Småbruk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nørdre Bysjet i Skjåk.
Foto: Hans P. Hosar (2010).

Småbruk er vanleg nemning for ei lita drifts- og bustadeining i jordbruket, ein liten gard som ikkje eller berre så vidt kan brødfø ein familie utan attåtnæringar. I statistikken har småbruk gjennomgåande vore definert som særskilt skyldsette bruk med mellom 5 og 50 dekar innmark. Jordbrukseiningar under fem dekar har vore kalla boligbruk, arbeidarbruk, tomtebruk og liknande. I den øvre delen er det glidande overgang mellom småbruk og gardsbruk, og kriteriane for nemningsbruken vil variere mellom anna etter lokale tilhøve.

Nemninga

Nemningane småbruk og småbrukar fekk allmenn utbreiing fyrst på 1900-talet, manifestert ikkje minst ved namnet på Norsk småbrukerforbund (seinare Norsk Bonde- og Småbrukarlag) som vart skipa i 1913, og ved namneskiftet frå Den norske Arbeiderbruk- og Boligbank til Den norske Småbruk- og Boligbank i 1915. «Teknisk Ugeblads arkitektafdeling» skal ha gitt ut ein publikasjon Smaabruget paa Landbrugsudstillingen i 1907. I Ordbog over det danske sprog er det eldste eksempelet på førekomsten av «småbrug» frå 1908.

Men nemningane er monaleg eldre, iallfall i Noreg. Det eldste hittil registrerte belegget er frå 1822, hjå Jens Kraft i Det søndenfjeldske Norge (1822),[1]. P.C.Holbye skriv i 1836 om «Husmændshytter og elendige Smaabrug».[2] Eilert Sundt nytta «Smaabruger» i Folkevennen i 1859. Frå og med 1850-åra kan ein elles etter måten jamt støyte på bruken av Smaabrug/Smaabruger i samtidig litteratur. Eit fritekstsøk etter «Smaabrug*» på NBdigital[3] gjev til saman 72 treff i tidsrommet 1850-1900.[4]

Jordbruksteljinga 1929 delte bruka inn i følgjande kategoriar etter areal innmark (dyrka jord pluss naturleg eng):[5]

  • Inntil 2 dekar: boliger
  • 2,1-5 dekar: boligbruk
  • 5,1-20 dekar: småbruk
  • 20,1-50: småbruk og gardsbruk
  • 50,1- : gardsbruk

Den glidande overgangen mellom småbruk og gardsbruk innan kategorien 20-50 dekar blir utdjupa slik: «Et bruk skal regnes for gårdsbruk når det er så vidt stort at der holdes hest utelukkende eller overveiende for brukets skyld. Nogen bestemt arealgrense kan vanskelig opstilles, men i almindelighet vil et bruk på opimot 30 dekar innmark opfylle disse betingelser.»[6]

Utbreiinga

Høykjøring på småbruket Nyland, NordliaToten.

Mykje av bakgrunnen for at nemninga småbruk fekk gjennomslag på byrjinga av 1900-talet, var den sterke veksten i talet på slike einingar på den tida. Frå 1865 til 1907 hadde det vorte 20 000 fleire sjølvstendige bruk med mindre enn 20 dekar innmark. Ved det siste tidspunktet kunne ¾ av alle skyldsette bruk over 5 dekar reknast som småbruk (under 50 dekar innmark).[7] Auken kom for ein stor del av at mange husmannsbruk vart særskilt skyldsette og kjøpte til sjølveige.

Fram til andre verdskrigen stimulerte styresmaktene på ymse vis framveksten av småbruka, mellom anna ved gunstige kredittordningar. Bureisingsrørsla i 1920- og 1930-åra vart støtta av sentrale og kommunale styresmakter så vel som av private organisasjonar. Bureisinga skapte meir enn 10 000 nye bruk, og mange av desse kan reknast som småbruk.

Etter andre verdskrigen tok utviklinga ei anna vending. Det vart lagt vekt på rasjonalisering i jordbruket, som ein rekna med vart fremja ved utvikling i retning av færre og større bruk. I nokre bygder vart likevel småbruka favoriserte framfor dei større gardane når såkalla tilleggsjord skulle fordelast, i samband med at mindre bruk vart nedlagde.[8]

I 2009 var det om lag 157 000 landbrukseigedomar med bustadbygningar på i Noreg. Av desse var om lag halvparten småbruk med 5-50 dekar dyrka mark. Men bortimot 1/3 av desse småbruka var heilt fråflytta eller berre brukt til feriebustad og liknande.[9]

Kjelder og litteratur

  • Feiring, T., Rovde, O., Tøsse, S.: Den norske småbrukaren 1913-1988. Samlaget 1988.
  • Holbye, P.C.: De formeentlige Aarsager til den norske Landmands uheldige Skjæbne siden Aaret 1814, Christiania 1836.
  • Kraft, Jens: Det søndefjeldske Norge, Christiania 1822 (bd. 2 av Topographisk-Satistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge)
  • Statistisk sentralbyrå, jordbruksstatistikk.

Notar

  1. Kraft, J. 1822, digital utgåve på NBdigital, side 132
  2. Holbye, P.C. 1836, digital utgåve på NBdigital, side 34
  3. Søkeside på NBdigital
  4. Språkrådet ved Dag Finn Simonsen sette oss på sporet av nemningshistoria i e-post til NLI 18.11.2010.
  5. Jordbruksteljinga 1929, hefte 3, NOS VIII 171, tabell 2
  6. Jordbruksteljinga 1929, hefte 4, NOS VIII 188, s. 28
  7. Den norske småbrukaren 1913-1988 s 15.
  8. Dette skjedde mellom anna i Østre Toten på 1960-tallet. Kommunen var Arbeidarparti-styrt, og småbrukarane var ein viktig del av veljargrunnlaget.
  9. Statistisk sentralbyrå