Slåtterøy fyrstasjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. okt. 2013 kl. 07:40 av Høvås (samtale | bidrag) (Ny side: Beliggenhet: Bømlo kommune, Hordaland Opprettet: 1859 Status: Automatisert og avbemannet 2003 Funksjon: Kystfyr Eier: Staten v/ Kystverket Vernestatus: Fredet etter lov om kulturmi...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Beliggenhet: Bømlo kommune, Hordaland

Opprettet: 1859

Status: Automatisert og avbemannet 2003

Funksjon: Kystfyr

Eier: Staten v/ Kystverket

Vernestatus: Fredet etter lov om kulturminner

Medlem av Norsk Fyrhistorisk Forening

Tekst og bilder: Venner av Slåtterøy fyr

Kystfyret på Slåtterøy vart oppretta i 1859. Her vart sett opp eit 25 meter høgt støypejernstårn og bygd bustad, uthus, naust og steinlagde vegar.

Slåtterøy fyrstasjon var heim for tre fyrvaktarfamiliar. I 1958 vart familiane sette i land, medan vaktarane fekk hyblar på fyret.

1. juli 2003 vart stasjonen avfolka. No rår sauene, måsen og vinden grunnen, under sveipet av landets sterkaste fyrlys.

Slåtterøya ligg ytst mot Selbjørnsfjorden, mellom Bergen og Haugesund, like utanfor den gamle handelsstaden ved Brandasundet i Bømlo kommune.

Fyrfolka var einaste fastbuande på øya. Ho tilbyr variert landskap, vekslande mellom lynghei, grasmark og kvitskurte berg. Den søre delen av øya er i privat eige og har vore nytta til slåtte- og beiteland til dags dato.

På den statlege eigedommen er no kulturlandskapet freda av Riksantikvaren som eit kulturhistorisk og arkitektonisk verdfullt anlegg tilknytt sjøfart, fyrvesen og kystkultur.

Ny bruk: Venner av Slåtterøy fyr.

Overnattingstilbud. Omvisning etter avtale.

Se mer om norske fyrstasjoner på Norsk fyrhistorisk forenings sider www.fyr.no

Se også: Eli J. Ellingsve. 2007. Finn et fyr. Tapir Akademisk forlag

Kystverket. 2009. Landsverneplan for Maritim Infrastruktur.