Sollia (veg i Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. des. 2018 kl. 20:24 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sollia hytteveg sett sørover frå Lifjellvegen.
Foto: Roy Olsen (2018).

Sollia er eit område og ein hytteveg på Lifjell i Bø kommune. Vegen går i ei boge til og frå Lifjellvegen på vestsida av denne.

Vegen har namn etter lokaliteten og blei namnsett i 2013, han er 395 m lang og stengd med bom i øvre enden. Nedre del er stengd og avvikla som bilveg.

Vegen blei anlagt i 1960-åra som avlastningsveg for hovudvegen. Han blei i byrjinga kalla «Rundkjøyringa». Hytteeigarane fann på namnet «Sollia» på området, og det er det som ligg til grunn for vegnamnet.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Aslaug Farnes: Notat til sak om nye vegnamn på Lifjell. Teknisk eining, Bø kommune, Arkivnr. K2-L32, 19. juni 2013.


Koordinater: 59.47565° N 9.01817° Ø