Skulestaden Volda

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Volda lærarskule ca 1950
Foto: Johan J. Nerbøvik

Skulestaden Volda er ei nemning som blir brukt om tettstaden Volda som eit tyngdepunkt innan høgare utdanning utanom dei store byane i Noreg.

Ein trekkjer gjerne røtene attende til presten Hans Strøm, via Sivert Aarflot og Ivar Aasen fram til den første høgare skulen vart etablert i 1861:

Voldens høiere Almueskole med annecteret Dannelses-anstalt for Almueskolelærere.

Alt frå 1840-åra vart det på Søre Sunnmøre arbeidd med å forbetre nivået til omgangsskulelærarane. I spissen stod prestane, og først var det forsøkt å få til ein slik skule i Herøy. Men frå midt i 1850-åra var det presten og kommunestyret her i Volda som arbeidde fram plan og søknad om å få etablere ein høgare allmueskule – nærast ein framhaldsskule – i kombinasjon med ein «Dannelsesanstalt» for omgangsskulelærarar.

Denne kom i drift frå 1861, og skulen dreiv i knapt 20 år til ho vart avvikla av forskjellige grunnar. I denne perioden vart det utdanna om lag 250 omgangsskulelærarar her.

I 1895 kom så den neste institusjonen:

Voldens Privatseminarium

seinare Volda lærarskule, Volda lærarhøgskule og i dag ein del av Høgskulen i Volda. Lærarskulen vart etablert av Aage Stabell og – først og fremst – Henrik Kaarstad. Den var altså privateigd, og gjekk inn i ein meir omfattande tradisjon av kristelege privatseminar, som frå kring 1890 vart oppretta som motvekt mot påverknad frå dei frilyndte, grundtvigianarane.

Frå 1908 vart Kaarstad eineeigar fram til staten tok over skulen i 1924. Kaarstad heldt fram som rektor til han døydde i 1927, og deretter tok Erling Kristvik over. Han sette djupe spor etter seg som reformpedagog, etter krigen som professor ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim.

I 1923 var lærarskulen i Volda den største i Skandinavia med over 400 elevar.

Lærarskulane vart omgjort med ny lov om allmennlærarutdanning i 1973, og vart da «pedagogiske høgskular». Volda tok ikkje i bruk lærarhøgskulenamnet før i 1980, da Noregs lærarhøgskule gjekk inn i Universitetet i Trondheim.

DH-skulen i Volda

Da distriktshøgskulesystemet vart vedteke i 1969 og dei tre første DH-ane skulle lokaliserast, var det i utgangspunktet ingen som tenkete seg anna enn at desse institusjonane skulle plasserast i byar. Så Kristiansand og Stavanger var sjølvskrivne. Men særs aktivt lobbyarbeid førte òg ein DH-skule ut på landsbygda, hit til Volda. Og argumenta var språkleg-kulturelle. Ei lang rekkje universitetsfolk skreiv under på ein appell til dåverande k-u-minister Kjell Bondevik, der det m.a. heitte:

«Det må ikkje bli slik at alle universitet og dh-skular blir lagde i by- og bokmålsmiljø. Vi er alle tente med at det kulturelle mangfaldet i landet våre blir tatt vare på. Plasseringa av dh-skulane er derfor ei landdsak, der alle kulturelle og sosiale grupper (m.a. nynorskgruppa) må bli tatt omsyn til på ein rettvis måte.»

Dermed havna den tredje dh-skulen til Volda.

Og i 1994 nådde ein det førebelse sluttpunktet med samanslåinga av lærarhøgskulen og DH-skulen til:

Høgskulen i Volda

som ein kan lese meir om her.

Litteratur

Bergem, Peder (red.) 1995: Forkynning. Fellesskap. Forsking. Volda lærarskule 1895-1995.