Stølan (Rånå)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. aug. 2019 kl. 09:56 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Stølan''' er eit utmarksområde vest for Asbjørnsåa i Rånå i Lesja kommune. Her hadde Nigard Rånå frå gamalt seter, og d…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Stølan er eit utmarksområde vest for Asbjørnsåa i Rånå i Lesja kommune. Her hadde Nigard Rånå frå gamalt seter, og det er knytt mange historier om hulder på staden (jf. Raanaa).

Det må ha vore slutt på setringa i Rånå tidleg, truleg før hundreårsskiftet 1900. Da stoffet til boka Setrane i Lesja i teikning og tekst (1988) var samla inn, kom det ingen informasjon om drift her.

På norgeskart.no er det avmerkt tre stølar: Nedre, Midtre og Øvre, men det er berre på Nedre det er tydelege spor, og det har truleg berre vore ei seter her.

Kjelde

  • Raanaa, Harald 2011: Litt frå Rånå-grenda. 271 s. Mal:Bokhylla

Koordinater: 62.237871° N 8.122329° Ø