Språkåret 2013

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 16:10 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Saa2013-logo-farge-fa.jpg

Språkåret 2013 er eit jubileumsprosjekt med utgangspunkt i at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan opninga av Det Norske Teatret. Prosjektet var initiert av og er organisatorisk forankra i Nynorsk kultursentrum, med statstøtte frå Kulturdepartementet. Målet er å feire språklege skilnader og mangfald, og å fokusere ikkje berre nynorsken, men også bokmålet, samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk.

Det Norske Teatret i Kristian IVs gate, 2006
Foto: Hans A. Rosbach
Ivar Aasen. Teikning av Olav Rusti

Språkåret vart offisielt opna av kulturminister Hadia Tajik den 2. januar 2013 ved eit arrangement i kulturhuset Kilden i Kristiansand. Tidspunkt og stad var bestemt av at Det Norske Teatret hadde si fyrste framsyning i Kristiansand torsdag den 2. januar 1913.

Organisering

Nynorsk kultursentrum har arbeidd systematisk med Ivar Aasen-jubileet frå 2002. Våren 2007 vart ideen om språkåret fyrste gong drøfta i styret. Regjeringa løyvde hausten 2010 midlar til eit utviklingsprosjekt. Styret i Nynorsk kultursentrum oppnemnde ei styringsgruppe, og tilsette Jens Kihl som prosjektleiar. Styringsgruppa bestod av følgjande:

Oppnemningane var personlege, det vil seie at medlemmene ikkje formelt representerer dei institusjonane dei er tilknytta. Språkåret er heller ikkje eit offisielt statleg arrangement. Det har reist seg kritiske røyster, fyrst og fremst frå Riksmålsforbundet,[1] mot å gje eit nynorskforankra jubileumsarrangementeit offisielt preg.

Styringsgruppa og prosjektleiar la fram si tilråding som Nynorsk kultursentrum slutta seg til i januar 2012. Senteret påtok seg ansvaret for vidare planleggjing og gjennomføring. Men språkåret skulle vere eit sjølvstendig tiltak klårt skilt frå verksemda elles ved senteret. Det er tilsett eit sekretariat på tre personar ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Målsetjing

På nettsidene til Språkåret 2013 er målasetjinga for arrangementet formulert slik:

  • Skape større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarar og større aksept for den språkdelte norske kulturen
  • Gjere også bokmålsbrukarane stolte av den nynorske skriftkulturen
  • Få fram meir kunnskap om, og skape større respekt for urfolkspråk, minoritetsspråk, innvandararspråk og teiknspråk
  • Setje den norske språksituasjonen inn i internasjonale og samanliknande perspektiv
  • Skape breiare kontakt mellom språkpolitiske aktørar med felles interesser på tvers av språkgrenser og etnisitet

Referansar

  1. For eksempel i intervju med leiar i Riksmålsforbundet i P2 3. januar 2012

Kjelder og litteratur