Ragnvald Orknøyjarl

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «St. Ragnvald Orknøyjarl»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jarlanes palass i Kirkwall, med St. Magnuskatedralen i bakgrunnen. Det var Ragnvald som let byggje katedralen i 1137.
Foto: Heidi Thöni Sletten (2011).

Ragnvald Orknøyjarl, eigentleg Kale Kollsson (fødd kring 1100 i Agder, død 1158 på Orknøyane) var jarl på Orknøyane, og vart etter sin død rekna som helgen.

Han var son av hovdingsonen Koll Kalesson frå Jæren og jarledottera Gunhild Erlendsdotter frå Orknøyane. Mora var syster av Magnus Erlendsson Orknøyjarl. Ragnvald heitte opphavleg Kale Kollsson, og var oppkalla etter farfaren Kale Sæbjørnsson. Namnet Ragnvald tok han seinare, etter Ragnvald Bruseson som var ein fosterson av Olav den heilage.

I Orknøyinganes saga vert det fortalt at Koll og Gunhild budde på en av sine gårder i Agder då Ragnvald vart fødd. Ein del har meint at han vart fødd på Jæren, men det er ikkje hald for det i kjeldene. Koll hadde vore med på Magnus Berrføtt sitt tokt mot vest i 1098, då kongen skulle hemna farfaren Harald Hardråde som fall i England i 1066. På Orknøyane tok kongen dei to jarlane, brørne Pål Torfinnsson og Erlend Torfinnson til fange og sende dei til Noreg. Både to døydde her i landet i løpet av den fyrste vinteren. Kongssonen Sigurd Magnusson, seinare kjend som Jorsalfare, vart innsatt som herskar på øyane – berre åtte år gamal.

Under eit slag i Menaistredet utafor Wales vart Kale Sæbjørnsson hardt såra, og han døydde på Hebridene same vinteren. Som kompensasjon for faren sin død fekk Koll Kalesson Gunhild Erlendsdotter til ekte, og ei medgift som bland anna femna ein gard på Paplay. Koll og Gunhild drog til Noreg, og busette seg i Agder der han vart lendmann. Ein god ven frå tida på Agder var Solmund Sigurdsson, son av Sigurd Sneis. Sigurd fall i slaget ved Menaistredet, der Kale Sæbjørnsson vart dødeleg såra.

Kale Kollsson reiste då han var femten år gamal til England med nokre handelsmenn. I Grimsby møtte dei ein mann som kalla seg Gilchrist. Han fortalde Kale at han eigentleg heitte Harald Magnusson, og var son av Magnus Berrføtt. Dei svor evig venskap, og Kale meinte at Sigurd Magnusson nok ville ta ein ukjent bror godt imot. Harald Gilchrist vart ei tid seinare medkonge under namnet Harald Gille. Kale reiste så attende til Agder, og så vidare til Bergen. I Bergen møtte han mellom anna Jon Petersson frå Sogn, og dei to vart gode vener. I åra som fulgte reiste Kale til England fleire gonger, og på vintrane var han heime på Agder der han ofte var i lag med Solmund Sigurdsson.

