Sotra

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. jun. 2015 kl. 14:54 av Stigrp (samtale | bidrag) (korrigerer med bakgrunn i SNL)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sotra, gjerne kalt Store Sotra, er ei øy i Hordaland fylke, med et areal på 178,6 kvadratkilometer. Den søre delen høyrer til Sund kommune og den nordre til Fjell kommune. Aust for Sotra ligg den mindre øya Litlesotra, 16,7 kvadratkilometer, der Straume, dagens kommunesenter i Fjell kommune, ligg.

Tydinga til namnet Sotra er uviss. Truleg er namnet særs gammalt. På norrønt vart det skrive Sotr og Sótr. Gunnstein Akselberg, som har skrive om namnet i band I av Fjell bygdebok, peikar på to rimelege tolkingar, som begge viser til sterke straumar kring øya. Namnet kan anten koma av verbet sjoda, som tyder syda eller koka, eller av verbet suga.

Namneforma Sartor stammar frå 1600-talet, og er ei dansk forvansking av Sotra.

Fram til 1800-talet utgjorde Sotra og dei kringliggjande øyane Sartor skipreide. Øya var delt i to kyrkjesokn: Sund i sør og Fjell i nord.

Litteratur