Sophie Reimers

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Søsknene Arnoldus Reimers og Sophie Reimers fotografert i 1891 i rollene som Dagny og Ørnulf i Ibsens Hærmendene på HelgelandChristiania Theater.
Foto: Ludwik Szacinski /Oslo Museum

Petra Sophie Christine Alette Reimers (fødd 19. april 1853 i Bergen, død 9. april 1932 i Oslo) var skodespelar, i en årrekke tilsett ved Christiania Theater og seinare ved Nationaltheatret.

Familie

Foreldra til Sophie Reimers var Claus Severin Frimann Reimers (1808–1870) frå slekta Reimers og Severine Cathrine Lem (1816–96) frå slekta Lem. Sjølv var ho ugift heile livet. Ho var syster til skodespelaren Arnoldus Reimers.

Merk at kjeldene spriker når det gjeld fødselsår, dei nemner både 1853 og 1854. Artikkelen i NBL og fleire samtidige nekrologar seier 1853, men folketelljingane i 1875 og 1900 oppgjer 1854. På gravminnet står og årstalet 1854. Men i henhold til kyrkjeboka vart ho døpt i 1853, så dette er mest truleg det riktige årstalet for hennar fødsel.

Liv

Reimers debuterte på Den Nationale Scene i 1879. Etter to år i Bergen vart ho tilsett på Christiania Theater. Da teatret vart lagt ned i 1899, vart ho same året tilsett på Nationaltheatret. Der var ho til ho døydde.

Etter kvart vart ho Nationaltheatrets Grand Old Lady og fekk dei rollene ho ville ha.

Ettermæle

Sophie Reimers er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Gravminnet oppgir feilaktig 1854 som fødselsår, det riktige skal vera 1853.
Foto: Stig Rune Pedersen (2015)

Sophie Reimers er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Nemninga Skuespillerinde er nytta på gravminnet.

Kjelder og litteratur