Skulemuseet i Lisser

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Telluriet utstilt i Skulemuseet.
Foto: Arnfinn Kjelland (2011)

Skulemuseet i Lisser er ei avdeling av Lesja bygdemuseum, etablert i 1985 på Lisser litt vest for Lesjaskog kyrkje.

Museet ligg i den vestre delen av Tandseterstugu og inneheld eldre skulemateriell frå omgangsskuletida (før slutten på 1800-talet i Lesja) og ting som har vore vanlege i fastskulen oppover mot nyare tid: kart, mange eldre plansjar, lærebøker og materiell til sløyd- og fysikk-undervisning. Mellom det eldste er ein ransel eller skulesekk som ei trekasse med skinnreimer.

Skulemuseet inngår i Kulturminneområdet kring Lesjaskogskyrkja.

Kjelder

  • Årsmeldingar i Årsskrift for Lesja historielag
  • Mølmshaug, Sigrun 1991: Tandseterstugu - skulemuseet på Lisser. i Årsskrift for Lesja historielag side 13-16.

Koordinater: 62.2322594° N 8.344289° Ø