Sperla (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
m ({{nn}}) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 12: | Linje 12: | ||
| sokn = [[Jostedalen sokn|Jostedalen]] | | sokn = [[Jostedalen sokn|Jostedalen]] | ||
| kommune = [[Luster kommune|Luster]] | | kommune = [[Luster kommune|Luster]] | ||
| fylke = [[ | | fylke = [[Vestland fylke|Vestland]] | ||
| gnr = 189 | | gnr = 189 | ||
| bnr = | | bnr = |
Sideversjonen fra 21. jan. 2020 kl. 08:37
Sperla | |
---|---|
Alt. namn: | Sperle |
Stad: | Jostedalen |
Sokn: | Jostedalen |
Fylke: | Vestland |
Kommune: | Luster |
Gnr.: | 189 |
Sperla (Luster, gnr. 189) er ein matrikkelgard og ei grend i Jostedalen, Luster kommune. Matrikkelgarden ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot Fossen og i nord mot Nedrelid.
Sperla var òg namnet på ein skulekrins og ein skule i Jostedalen fram til 1968 (sjå Sperle skule).
Bruk
Sperla vart delt fyrste gongen i 1661. Dei to eldste bruka har i dag bnr. 1 og bnr. 4. Dei vart delte på ulike vis og samla fleire gonger, men til slutt delte for godt i 1861.
Andre frådelingar:
- Bnr. 2 Øvre Sperle (Garen) - fråskild med ein part frå bnr. 1 og ein frå bnr. 4 den 26.5.1887
- Bnr. 3 Øyane (Sperløyane) - fråskild bnr. 1 den 18.5.1846
- Bnr. 5 Nordre Sperle - fråskild bnr. 1 den 26.5.1926
Det er vidare utskilt kring 7 tomter.
Husmannsplassar
Plassar i tilknyting til gamletunet i Sperla:
- Garen (Øvste Sperle) - var opphavleg ein parsell som vart overførd frå Nedrelid til Sperla i 1660-åra og seinare gjekk inn i dei skiftande brukseiningane i Sperla. Teken i bruk på nytt som plass i 1730-åra, frå 1764 under bnr. 1, frå 1861 under bnr. 4. Fråskild som bnr. 2 den 26.5.1887
- Knurrøyane (Sperleflaten) - rydda 1832, øyde 1856-76, nedlagd 1882, plass under bnr. 1
- Vikolaplassen - rydda kring 1799, plass under bnr. 1, nedlagd 1848
- Sperløygarden - rydda 1827, plass under bnr. 1, nedlagd kring 1862. Plassen låg nord for hovudtunet der brua til Krokgilja i dag går over
Plassar i Sperløyane-/Fossøyane-området:
- Moen - rydda i 1820-åra, plass under bnr. 1, frå 1846 under bnr. 4, nedlagd kring 1853. Om lag her vart bnr. 3 Øyane fråskild i 1887
- Grindi (Grindeflaten) - rydda 1830, nedlagd kring 1870. Plassen låg på Sperla-sida av det som i dag utgjer grenda Fossøyane
Kjelder og litteratur
- «Sperla» i folketeljinga 1801 (Digitalarkivet)
- Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 172-207. (Digital utgåve, NBdigital)
- «Sperla», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane