Sondre Norheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
I fødebygda Morgedal står Sondre Norheim og lengtar til bakkene. Statua av Knut Skinnarland vart avduka i 1988, og ei lik statue finst i Minot i Nord-Dakota.
Foto: Elin Olsen (2015).
Sondre Norheim. Frå Norske skiløpere, utg. 1957.
Morgedal med Sondre Norheim sin fødestad Øverbø lengst opp i lia. Frå Norske skiløpere, utg. 1957.

Sondre Ouversson Norheim (fødd 10. juni 1825 i Morgedal, død 9. mars 1897 i Nord-Dakota) var ein pionér i moderne skisport. Han vidareutvikla og eksperimenterte med utstyr og teknikk, og var ein framifrå skiløpar. Fødebygda Morgedal kallast ofte for skisporten si vogge, og mange tenker på Sondre Norheim som skisporten sin far.

Slekt og familie

Han var son av husmann og hattemakar Ouver Eivindsson (1798–1871) og Ingerid Sondresdotter (1797–1827).

Den 15. januar 1854 vart han gift med Rannei Åmundsdotter (1824–1913). Ho var dotter av leiglending Aamund Oleson og Hæge Olavsdotter. Paret fekk åtte born; ei dotter døydde femten veker gamal, medan dei andre vaks opp.

Liv og virke

Sondre vaks opp på husmannsplassane Øverbø og Kvæven i Morgedal. Som husmannssøner flest lærte han seg handverk, og særleg dreiv han og broren Eivind med treskjering og lafting. For å tene pengar til familien reiste dei ofte ut av bygda, og Sondre drog både rundt i Telemark og til Setesdal.

I Morgedal var skikøyring noko dei fleste dreiv med. Det var den greiaste og snøggaste måten å kome seg fram på på vinteren, men det var òg moro i ein hard kvardag. Sondre Norheim byrja tidleg å eksperimentere med nye bindingar. Ein nytta vidjespenningar for å feste skia, og Sondre fann ut at om ein la til ein ekstra vidjespenning rundt hælen sat skia betre fast. Ein kunne då ta telemarkssvingen, hoppe og køyre i brattare bakker. Å gå om kapp – langrenn – hadde dei gjort lenge, men no kunne dei òg finne på nye greiner å konkurrere i, eller berre more seg med. Slalåm – namnet tyder 'spor i helling' – vart utvikla i 1860-åra. Den barskaste formen for slalåm var uvyrdslåm, som gjekk føre seg i dei brattaste bakkane og hadde fleire hinder. Og den gongen var det ikkje ei plaststong som gav deg eit rapp over låret om du køyrde feil, det var stein og tre som ein kunne slå seg spent ihel mot.

Etter at Sondre Norheim i 1854 gifta seg med Rannei Åmundsdotter, budde dei ein tid på plassen Kasin. Dei flytta så ein del rundt, inntil dei rydda plassen Norheim, som han tok namn etter.

Sondre Norheim fekk eit ry som skiløpar som spredde seg langt utafor Telemark. I 1868 vart han invitert til Christiania, der Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug skulle samle dei beste skiløparane til eit renn. Sondre var då 43 år gamal – godt over høgden om ein ser på dagens utøvarar. Han gjekk i tre dagar frå Morgedal til Christiania, og stilte så i rennet. Løypa gjekk over St. Hanshaugen, ved Gamle Aker kyrkje og over Iverløkka, og det var vekslande terreng med fleire hopp. Det gjekk ikkje berre på tid, men òg stil. Domarar sto rundt om i løypa og gav karakter for løp, gange, holdning og stavbruk. Karakterane vart lagt saman og vurdert opp mot tida. Sondre vann førstepremien på ti spesiedalar. I avisene sto det at trea ved Iversløkka skalv når han hoppa. Den då 17 år gamle Fritz Huitfeldt, ein annan viktig skipioner, skreiv seinare at Sondre opne ein ny æra i skisporten.

Han vart i 1870 invitert til eit oppvisingsrenn i Christiania. På denne tida var det ein stor diskusjon i avisene, særleg i Morgenbladet og Fædrelandet, om skisporten. I hovudstaden undra ein seg over at telemarkingar var så mykje betre enn andre. Sondre Norheim sitt utstyr vart granska, og stilen hans vart standarden som Centralforeningen streva mot. I 1871 og 1875 gjekk han renn i Christiania. Han var no ikkje lenger den beste, for alderen gjorde sitt. Men han var framleis modellen for ein moderne skisport.

