St. Peter kyrkje (Stranda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Flyfoto med omtrentleg omriss av kyrkjetomta.

St. Peter kyrkje var ei kyrkje på garden Opsvik (tidl. Oksvik) på Stranda i Møre og Romsdal. Kyrkja blei truleg bygd alt på 1000-talet og nemnd som soknekyrkje på 1400-talet. Kyrkja eller kyrkjestaden var i bruk seinast i 1570-åra. Kyrkja og soknet var nedlagt i 1589 då den ikkje er nemnd i kyrkjerevisjonen dette året, men både på 1700 og 1800-talet var det framleis synlege restar etter kyrkja. I 1876 målte Peder Fylling opp kyrkjetufta til 8x10 meter, og ein steinkross hadde stått vest for kyrkja nokre år tidlegare. Delar av tufta etter kyrkja og deler av fundamentet for kyrkjegardsmuren er framleis synleg som såkalla crop-marks, dvs. variasjonar i vegetasjonen.

Historisk belegg

Kyrkja er første gong nemnd i "Af. En gml. ætleg", AM. 22b fol 104, ofte omtalt som Sunnmørsætlegga. Der heiter det at "Arnljot Gaddabein som tok vid kristni och resti kkia i wpswig (eller Wxs-wig) og otte han wpswig all & Upsage, Helle & Hedensgerdi til odel". Den originale kjelda blei truleg nedskriven i andre halvdel av 1200-talet, og eksisterer no berre som avskrift frå kring 1600. I avskrifta frå kring 1600 er det tilført etter wpswig "nu kalles Oxe wig er inderst paa Stranden ij h.Ebbe gield" (Ugelvik-Larsen og Sulebust 1994, s. 514-518). Denne utsegna har blitt brukt til å datere bygginga av kyrkja til kring år 1000 (Gjerding 1938, s.6), men sidan det er tale om nedskriving av ein munleg tradisjon på slutten av 1200-talet, og i ein uviss kontekst, er det ikkje mogeleg å datere kyrkja så presist. Ei datereing av kyrkje til 1000-talet er likevel rimeleg.

Kyrkja er nemnd som St. Peter-kyrkje i Aslak Bolts Jordebok frå kring 1430. Jordeboka lister jordegods som tilhøyrde bispestolen i Nidaros og dette jordegodset er ordna etter kyrkjesokn. I St. Peter kyrkjesokn hadde bispesetet partar i gardane Helsem og Opsvik. Sjølve kyrkjestaden er på garden Opsvik, medan Helsem er ein nabogard lenger nord i bygdekrinsen. Kyrkja er også nemnd i Olav Engelbrektssons Jordebok. Kyrkjestaden er nemnd to gonger i 1570-åra. I 1573 var presten i Ørskog prestegjeld saman med lagrettmenn både frå Sunnmøre og Romsdal samla på "Paa Oxe Kiercke gaard oc sougne" (Statsarkivet i Trondheim, 520 Stranda sokneprest, Gamle dokumenter). Høvet var eit venskapleg arveskifte mellom to søskenbarn der ei rekkje gardar og gardpartar blei skift. Det andre dokumentet er frå 1577 og gjeld ein tvist om garden Hauge i Sunnylven. Lagrettemenn saman med presten i Ørskog prestegjeld var samla på "en frit kierkegaard Anno dominio 1577 trinitatissøndag nu næst forleden paa Sancte Peders kierkegaard paa Stranden i Ørskog Prestegjeld" (Lillebø 1972, s.199). Tolv år seinare i kyrkjerevisjonen, Trondhjem reformats 1589, er kyrkja i Opsvik ikkje nemnd. Ørskog prestegjeld var på denne tid stort og omfatta heile indre Sunnmøre, så det er ikkje usannsynleg at kyrkja og soknet har blitt lagt ned i samband med revisjonen av kyrkja og kyrkjeorganisasjonen.

Kyrkjebygget

Den første kyrkja kan ha vore bygt på 1000-talet, men det har vore spekulert i om dei synlege restane har vore etter ei seinare kyrkje (Gjerding 1938 s. 6). Presten Hans Strøm skreiv i 1766, med sokneprest Ebbe Carsten Tønder som heimelsmann, at restane etter kyrkja då var synlege (Strøm 1766, s. 210-211). I 1876 var Peder Fylling på antikvarisk reise og målte då opp sjølve kyrkjetufta slik:

"Man paaviser indnu tomten hvor kirken har staaet, samt kirkegaarden og kirkegaardsmuren er endnu synlig, paa vestre og nordre kant. Jeg maalte grundvolden, hvor kirken har staaet, og befandt den at have veret en langbygning, 12 Alen 18 tom fra syd til nord og 16 alen fra øst til vest. Grundmuren under alterbordet har veret 2 1/2 alen i qvadrat." (UBB Ms. 185n)

Dette viser at kyrkja var 10m lang øst-vest og 8m nord-syd. Dette omrisset er framleis synleg som crop-marks i visse tider på året. Nord-aust for omrisset er terrenget heva og det er mogeleg at dette er fundamentet til kyrkjegardsmuren mot nordaust. Ein steinkors som hadde stått vest for kyrkjtomta var i 1876 brukt i ein fjøsmur. Steinkorset var synleg i fjøsmuren og målte ca. 1.6x0.9m

Kyrkja var ei Peters-kyrkje, altså ei kyrkje som var via til apostelen Peter. Ein kjenner til kring 30 kyrkjer som var vigd til apostelen Peter, til dømes Veøy kyrkje og Vågå kyrkje.

Kyrkjestaden

Kyrkja låg høgt og fritt på garden Opsvik, på kanten mot fjorden i austre del av det fellestunet. Opsvik er ein av dei sentrale gardane på Indre Sunnmøre, og ligg der Storfjorden deler seg mot Tafjord og Sunnylven og Geirangerfjorden. Kyrkja må ha vore godt synleg frå fjorden.

Kyrkjetufta i Opsvik sett mot aust. Tufta måler 8x10m.
Foto: Arne Solli (2008).

Kjelder og litteratur

  • Fylling, Peder 1876: Bemerkninger Bemerkninger samlede paa en reise i Strandens hovedsogn paa Søndmøre, UBB Ms. 185n.
  • Gjerding, Jørgen 1938: Kyrkjene i Stranda 1000-1938, Stranda kommune.
  • Hamre, A-M. 1983: Trondhjem Reformats 1589, Oslo.
  • Jørgensen, J.G. 1997: Aslak Bolts Jordebok, Oslo.
  • Lillebø, P.A. 1972: Sunnylven og Geiranger II. Gard og ætt. Volda.
  • Strøm, Hans 1766: Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør II, Sorøe.
  • Ugelvik-Larsen Stein og Sulebust, Jarle 1996: I balansepunktet, Ålesund.

Eksterne lenker

Koordinater: 62.283701° N 6.981557° Ø