Ståle Dyrvik: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Lagt inn flere kategorier om bostedskommune + lenke)
(Tilleggskategoriar)
Linje 14: Linje 14:
[[Kategori:Personer fra Bergen kommune]]
[[Kategori:Personer fra Bergen kommune]]
[[Kategori:Historikere]]
[[Kategori:Historikere]]
[[Kategori:Lokalhistorikere fra Hordaland]]
[[Kategori:Bygdebokforfattere]]
[[Kategori:Historisk demografi]]
[[Kategori:Historisk demografi]]
[[Kategori:Norsk historisk leksikon| ]]
[[Kategori:Norsk historisk leksikon| ]]
[[Kategori:Fødsler i 1943]]
[[Kategori:Fødsler i 1943]]
[[Kategori:Professorer]]
[[Kategori:Professorer]]

Sideversjonen fra 15. okt. 2009 kl. 10:52

Ståle Dyrvik (fødd 26. oktober 1943 i Vågan) er professor i historie ved Universitetet i Bergen.

Dyrvik er blant dei fremste ekspertane i landet på historisk demografi. Han vart cand. philol frå Universitetet i Bergen 1971 med hovudfagsoppgåve om befolkningsutviklinga i Etne i Hordaland 1660-1801. Etter hovudfaget heldt han fram med studiar i Paris i 1971-1972 under Louis Henry, familierekonstitusjonsmetodens far. Han hadde forskingsstipend frå 1972-1974, og har sidan da vore knytta til Universitetet i Bergen, frå 1988 som professor i tidleg nytids historie.

Dyrvik har vore sterkt engasjert i lokalhistorisk verksemd. Han har gjeve ut fem band bygdebøker for Etne i Hordaland (1968-1995), eit arbeid han framleis er engasjert i. Frå det vart oppretta i 1985 til 2002 sat han i det rådgjevande «edb-utvalet» for Norsk lokalhistorisk institutt. Han har gjort mykje for at elektronisk databehandling skulle takast i bruk også i lokalhistoria, spesielt innan sjangeren gards- og slektshistorie, mellom anna ved å vere med på å lage dataprogrammet Ættesoge. Han har skrive artiklar i den utvida og reviderte utgåva av Norsk historisk leksikon frå 1999.

Ved sida av vitskaplege avhandlingar har Dyrvik gjeve ut lærebøker i historie og demografi og stått bak enkeltband i historiske samleverk for eit breitt publikum. Av publikasjonslista kan nemnast: Den lange fredstiden 1720–84 (Cappelens Norgeshistorie 1978), Historisk demografi (1983), Mellom brødre 1780–1830 (Aschehougs Norgeshistorie 1996), Truede tvillingriker (bd. III, perioden 1648-1720, i det felles dansk-norske verket Danmark-Norge 1380-1814, 1998)