Språkskiftet til nynorsk i Heidal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. apr. 2017 kl. 07:02 av Kallrustad (samtale | bidrag) (lenkje til Heidal kommune)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Språkskiftet til nynorsk i Heidal skjedde nokså mykje med eitt slag i 1933. Da gjorde skulestyret i Heidal kommune vedtak om skifte av skulemålet i alle tre krinsane i bygda, Nedre Heidal, Midtre Heidal og Skogbygda. I meldinga om dette i målavisa Den 17de Mai, heiter det: «Det er arbeidarpartiet med ordførar og lærar Ivar Dahle i brodden som har æra av denne målsigeren.» [1] Kommunestyreprotokollen vart ført på nynorsk, noko som nok også hadde samanheng med at Dahle sat som ordførar der frå 1913 til 1938, med unntak av perioden 1925-1928.

Referansar

  1. Sitert i Hovdan-protokollen.

Kjelder og litteratur

  • Hovdan-protokollen: Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195.. Handskriven protokoll av Peder Hovdan, nå i Arkiv for norsk målreising, Ivar Aasen-tunet i Ørsta.
  • Teigum, Ivar: Bygdebok for Vågå og Sel. Band 4: Sel og Heidal på 1900-talet. Sel kommune og Vågå kommune 2009.

Mal:Spire1

Spraakskifte.png Språkskiftet til nynorsk i Heidal er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.