St. Olafs kyrkje (Balestrand)

St. Olafs kyrkje, óg kalla Engelskkyrkja, er ei anglikansk kyrkje i Balestrand. Ho vart reist i 1897, og er ei etterlikning av ei stavkyrkje, men ho er reist med laft, ikke stavar.

St. Olafs kyrkje
Balestrand St. Olav 7.JPG
Sted: Balestrand
Byggeår: 1897
Via til: Olav den heilage
Arkitekt: Jens Zetlitz Monrad Kielland
Teknikk: Lafting
Materiale: Tømmer

Bakgrunnen for at det ligg ei engelsk kyrkje i Balestrand er stadens popularitet hjå engelske turistar på 1800-talet. Ei av dei var Margaret Sophia Green Kvikne, som var prestedotter og klatrepioner. Ho gifta seg i 1890 med Knut Kvikne, som var vert på Kviknes Hotel i Balestrand. Ho døydde der av tuberkulose i 1894, og på dødsleiet hadde ho røpa for mannen at ho hadde ein draum om å få ei engelsk kyrkje på staden. Knut æra dette ynskjet, og skilde ut ei tomt. To amerikanske kvinner ga store pengegåvar, og berre tre år etter Margaret Kviknes død kunne kyrkja innviast.

Rett innafor døra heng eit portrett av Margaret Kvikne. Kyrkja har óg ei fane med Olav den heilage, som ho er via til. Det er gudstenester i sommarhalvåret. Kyrkje er underlagt Den engelske kyrkjas bispedøme for verda utafor Storbritannia, med sete i London og titel biskop av Gibraltar.

Galleri

Kjelder


Koordinater: 61.207569° N 6.534369° Ø