Sogndal folkehøgskule: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 43: Linje 43:
*[[Knut Magnusson Frøyset]] (1870-åra)
*[[Knut Magnusson Frøyset]] (1870-åra)
*[[Laurits Kronen]] (ca. 1900)
*[[Laurits Kronen]] (ca. 1900)
*[[Hallvard Hesjevoll]] (ca. 1920)


==Kjelder og litteratur==
==Kjelder og litteratur==

Sideversjonen fra 5. jan. 2013 kl. 09:28

Sogndal folkehøgskule på Nes i Sogndal (ca 1910). Til høgre Helgheimsstova, no på De Heibergske Samlinger - Sogn folkemuseum. Til venstre Hauge-huset som framleis står på skuleområdet.

Sogndal folkehøgskule (Sogndals folkehøiskole) vart skipa i 1871 av presten Jakob Liv Rosted Sverdrup i Sogndal i Sogn og Fjordane. Dette var ein av dei fyrste folkehøgskulane i Noreg og kan reknast som den eldste som framleis er i drift. Skulen, som vart skipa på pietistisk grunnlag, har òg vore eit sentrum for målreisinga i Sogn og Fjordane.

Pietistisk grunnlag

Dei fleste andre tidlege folkehøgskulane i Noreg var grunnlagde på grundtvigiansk livvsyn og pedagogikk. Det galdt både den fyrste, Sagatun folkehøgskule på Hamar (1864) og den viktige Vonheim folkehøgskule, skipa av Christopher Bruun (1867) (Sel i Gudbrandsdalen, seinare Gausdal).

Jakob Sverdrup høyrde til det tonegjevande kristelege miljøet som var kritisk til grundtvigianismen. Den såkalla Hærem-komiteen, driven av presten Peter Lorentzen Hærem, ein ven av Sverdrup, arbeidde for å skipa folkehøgskular på eit pietistisk, luthersk grunnlag. Sverdrup hadde reisestipend frå kongen i 1869 som han nytta til eit studieopphald på danske folkehøgskular. I 1870 søkte han Hærem-komiteen om tilskot til å skipe ein folkehøgskule, og han var den fyrste som fekk tilskot frå komiteen.

Skipinga

Den 9. oktober 1870 sende Sverdrup søknad til Sogndal kommune om tilskot til høgskulen, og han gjorde det klart at han også hadde hatt kontakt med folk i Nordfjord og Hardanger om å leggej skulen dit. Heradsstyret i Sogndal løyvde 20 spd til skulen, og Sverdrup la skulen her. Sogndal sparebank ytte òg støtte.

Den 9. januar 1871 opna skulen. Folkehøgskulen hadde 30 elevar fyrste året, og tilskota frå Hærem-komiteen danna eit viktig grunnla for drifta i starten. Då ordninga med amtsskular kom i stand i 1875, fekk folkehøgskulen tilskot og status som amtsskule for Sogn. Dette sikra økonomien til skulen og gav han eit langt sterkare økonomisk grunnlag enn andre folkehøgskular. Det lutherske grunnlaget for skulen var viktig for denne støtta.

Skulen heldt fyrste året til i den gamle sorenskrivargarden på Loftesnes og deretter tre år på Bahus i Sogndalsfjøra.

Seinare utvikling

I 1874 vart teologen Henrik Mohn Dahl lærar ved skulen. Han kom frå ein velståande bergensfamilie og hadde nyleg fått ein stor arv. Dette sette han i 1875 i stand til å byggja ei ny skulestove til skulen på Nes ved Loftesnessundet der skulen ligg i dag. Han kalla staden Helgheim, og Helgheimsstova har i dag ein sentral plass på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

I 1875 vedtok Stortinget at det skulle skipast amtsskular og stilte midlar til rådvelde, og Sverdrup søkte då straks om tilskot. Amtstinget i Nordre Bergenhus gav skulen tilskot frå 1876-77 og gjorde såleis Sogndal folkehøgskule til amtsskulen i Sogn. Dette vart òg viktig for å sikre det økonomiske grunnlaget for skulen.

Jakob Sverdrup kom inn på Stortinget i 1876 og overtok prestekallet i Leikanger i 1878. Frå det året vart Dahl formelt styrar etter å ha fått eit stadig større ansvar for drifta sidan han byrja. Dahl var skulestyrar til 1896. Etterfølgjaren til Dahl, Olav Hauge, kunne i 1905 oppsummera at "for sogningarne stend det so, at Sogndals folkehøgskule, det er H. M. Dahl sin skule". Dahl var ugift og hadde stor hjelp av den ugifte systera si, Metta Dahl, i den daglege drifta.

I 1908 vart medlemsorganisasjonen Sogn Høgskulelag skipa som støtteorganisasjon for skulen. Styrarane hadde til då vore eigarar av folkehøgskulen, men i kring 1920 vart dette øknomiske ansvaret så tyngande at Sogn Høgskulelag finansierte eit kjøp av skulen for 125 000 kr med 38 medlemer som garantistar. Sogn Høgskulelag har sidan vore eigar av skulen.

Folkehøgskulen vart raskt etter starten etablert som eit danningssentrum og eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn. Skulestyrarane og lærarane hadde gjerne framståande posisjonar i samfunnet, somme òg som stortingsrepresentantar, og ei lang rekkje ungdom frå sognebygdene fekk si viktigaste utdanning og kulturelle fostring her.

Sentrum for målreisinga

Folkehøgskulen var etablert i erklært opposisjon til dei grundtvigianske folkehøgskulane, men i praksis var skilnaden mindre enn ordbruken skulle tilseia. Skilnaden vart endå mindre under Dahl og dei seinare styrarane. I august 1882 skipa folkehøgskulen til eit landsmålskurs for lærarar - eit av dei fyrste i landet. Skulen etablerte seg på denne tida som eit viktig sentrum for målreisinga i Sogn og er truleg ein viktig del av forklaringa på det tidlege gjennombrotet for nynorsk i regionen. Skulen hadde oftast 50-90 elevar årleg dei tre fyrste tiåra. Frå 1890-91 gjekk jenter og gutar i lag på vinterkursa.

Skulestyrarar

Lærarar

Personar som har gått på skulen

Kjelder og litteratur