Sogeskrift frå Hyllestad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sogeskrift frå Hyllestad vert utjeve av Hyllestad Sogelag i Sogn og Fjordane.

Hyllestad Sogelag vart opphavleg skipa 25. november 1975. Etter nokre år sovna laget inn, men grunnlaget for Sogeskrift frå Hyllestad var lagt.

Sogelaget vart reorganisert i januar 2000. Sidan har sogeskriftet komme ut jamnleg, som fyldige hefter med mykje lokalhistorisk stoff.

Sogeskrift frå Hyllestad er ei hovudoppgåve for laget, men Hyllestad Sogelag er også med i andre aktivitetar; slikt som «Kulturvandringar» i samarbeid med Folkeakademiet i Hyllestad og andre frivillige lag.

Alle årgangane av "Sogeskrift frå Hyllestad" er no digitaliserte av Nasjonalbiblioteket og er åpent tilgjengelige for lesing på Nasjonalbiblioteket si nettside, under kategorien Tidsskrift.

Kjelder og litteratur