Smia på Brennene

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. sep. 2017 kl. 08:11 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Smia på Brennene.
Foto: Margrete Berge Feidje
Inne i Smia på Brennene.
Foto: Margrete Berge Feidje

Smia på Brennene i Feios, Vik kommune, var den største ljåsmia i Sogn. Den fyrste me kjenner til som brukte smia var Brenne-Jo, Jon S. Dræge. Han var smed på Brennene på 1870-tallet. Gudvin Tveit dreiv smia fram til 1940-tallet.

Me reiste opp på Brennene for å intervjua Jostein Tveit. Jostein er einebarn og son til Gudvin og Milla Tveit. Saman med kona Anna Tveit, har Jostein no ein stor familie. Intervjuet med Jostein Tveit om smia på Brennene er ein del av Feios kulturløype.

Intervju med Jostein Tveit

Me ville snakka med Jostein om den gamle smia i uthuset. Dette var den største ljåsmia i Sogn. Far til Jostein dreiv smia fram til 1940. Jostein var sjølv med nokre gonger i smia frå han var 15 år gammal. Jostein fortalte om eigne minner og historier han hadde frå far sin, Brenne-Jo, Jon S. Dræge. Han var smed her på Brennene ca. 1875-1876. Han reiste da til Bergen ein tur, men kom ikkje att til Feios. Folk her i bygda trudde han hadde reist til USA. Men det synte seg seinare at han hadde reist til nord- Noreg, til Andenes.

1877 kjøpte bestefaren min og broren hans Brennene, som før hadde vore plassmann under "Haoanilsgarden" på Feidjane. Johannes og Sjur kom frå garden Tveit.

Smia er innvendig slik som ho var då dei overtok. Dei starta opp med Ijåsmiing og anna gardssmiearbeid. Far min fortalde mykje frå den tida. Det vart fortalt at smia på Brennene var den største Ijåsmia i Sogn. Det var fire mann i arbeid. To smedar og to oppslagarar. Etter nokre år skilde dei to brødrene lag. Sjur kjøpte seg gard på Helland, og dreiv ei lita smie der.

Da far min, Gudvin, var 14-15 år byrja han og faren Ijåsmiing. Det vart drevet med to smedar, og det var to avlar og to amboltar inne i smia.

På oppsida i ei svol var det to store belgar. Dei var 3 meter lange og 1,5 meter breie, og gav luft til avlane. For å få god varme i avlen så jernet vart godt oppvarma måtte dei bruka kol, smedkol.

På 1930-talet slutta bestefar som smed, og då var det han far som dreiv aleine. Han var ein særs god og omtykt smed, som fekk til det meste. Alt frå møkakjerrer til hestasledar laga han. Eg kan hugsa at var det ein regndag så var smia full av bønder som kom med redskap som skulle vølast. Han far var god å ta til med mykje. Her kom dei med hestar som skulle skoast. Han far kveste skoane i smia og så var det ut på tunet for å feste skoene til hestene.

Dette var noko av det Jostein foralde om smia. Han legg til at smia ikkje er i bruk idag.



Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Smia på Brennene er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.