Ein sumar reiste Kale til Trondheim, og på heimvegen var han innom Bergen. Der møtte han Jon Petersson, og drakk i lag med han. Dei to la seg tidleg, medan andre i følgjet sat oppe og drakk. Dei byrja krangle om kven som var den største jordeigaren, og Kale sin følgjesmann Håvard slo Jon sin følgjesmann Brynjolf i hovudet med ei vedskie. Dei andre fekk Håvard ut, og Kale gav han ein båt og sende han sørover til ein prest som heitte Richard. Då Jon fekk vite kva som hadde hend tok han det ikkje godt, og sende ut sine menn etter Håvard. Dei kom over Håvard, og Brynjolf hogde han ned. Kale tok drapet ille opp. Han og Jon kom til at kongen skulle få avgjere saka, men dei var ikkje lenger vener. Attende i Agder fortalde Koll sin far om hendingane, og faren meinte at Kale ikkje skulle ha avtale noko utan å ha med Solmund på råd. Det som hadde fått Håvard så sint ved nemleg at Solmund sin ære hadde vorte krenka – Håvard meinte at han var den største jordeigaren. Både Solmund og Hallvard, som var Håvard sin bror, ville ha blodhemn. Koll fekk vilja si, men Solmund sin ære måtte rettast opp fyrst. Bodbringarar vart sende, men Jon var ikkje villig til å betale nokon erstatning. Hallvard vart sendt til Sogn, der han vitja sin gamle ven Uni. Uni var i krangel med Jon, og visste kanskje korleis dei kunne hemne Håvard. Uni fekk seks mark sølv, og fortalde då at Brynjolf skulle kome til garden neste dag for å hente frilla si. Hallvard gøymde seg i stallen, og om morgonen drap han Brynjolf. Han la seg så på stallen att, og Uni sende ut menn for å leite i ein anna retning. Hallvard kom seg trygt heim til Agder, og då Jon fekk vite kva som verkeleg hadde hend vart han naturleg nok ikkje blid.

Vinteren etter reiste Jon til Setesdal for å vitje sin onkel Olav. Han ville reise vidare til Solmund, noko onkelen råda ham til å ikkje gjere. Jon hadde med seg tretti menn, og samle tretti til før han drog sørover for å hemna Brynjolf. Like etter at han drog, hadde Uni kome fram til Koll og åtvara han. Koll sende ut menn i alle retningar, og åtvara Solmund. Dei samla ein stor styrke, og då dei to flokkane møttest hadde Koll og Solmund overtaket. Jon vart såra i foten, og halta resten av livet – han vart kalla Jon Fot etter det.

Sumaren etter fekk Jon teke livet av to slektningar av Koll, Aslak og Gunnar. Då Sigurd Jorsalfare vitja Bergen ei tid seinare fekk han høyre om striden, og kalla inn både partar. For å stogge striden skulle Jon gifte seg med Ingrid Kollsdotter, og drapa skulle reknast som utlikna av kvarandre. Med det var Jon og Kale vener att.

Samstundes som kong Sigurd fekk forlikt Jon og Kale, i 1129, gav han kalve halve Orknøyane og jarletittel. På den andre halvparten var Pål Håkonsson jarl. Han var son av Håkon Pålsson, mannen som stod bak drapet på Magnus Erlendsson. Det var no Kale fekk namnet Ragnvald. Som nemnd var det etter Ragnvald Bruseson, som skal ha vore den dyktigaste av jarlane på Orknøyane.

Magnus Orknøyjarl hadde vart drepen i 1115, og han fekk raskt ry som heilag. Han vart rekna som martyr, sjølv om det var eit politisk drap. Biskop Vilhelm den gamle var skeptisk, men folk byrja valfarte til grava, og det kom historier om mirakel. Biskopen sjølv skal ha mista synet i katedralen i Birsay, og då han knela ved Magnus sin grav fekk han det attende. Han endre då syn på Magnus, og tillet helgenkulten. Dette fell saman i tid med at Vilhelm på vitjing i Noreg, og der møtte han truleg Ragnvald. Å godkjenne kulten til hans onkel var nok eit lurt trekk.

På denne tida kjem Harald Gilchrist inn i historia att. Lendmannen Hallkjell Huk frå Møre kom til Sigurd Jorsalfare i Konghelle mot slutten av 1120-åra, og hadde med seg den unge Harald. Han gjekk barføtt over ni glødande plogjarn, og etter tre dagar var det ikkje spor av brannsår på føtene hans. Jernbyrden viste at han tala sant, og Sigurd måtte godta hans krav på trona. Men han måtte gje eid på at han ikkje skulle krevje trona så lenge Sigurd eller sonen Magnus Sigurdsson levde. Sigurd vart sjuk i langfasten 1130, og døydde den 26. mars. Sonen Magnus vart hylla som konge i Oslo. Harald Gille byrja straks etter å kalle seg konge, og det vart sagt at eiden var tvungen og difor ikkje gyldig. Harald var i Tønsberg då han fekk vite at Sigurd var død, og der hadde han eit møte med sine vener. Bland dei var Ragnvald og hans krets. På Haugatinget vart Harald hylla som konge, noko som markerer byrjinga på borgarkrigstida.

