Snillfjord kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Snillfjord
Fil:Snillfjord komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1613
Fylke Sør-Trøndelag
Kommunesenter Krokstadøra
Areal 18.47  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 18.47  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Målform nøytral
Nettside Nettside

Snillfjord (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽ] el. ["sniʎ.ˌfjɷ:ɾ]), oftast kalla Snillfjorden (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:’ṇ] (Mal:NA), ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽa] (Mal:D)) er ein kommune i det tidlegare Fosen futedømme i Sør-Trøndelag fylke. Kommunen grensar til Agdenes i nordaust, til Orkdal i søraust og til Hemne i vest; og på nordsida av Trondheimsleia grensar Snillfjord til Hitra. Snillfjord var opprinnelig del av Hemne kommune, men vart utskilt som eigen kommune tidlig på 1900-talet. Seinare vart den austlige delen av Heim kommune lagt til Snillfjord.

Geografi

Snillfjord kommune dannar overgangen frå innlandet til kysten og det opne havet med sine fjell, fjordar og lange strandliner. Kommunen er populær som feriestad med gode muligheiter for jakt, fiske og friluftsliv.

Jordbruksareal i drift utgjer 13,5 km², eller 2,8 % av totalt areal. Produktivt skogareal utgjer 90,5 km², som svarar 18,8 % av totalt areal. 16 km² av totalarealet i kommunen er ferskvatn.

Kommunen er delt opp av fleire fjordar og fjell — noko som fører med seg store avstandar mellom småstadene, men som gjev mange naturskjønne område òg. Snillfjord har ein sterkt desentralisert struktur; tettstadene Sunde, Krokstadøra og Ytre Snillfjord er nokolunde jamstore. Krokstadøra er definert som sentrum i kommunen, med avstand på kring 35 km både til Ytre Snillfjord og til Sunde. Avstanden frå Krokstadøra til Trondheim er 75 km.

Riksveg 714 går gjennom kommunen på veg frå Orkanger via Hitratunnelen til øyane Hitra og Frøya.

Samfunn

Religion

Den norske kyrkja

Snillfjord er ein del av Hemne prestegjeld og har vore eige sokn sidan sist i 1890-åra. Fram til den tida sokna folk i Snillfjorden til hovudkyrkja i Hemne, og frå 1884 dels til kyrkja i Heim. I 1898 vart det bygd eiga kyrkje her, og ho vart innvigd den 27. september 1899. På den tida vart òg Snillfjord utskilt som eige sokn.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet for Snillfjord kommune er eit greip i sølv på grøn botn og symboliserer handverks-, sjø- og landbrukstradisjonar. Bakgrunnen for dette valet var at greipet i tidlegare tider var bruka både i tradisjonelt landbruk og til hausting av tang og tare, og dessutan viser det til dei gode handverkstradisjonane i kommunen. Greip vart i tidlegare tider laga av trevirke.

Kommunevåpenet vart laga etter ein idékonkurranse, og det valte kommunevåpenet er laga etter ein idé av Jim Bye frå Hallset ved Trondheim og bearbeidd etter heraldiske kriterium av Einar Skjervold frå Trondheim. Våpenet vart godkjent i kommunestyret i 1990, og vidare i Kommunaldepartementet den 17. september same året og endeleg stadfesta av Fylkesmannen i Sør-Trøndelag i skriv av 19. september 1990.

Kjente snillfjordingar

Lenkjer

Mal:Sør-Trøndelag


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Snillfjord» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.

Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Snillfjord» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.