Ståle Dyrvik: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 5: Linje 5:
Dyrvik har vore sterkt engasjert i lokalhistorisk verksemd. Han har gjeve ut fem band bygdebøker for [[Etne]] i Hordaland (1968-1995), eit arbeid han framleis er engasjert i. Frå det vart oppretta i 1985 til 2002 sat han i det rådgjevande «edb-utvalet» for [[Norsk lokalhistorisk institutt]]. Han har gjort mykje for at elektronisk databehandling skulle takast i bruk også i lokalhistoria, spesielt innan sjangeren [[gards- og slektshistorie]], mellom anna ved å vere med på å lage dataprogrammet [[Ættesoge]].

Ved sida av vitskaplege avhandlingar har Dyrvik gjeve ut lærebøker i historie og demografi og stått bak enkeltband i historiske samleverk for eit breitt publikum. Av publikasjonslista kan nemnast: ''Den lange fredstiden 1720–84'' (Cappelens Norgeshistorie 1978),''Norsk økonomisk historie 1500–1850'' (1979), ''Historisk demografi'' (1983), ''Mellom brødre 1780–1830'' (Aschehougs Norgeshistorie 1996).

HIFOS anmelderpris for 2008

{{DEFAULTSORT:Dyrvik, Ståle}}
{{DEFAULTSORT:Dyrvik, Ståle}}

Sideversjonen fra 27. aug. 2008 kl. 09:25

Ståle Dyrvik (fødd 26. oktober 1943 i Vågan) er professor i historie ved Universitetet i Bergen.

Dyrvik er blant dei fremste ekspertane i landet på historisk demografi. Han vart cand. philol frå Universitetet i Bergen 1971 med hovudfagsoppgåve om befolkningsutviklinga i Etne i Hordaland 1660-1801. Etter hovudfaget heldt han fram med studiar i Paris i 1971-1972 under Louis Henry, familierekonstitusjonsmetodens far. Han hadde forskingsstipend frå 1972-1974, og har sidan da vore knytta til Universitetet i Bergen, frå 1988 som professor i tidleg nytids historie.

Dyrvik har vore sterkt engasjert i lokalhistorisk verksemd. Han har gjeve ut fem band bygdebøker for Etne i Hordaland (1968-1995), eit arbeid han framleis er engasjert i. Frå det vart oppretta i 1985 til 2002 sat han i det rådgjevande «edb-utvalet» for Norsk lokalhistorisk institutt. Han har gjort mykje for at elektronisk databehandling skulle takast i bruk også i lokalhistoria, spesielt innan sjangeren gards- og slektshistorie, mellom anna ved å vere med på å lage dataprogrammet Ættesoge.

Ved sida av vitskaplege avhandlingar har Dyrvik gjeve ut lærebøker i historie og demografi og stått bak enkeltband i historiske samleverk for eit breitt publikum. Av publikasjonslista kan nemnast: Den lange fredstiden 1720–84 (Cappelens Norgeshistorie 1978),Norsk økonomisk historie 1500–1850 (1979), Historisk demografi (1983), Mellom brødre 1780–1830 (Aschehougs Norgeshistorie 1996).