Solvang (Bykle gnr 15/93)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. mar. 2017 kl. 23:54 av Siri J (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Solvang
Gjerden 62n.jpg
Solvang pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1981
Utskilt: 1981
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 93
Type: Bustadeigedom

Solvang i Bykle er ein kommunal tomannsbustad som vart oppførd i 1981. Dei fyrste som budde i det større av dei to husværa her var Håkon og Helene Fredly, som var her til 1983, då dei flutte til Woltsbu, bnr 48. Der er dei framleis (2006), så dei får nærare omtale der.

Dei neste til å taka over bustaden var Ole Gunnar Gauslå og Merete Tråsdahl, som budde her frå 1985 til 1990. I det sistnemnde året flutte dei til Myggbo, bnr 77, som dei då hadde kaupt. Dei er nærare omtala der.

Familien Eide/Krogh kom hit i 1992, og budde her til 1997.

Kvinna ved rokken får representere teikningane av Tove Krogh i denne bolken av soga.
  • Gunnar Eide, f 1952
g m Tove Krogh, f 1957. Born:
  • Johan, f 1987
  • Ida, f 1989
  • Andreas, f 1991

Gunnar Eide er frå Stavanger, og son åt Nils og Janne Eide. Han er barnevernspedagog, og var sosialkonsulent i Bykle kommune. Tove Krogh er frå Thyholm, Danmark, og dotter åt Erna og Jens Nielsen. Ho er kunstmålar og grafikar, og har levert ei lang rekkje originalteikningar til bygdeboka. Familien Eide/Krogh flutte i 1997 frå Bykle til Søgne. Der er dei framleis (2006).

Ekteparet Jon Lund Hansen og Anne Holm Jonassen flutte inn her i 1997, og vart her til hausten 2000, då dei flutte til Belglii 29 på Hovden. Dei får nærare omtale der.

Ho som overtok huset etter Lund Hansen og Jonassen var:

  • Sissel Iren Bakke, f 1962, ug

Sissel er frå Skjold i Vindafjord. Ho arbeidde med plan og utvikling i Bykle kommune frå januar 2001 til desember 2005. Sidan har ho budd i Arendal, og arbeidd for Aust-Agder fylke.

Etterfylgjaren hennes i planarbeidet i kommunen og i huset kjem frå Elgsjø i Femundtraktene.

  • Morten Elgaaen, f 1976

I den andre luten av tomannsbustaden budde kulturkonsulenten Astri Rysstad frå 1983 til 1989. Astri kaupte i det sistnemnde året Malmvegen 16 på Hovden, gnr 2, bnr 462, og flutte dit. Ho vert nærare presentert der.

Med det same etter Astri Rysstad veit me ikkje visst om her budde nokon, men Solveig Torstveit var her frå 1992 til 1995, i 1995 overtok Janne Vatnedalen husværet, og hausten 1997 kom bibliotekaren Anny Mandt, som har foreldra sine i grannehuset tvert over vegen, Gegabu, bnr 94. Ho budde her til ho flutte til Stavanger 2 år seinare. Sidan kjenner me ikkje til at det har vore nokon i dette husværet.


0941 Bykle komm.png Solvang (Bykle gnr 15/93) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Birkebok • Neste bolk: Gegabu