Den gongen gjekk det ikkje an å leve av å vere skiløpar. Ein pengepremie eller nokre dalar for ei oppvising rakk ikkje langt, og sponsorar var noko som låg langt inn i framtida. Det var som husmann at Sondre Norheim måtte livnære seg, og som så mange andre husmenn sleit han i 1870- og 1880-åra. I mai 1884 var det auksjon på Norheim; dei sleit med å betale festeavgifta. Det tok ikkje lang tid før heile familien drog til Amerika. Vi finn Sondre Norheim i emigrantprotokollen for Christiania med utreisedato 30. mai 1884.[1] Dei hadde då tre ungar: Åmund, Talleiv og Anne. Dei kom først til Minnesota, der fleire andre frå Morgedal hadde funne ein ny heimstad. Så reiste dei etter nokre år vidare til Villard i Nord-Dakota. I 1888 underteikna Sondre Norheim ein intensjonserklæring om å verte amerikansk borgar, og i 1891 fekk han eit jordstykke av staten.

Han døydde i Denbigh i Nord-Dakota i 1897. Enka Rannei Åmundsdotter levde til 1913.[2]

Ettermæle

Sondre Norheim er eit av dei viktigaste namna i skisporten sin historie. Han er ikkje berre eit nasjonalt ikon og Morgedal sin store helt; han er òg kjend i andre delar av verda.

Han vart æra under opnings-seremoniane i tre gonger, då vart og OL-fakkelen tend på fødestad Øverbø i Morgedal: Oslo i 1952, Squaw Valley i 1960 og Lillehammer 1994. Maskoten til dei paralympiske spela i 1994 var oppkalla etter han. Morgedal idrettslag eig i dag plassen. Ingen av bygningane frå hans tid står att, men stua han bygde på Kasin etter at han gifta seg er flytta til Øverbø og er open for besøkande. Den nye stua står på grunnmuren etter stua Sondre Norheim vart fødd i.

Eit anna slag ettermæle står oldebarnet[3] Pam Nordheim for. Ho deltok i skiskyting internasjonalt for USA fleire gonger, i 1988 var ho med i verdenscupen i Holmenkollen på 5 km sprint og 10 km individuell. I 1992 vann ho 15 km individuelt under verdscupen på Fagernes.[4]

NRK laga i 1970 filmen Frikaren på ski – The history of Sondre Norheim, the Father of Modern Ski Sport. Sondre Norheim vart gravlagt ved Norway Lutheran Church and Cemetery i Denbigh i 1897, og grava var lenge umerka. Først i 1965 vart han identifisert og merka, og under Norsk Høstfest vitjar grupper grava hans samstundes som ein minnestund vert halden.

I Minot i Nord-Dakota finst fleire hedersbevis. I 1984 var han ein av dei fem fyrste innlemma i Scandinavian-American Hall of Fame under høstfesten, i 1987 vart det sett opp ei statue av han i Scandinavian Heritage Park, og året etter vart ei identisk statue sett opp i Morgedal. Statuane er laga av Knut Skinnarland. Så, i 1993, vart Sondre Norheim Eternal Flame Monument avduka i Scandinavian Heritage Park, og skiløparen Lars Berge Haugan frå Morgedal tente flamma.[5]

Det er fire stader i Noreg der ein finn vegar oppkalla etter han: Sondre Norheims veiKongsberg, Sondre Norheims veg i Skien, Sondre Norheims gate i Stavanger og på Ullern i Oslo Sondrevegen og Nordheimbakken.

Referansar/notar

  1. Sondre O. Norheim i Emigranter over Kristiania 1867-1927, tilleggsliste fra Digitalarkivet
  2. Påstanden om at ho døydde 104 år gamal i 1929 er ikkje rett, sjå artikkelen om Rannei Åmundsdotter.
  3. «Did You Know That ...» på Telelaget.com, lest 2017-08-19.
  4. «Pam Nordheim» på Skisport365.com, lest 2017-08-19.
  5. A Torch for the XVII Olympic Winter Games (Lillehammer, Norway, 1994)

Litteratur og kjelder