Språk i Møre og Romsdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Språksituasjonen i Møre og Romsdal er prega av fleire kulturskilje. Nordmøre med sin nordmørsdialekt hører historisk og språkleg sett til Trøndelag og trøndermåla, medan Sunnmøre med sin sunnmørsdialekt hører historisk og språkleg til Vestlandet og dei vestlandske dialektane. Romsdal med sin romsdalsdialekt kjem i ei mellomstilling, med tjukk l og det nordafjelske trekket apokope i fleirstavingsendingar, og ordskatten hører klårt til det trøndske kulturområdet; men svekkinga av både infinitiv av jamvektsverb og ubunden form av jamvektssubstantiv knyt romsdalsmålet opp mot dei vestnorske dialektane. I dei austlege delene av Nordmøre viser dessutan sørsamisk språk seg — både i noverande samiske stadnamn og varierande grad av samisk språkbruk i reindrifta i Trollheimen, så vel som i samiske element i eldre stadnamn utover mot kysten og Trondheimsleia. Målsaka står sterkt i store deler av fylket, og på Sunnmøre (der Ivar Aasen kom frå), i Romsdal og på Indre Nordmøre, står nynorsk sterkt. På Ytre Nordmøre så vel som kring byane Molde og Ålesund står bokmål sterkare. I Kristiansund, fødebyen til Arnulf Øverland, har tradisjonelt riksmål relativt sterk støtte.