Skulehistorie i Jostedalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. des. 2012 kl. 19:17 av Oddloho (samtale | bidrag) (→‎Frå to til fem krinsar: sjå og lærarar...)
Hopp til navigering Hopp til søk

Den offentlege skulestellet i Jostedalen (no Luster kommune) vart grunnlagd med skulefundasen for Jostedal prestegjeld dagsett 17. oktober 1741.[1] Den aldrande klokkaren Ole Knutson Grov vart tilsett som skulehaldar og skulle få hjelp av husmannen Klaus Olson.

Frå to til fem krinsar

Etter få år vart det langstrekte prestegjeldet delt i to skulekrinsar, "Øvre distrikt" og "Nedre distrikt".

Inndelinga stod ved lag til midt på 1800-talet då dei to distrikta vart delte opp i fem nye krinsar, som i 1880- og 90-åra fekk skulehus:

Sjå òg Lærarar i Jostedalen (1741-1940)

Samanslåinga i 1962

Det gamle skulehuset på Bjørk vart med åra nedslite og for lite etter kvart som barnekulla auka. Dei fyrste planane i 1938 gjekk ut på å byggje eit nytt og større skulehus, og desse planane vart tekne fram att etter krigen, men det var usemje om kvar skulen skulle byggjast.

Midt i 1950-åra var det planar om ein ny felles skule forkrinsane Myklemyr, Sperle og Kreken. Riksvegen var betre enn før, og planane om framhaldsskule gjorde ei samanslåing meir aktuell. I 1957 var skulehuset på Bjørk så dårleg at helserådsordføraren greip inn og stengde huset, og det nye heradshuset i Sagarøy vart teke i bruk som mellombels skule. Det vart no reist spørsmål om skulen burde flyttast over elva til Mosevollen sidan eit nytt skulehus skulle ha framhaldsskule for alle fem krinsar attåt folkeskule for dei tre nedste krinsane. Skuledirektøren og departementet kom på synfaring og godkjende både krinsreguleringa og at skulen skulle byggjast på Mosevollen.

Fallande elevtal og den nye skulelova av 1959 gjorde at spørsmålet om ein felles skule for alle fem krinsar vart aktuelt att. I 1960 kom det eit framlegg om å slå saman alle fem krinsar, men plasseringa valda framleis problem. Dei gamle alternativa var Bjørk eller Mosevollen, men ei plangruppe kom no med ideen om å byggje skulen på Gjerde. Dette alternativet vart sett i samanheng med planane om veg og bru frå Krekane til Gjerde.

Krinsrøystingane hausten 1960 enda med at krinsane Mjølverdalen, Krundalen, Kreken og Sperla samrøystes tilårdde samanslåing til ein skulekrins. Myklemyr krins ville sjå det i samanheng med den komande kommunesamanslåinga. Krinsen ville som alternativ 1 slå saman dei fire fremste krinsane til ein krins og ha ein skule i Myklemyr som òg femnde om Vigdalen, Alsmo og Leirdalen i grannekommunen. Alternativ 2 var å gå inn i ein felleskrins i Jostedalen, men då ikkje med skulehus lenger framme enn Mosevollen.

I skulestyret 20. oktober 1960 røysta 6 av 7 for samanslåing til ein krins. I val av skulestad fekk Gjerde 4 røyster medan Mosevollen, Sagarøy og Myklemyr fekk ei røyst kvar. Ingen røysta såleis for Bjørk. Men Bjørk kom inn att som alternativ då kommunestyret hadde saka føre i februar 1961. Men det gjekk enno over halvtanna år før kommunestyret avgjorde saka endeleg. Det trudde kommunestyret det hadde gjort på møtet 6. desember 1962. Då røysta 7 for Bjørk, 4 for Gjerde og 2 for Mosevollen. Men det skulle vere 2/3 fleirtal i slike saker, og fylkesmannen godkjende difor ikkje vedtaket. Kommunestyret måtte difor ha saka opp på eit nytt møte 27. desember 1962. Utfallet vart det same: Bjørk fekk 7 røyster, Gjerde 3 røyster og Mosevollen 2 røyster. Dermed var plasseringa avgjort på det aller siste kommunestyremøtet i gamle Jostedal kommune. Frå 1. januar 1963 var Jostedalen ein del av den nye storkommunen Luster.

Det stod enno ikkje noko skulehus klart som kunne ta imot alle fem krinsane, så samanslåinga skjedde gradvis og vart fullført då den nye Jostedal skule på Bjørk var ferdig i 1968. Sjå dei einskilde skulane for detaljerte opplysningar om samanslåinga i 1960-åra.

Etter dette har Jostedalen vore ein eigen skulekrins i Luster kommune. Med grunnskulelova i 1969 vart den sjuårige folkeskulen avløyst av ein niårig folkeskule. Fram til 1975 gjekk elevane 6 år på Jostedal skule og 3 år på den nye Luster ungdomsskule som stod ferdig i Gaupne i 1970. Etter søknad fekk Jostedalen ha 7. klassingane på Jostedal skule frå 1975, og denne ordninga stod ved lag til 1989. Frå då har jostedølene gått alle tre ungdomsskuleåra i Gaupne.

Notar

  1. Skulefundasen 1741, Jostedal historielag

Litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.