Stølan (Rånå)

Stølan er eit utmarksområde vest for Asbjørnsåa i Rånå i Lesja kommune. Her hadde Nigard Rånå frå gamalt seter, og det er knytt mange historier om hulder på staden (jf. Raanaa).

Steinmurar på Nedre Stølen.

Det må ha vore slutt på setringa i Rånå tidleg, truleg før hundreårsskiftet 1900. Da stoffet til boka Setrane i Lesja i teikning og tekst (1988) var samla inn, kom det ingen informasjon om drift her.

På norgeskart.no er det avmerkt tre stølar: Nedre, Midtre og Øvre, men det er berre på Nedre det er tydelege spor, og det har truleg berre vore ei seter her.

Bilde

Kjelde

Koordinater: 62.2462847° N 8.1206888° Ø