Skulen min

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skulen min er eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Målet er å samle kjelder og informasjon om skulehistoria i ein digital portal.

Bakgrunn

Det er mange ulike kjelder som fortel om skulehistoria, mellom anna katalogar, foto, gjenstandar, brev, dokument og forteljingar. Desse verdifulle materielle og immaterielle kulturminna finn ein hjå musea, arkiva, lokale organisasjonar eller andre, men ikkje alltid lett tilgjengeleg. Det er viktige kjelder til kunnskap som ikkje når ut til folk på ein god nok måte.

Fleire kulturaktørar i Noreg jobbar med å opne opp og tilgjengeleggjere kulturdata.[1] Dette vil vi både bygge vidare på og dra nytte av i dette prosjektet. Målet er å digitalisere og tilgjengeleggjere meir materiale i dei opne nasjonale kulturdatabasane samtidig som vi i vår portal hentar ut skulestoff på tvers av fagområde.

Prosjektet vil prioritere perioden frå den første skulelova kom i 1739 til kommunesamanslåingsperioden på midten av 1960-talet. Både tilgang til kjeldemateriale og personvernsomsyn vil legge føringar for kva som vert digitalisert og formidla. Den første skulelova frå 1739 vart kalla ««Forordning Om Skolerne paa Landet i Norge» og omfatta faga kristendom, lesing, skriving og rekning. Det var skuleplikt for alle over 7 år «som kand søke skole» og dei skulle halde på «i det mindste indtil de ere 10 à 12 Aar gamle».[2] Med fastskulelova i 1860 vart det bygd mange skulehus og tilsett mange fleire lærarar.[3] Gjennom 18- og 1900-talet kom fleire nye skulelover og denne utviklinga kan vi spore gjennom arkiva og historia. Fylkesarkivet sit på skulearkiv fram til kommunesamanslåingane på midten av 1960-talet.

Status

Prosjektet har fått 1 225 000 kroner i støtte frå Riksarkivet (2015, 2016 og 2017), samt 150 000 kroner frå Statens Vegvesen. Prosjektleiaren er tilsett i nærings- og kulturavdelinga i fylkeskommunen og resten av arbeidsgruppa kjem frå Fylkesarkivet.

Hyllestad er pilotkommune. Kommunen er spreiddbygd og rimeleg stor i omfang, med busetnad både ved innland og kyst. Korleis folk budde, speglar skulestrukturen og dette ynskjer vi å få fram. I ein pilot kan ein prøve, feile litt og justere kursen undervegs. Gjennom samarbeid med Hyllestad kommune, sogelaget og engasjerte eldsjeler jobba vi hausten 2015 både med å kartlegge og digitalisere skulehistoria i Hyllestad, og med å utarbeide metodikk for prosjektet vidare.[4]

Den digitale skuleportalen Skulen min er under utvikling. Målet er å presentere informasjon frå ulike datakjelder basert på geolokasjon. Så langt har vi fått på plass mykje innhald frå www.lokalhistoriewiki.no og bilete frå www.flickr.com. Vi har laga oppsett for uttrekk av data både frå www.digitaltmuseum.no og www.kulturminnesok.no, men desse nasjonale tenestene har problem med sending av data til Norvegiana, som er løysinga vi har bygd prosjektet på. Vi jobbar også med å få på plass datauttrekk frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, noko som også har vore vanskeleg grunna omlegging og omstrukturering av databaseløysingane. Vi har så langt fått eit eige API for fylkesarkivet sine foto, og skal etter kvart forsøke å gjere det same for Kulturhistorisk leksikon. Digitale forteljingar frå www.digitaltfortalt.no skulle spele ei viktig rolle i prosjektet, men få månader etter at vi starta opp i 2015 vart denne tenesta lagt ned på kort varsel. Vi har forsøkt å sjå på alternative løysingar ved bruk av www.vimeo.com og www.soundcloud.com. Vi jobbar med å vidareutvikle gode løysingar her. Dessverre har det ikkje vore så beint fram som planlagt å hente ut data frå den nasjonale digitale infrastrukturen for kulturdata. Dette viser eit tydeleg behov for å jobbe vidare med dette nasjonalt og regionalt i åra som kjem.

Oversikt over skulehistoria i kommunane i Sogn og Fjordane

(Sortert etter kommunenummer)

Samarbeidspartnarar

Hovudpartnarar:

Økonomisk støtte:

Andre samarbeidspartnarar:

Kontaktperson

Prosjektleiar: Sigrun Espe sigrun.espe@sfj.no

Referansar