0 3,1 Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890. Side 2-3.
  4. Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjonNettbiblioteket. Side 108-109.
  5. 5,0 5,1 Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjonNettbiblioteket. Side 480.
  6. Lov om Almueskolevæsenet paa Landet (1860)
  7. Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890. Side 37-38.
  8. Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjonNettbiblioteket.
  9. 9,00 9,01 9,02 9,03 9,04 9,05 9,06 9,07 9,08 9,09 9,10 9,11 9,12 9,13 9,14 9,15 9,16 9,17 Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. no#. 1943. Digital versjonNettbiblioteket. Side 79-169.
  10. Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890. Side 38.
  11. Lov om Folkeskolen paa Landet, dat. 26de Juni. (1889)
  12. Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1890-1927. Side 4-6.
  13. Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. no#. 1943. Digital versjonNettbiblioteket. Side 115.
  14. Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1947-1957
  15. Firdaposten 1953.08.21. 19530821. Digital versjonNettbiblioteket.
  16. Firda 1969.06.03. 19690603. Digital versjonNettbiblioteket.
  17. Firda 1980.02.19. 19800219. Digital versjonNettbiblioteket
  18. Firdaposten 1979.12.20. 19791220. Digital versjonNettbiblioteket.
  19. Firda 1968.08.06. 19680806. Digital versjonNettbiblioteket.
  20. Firda 1995.06.10. 19950610. Digital versjonNettbiblioteket.
  21. Sogn avis 1995.06.19. 19950619. Digital versjonNettbiblioteket.
  22. Firda 2000.02.29. 20000229. Digital versjonNettbiblioteket.
  23. Firda 2007.12.19. 20071219. Digital versjonNettbiblioteket.
  24. Wikipedia: Vestre Hyen skole
  25. 25,0 25,1 Firda 2009.01.09. 20090109. Digital versjonNettbiblioteket.
  26. Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjonNettbiblioteket.
  27. Lov angaaende Almue-Skolevæsenet paa Landet
  28. 28,0 28,1 Lothe, Anders A.. Striden millom sokneprest Jørgen Meier Heffermehl og Skule-Jo. Kjømeistarboka etter Skule-Jo. Utg. Sogelaget. no#. 1950. Digital versjonNettbiblioteket.
  29. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037366002491
  30. Jul i Nordfjord. no. 2021. Digital versjonNettbiblioteket.
  31. Bergens Adressecontoirs Efterretninger 1850.10.09. 18501009. Digital versjonNettbiblioteket
  32. Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjonNettbiblioteket.
  33. 33,0 33,1 Lothe, Anders A.. Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Utg. Firda lærarlag. 1950. Digital versjonNettbiblioteket.
  34. Møtebok for skulestyret i Breim, 1902-1926. Side 32-33.
  35. 35,0 35,1 35,2 Breim kyrkje 100 år 9. juli 1986. Utg. Soknerådet. no#. 1986. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane. (Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1978. Digital versjonNettbiblioteket.)
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane. (Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjonNettbiblioteket.)
  • Lothe, Anders A.. Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Utg. Firda lærarlag. 1950. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Lothe, Anders A.. Striden millom sokneprest Jørgen Meier Heffermehl og Skule-Jo. Kjømeistarboka etter Skule-Jo. Utg. Sogelaget. no#. 1950. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. no#. 1943. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Breim kyrkje 100 år 9. juli 1986. Utg. Soknerådet. no#. 1986. Digital versjonNettbiblioteket.
  • "Kvinnelege pionerar i læraryrket i Gloppen" i Jul i Nordfjord. no. 2021. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905 Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
  • Sogn Avis
  • Firdaposten
  • Avisa Firda
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1890-1927
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1927-1947
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1947-1957
  • Møtebok for skulestyret i Breim, 1845-1899
  • Møtebok for skulestyret i Breim, 1890-1902
  • Møtebok for skulestyret i Breim, 1902-1926
  • Møtebok for skulestyret i Breim, 1926-1961
  • Møtebok for skulestyret i Breim, 1961-1963
  • Autorisert protokoll for Nordstrandens skuledistrikt (Indre Nordstranden), 1830-1845
  • Extrakt-protkoll for Indre Nordstranden og Austrheim krins, 1845-1915

Digitale kjelder


  Skulehistorie i Gloppen er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.