Sperla (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m ({{nn}})
Ingen redigeringsforklaring
Linje 12: Linje 12:
| sokn          = [[Jostedalen sokn|Jostedalen]]
| sokn          = [[Jostedalen sokn|Jostedalen]]
| kommune      = [[Luster kommune|Luster]]
| kommune      = [[Luster kommune|Luster]]
| fylke        = [[Sogn og Fjordane]]
| fylke        = [[Vestland fylke|Vestland]]
| gnr          = 189
| gnr          = 189
| bnr          =  
| bnr          =  

Sideversjonen fra 21. jan. 2020 kl. 08:37

Sperla
Sperla.JPG
Alt. namn: Sperle
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 189

Sperla (Luster, gnr. 189) er ein matrikkelgard og ei grend i Jostedalen, Luster kommune. Matrikkelgarden ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot Fossen og i nord mot Nedrelid.

Sperla var òg namnet på ein skulekrins og ein skule i Jostedalen fram til 1968 (sjå Sperle skule).

Bruk

Sperla vart delt fyrste gongen i 1661. Dei to eldste bruka har i dag bnr. 1 og bnr. 4. Dei vart delte på ulike vis og samla fleire gonger, men til slutt delte for godt i 1861.

Andre frådelingar:

  • Bnr. 2 Øvre Sperle (Garen) - fråskild med ein part frå bnr. 1 og ein frå bnr. 4 den 26.5.1887
  • Bnr. 3 Øyane (Sperløyane) - fråskild bnr. 1 den 18.5.1846
  • Bnr. 5 Nordre Sperle - fråskild bnr. 1 den 26.5.1926

Det er vidare utskilt kring 7 tomter.

Husmannsplassar

Plassar i tilknyting til gamletunet i Sperla:

  • Garen (Øvste Sperle) - var opphavleg ein parsell som vart overførd frå Nedrelid til Sperla i 1660-åra og seinare gjekk inn i dei skiftande brukseiningane i Sperla. Teken i bruk på nytt som plass i 1730-åra, frå 1764 under bnr. 1, frå 1861 under bnr. 4. Fråskild som bnr. 2 den 26.5.1887
  • Knurrøyane (Sperleflaten) - rydda 1832, øyde 1856-76, nedlagd 1882, plass under bnr. 1
  • Vikolaplassen - rydda kring 1799, plass under bnr. 1, nedlagd 1848
  • Sperløygarden - rydda 1827, plass under bnr. 1, nedlagd kring 1862. Plassen låg nord for hovudtunet der brua til Krokgilja i dag går over

Plassar i Sperløyane-/Fossøyane-området:

  • Moen - rydda i 1820-åra, plass under bnr. 1, frå 1846 under bnr. 4, nedlagd kring 1853. Om lag her vart bnr. 3 Øyane fråskild i 1887
  • Grindi (Grindeflaten) - rydda 1830, nedlagd kring 1870. Plassen låg på Sperla-sida av det som i dag utgjer grenda Fossøyane

Kjelder og litteratur

  • «Sperla» i folketeljinga 1801 (Digitalarkivet)
  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 172-207. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Sperla», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane