Smettbakstølane (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 15:54 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Koordinater: 60°29′58″ N 8°4′41″ Ø


Mal:Thumb høyreStølane øvre og nedre Smettbak låg voll i voll ved Smettbakgrovi på Ustaoset, Hol kommune. Ved gardssyn på Slåtta, Ustedalen, i 1746 er nedre Smettbak nemnd blant stølane som høyrde til garden. Slåtta var den gongen i Lars Knutson Slåtta sitt eige. I 1793 er øvre Smettbak nemnd til nedre Uthus, Ustedalen, då Torkjell Hermoson øvre Uthus selde garden med mellom anna Smettbakstølen til Rasmus Olson nedre Uthus. Men Torkjell Hermoson øvre Uthus kjøpte stølen tilbake i 1794. Kring hundreårsskiftet vart det strid om odelen til garden, og Rasmus vart i 1803 frådømd garden. To år seinare stemnde den nye eigaren, Lars Knutson nedre Uthus, Tolleiv på odelen til Smettbakstølen. Det vart forlik om at Tolleiv skulle levere stølen til Lars, men det kan ikkje ha vorte noko av. I 1866 selde Sigrid, enka etter Pål Arneson Hallsteinsgard, øvre Smettbak ved skøyte til Svein Olson Slåtta. Slåtta vart då eigar av heile Smettbakstølen. Gudrun Sveinsdotter øvre Slåtta og mannen Sigurd Hallsteinsgard overtok garden i 1940 og støla på Smettbak til 1963. Steinbuene for båe stølane sto enno på 1970-talet.

Sjå også

Oversyn over setrer på Ustaoset.

Kjelder