Spanterøter og bjelkekne

Spanterøter og bjelkekne. Spanterøter i doblingspant var den vanlege måten å binde saman dei to sidene på kravellbygde båtar med. Rota har ein lang og ein kort arm. Den lange er del av stamma på treet, og den korte er den beste armen på rota. Her er innsikta frå dei som er på skogen, og som vel den beste rotarmen som er avgjerande. Den lange armen var gjerne rundt 2 meter, og den korte rotarmen kunne også vera over 1 meter. Ein lang arm gir eit betre omskot på skøytane, men her er det naturen som set begrensninga. Med tømmerbreidd i spantet på 6 eller 7 tommar, så trongst det store røter. Å få fram slike røter er tungt arbeid, då er erfaring og teknikk medverkande til eit godt resultat. Det var ikkje berre røter som kunne brukast, men også store greiner eller andre former for vinkel på stamma.

Frå Jakob S. Bjørkedal sin reserve av greinvinklar og krokar

Der treet stod i jord måtte det gravast rundt så dei fekk hogge av teger og smårøter. Stod dei på ein stein eller ein fjellnabb, kunne det vera lettare å kome til for å hogge. Det måtte sjølvsagt vurderast kva for rotarm som skulle nyttast. For å legga treet vart det ofte nytta talje. Hadde dei ein roleg hest kunne dei nytte hesten til å drage på løparen.

Røtene som var brukte på Vik kom ofte frå Bjørkedalen. Dei hadde fleire generasjonars erfaring i dette arbeidet. På 1700-talet var det arbeid ofte heile året å ta røter og kappe opp til tjørebrenning. Dette jordarbeidet i skogen var vel den direkte årsak til den naturleg forynging furuskogen på Bjørkedalen har hatt. Var det eit nabotre til det som vart teke til rot, som også høvde å felle var det ein fordel. Det ga meir lys til skogbotnen så nye tre kom opp. Røter til båtbygging er såleis berre ein del av denne greia. På 1950-talet vart det sagt at prisen på ei spanterot var rundt 50 kr.

I tillegg til spanterøter trongst nokre mindre røter eller vinklar til bjelkekne. Der var armane rundt 70-80 cm. Her var det vel oftast store greiner som vart nytta. Bjelkeknea var plasserte med ein arm mot bjelken, og den andre om mulig mot to spantetoppar. Sida på kneet låg ned på bjelkevegar. Det var to boltar gjennom bjelken, og to gjennom spanta og huda. Oftast var desse boltane klinka. Det bør nemnast at mellom kjølsvin og stilk er det trong for ei god rot eller greinvinkel, og sameleis nokre bindingar ved stemna.

Kjelder