Det var fred i dei neste fire åra, for Magnus var ikkje sterk nok til å overvinne Harald. Dei vart hylla saman i Trøndelag, der Magnus hadde sete. Harald hadde sitt sete i Viken. Ragnvald kjem her inn i historia att, for Magnus ville ikkje godteke at faren hadde gjeve han jarletittel av halve Orknøyane. Men med støtte frå Harald sat Ragnvald trygt. Våren 1134 endra ting seg. Då samla Magnus ein hær på 7200 mann og gjekk mot Harald som berre hadde 1800 mann. I slaget ved Fyrileiv stod Ragnvald og fleire andre stormenn i lag med Harald, men dei kunne ikkje vinne over overmakta. Harald kom seg unna, og søkte ly hos danskekongen Erik Emune, som var fiende av Magnus. Der kunne han bygge opp ein ny og større hær, og vinteren 1134/1135 reiste han attende til Noreg.

Magnus løyste opp den store hæren sin, og reite til Bergen. Dermed kunne Harald lett ta Viken og sikre sin stilling der. Ved juletid 1134 drog han til Bergen, og da han rett over jul gjekk til åtak kunne ikkje Magnus forsvare seg. Han vart tatt til fange, og vart kastrert og blinda - difor fekk han namnet Magnus Blinde. Harald vart einekonge. Våren etter stadfesta han Ragnvald sin jarletittel. Harald vart utfordra på ny så kongsemnet Sigurd Slembe dukka opp. I 1136 vart han hylla som konge, og han fekk ut Magnus Blinde frå fangenskap og nytta han for å styrke kravet sitt. I desember 1136 drap han Harald medan han var til sengs med ei frille. At han drap bror sin førte til at folket gjekk mot han, og i staden fekk Inge Krokrygg og Sigurd Munn kongsnamn. Sigurd Slembe måtte rømme, og drog til Orknøyane. Ragnvald hadde jo vore ven med Harald, så derifrå vart Sigurd sendt vidare. I 1139 tapte Magnus og Sigurd i slaget ved Holmengrå; Magnus fall i slaget medan Sigurd vart drepen rett etter.

Vi skal attende til Orknøyane. I 1115 tok Håkon Pålsson kontroll over Orknøyane etter drapet på Magnus Erlendsson. Nokre år seinare drog han på pilegrimsferd, og då han kom attende til øyane var han ein ny mann. Han bygde Magnuskyrkja på Egilsay som bot for drapet på fetteren. Då han døydde i 1122 eller 1123 sørga folket over han. Sonen Pål Håkonsson tok over som jarl saman med halvbroren Harald Håkonsson. Dei styrte fyrst saman, men då dei vart uvener delte dei øyane mellom seg. Mora til Hallvard, Helga, og syster hennar, Frakokk, ville myrde Pål så Harald kunne styre øyane aleine. Dei forgifta ei skjorte med gullbroderier, og skulle gje den til Pål. Men Harald fekk sjå skjorta, og ville ha ho sjølv. Han tok ho på seg, og døydde i store smerter. Pål vart dermed einejarl.

Då Harald Gille tok makta i 1135 sende Koll nokre av sine menn til Orknøyane for å få Pål til å avstå halve jarledømet til Ragnvald. Om Pål ikkje gjekk med på dette skulle dei dra vidare til Frakokk og Olvir Brawl i Sutherland, og der reise ein hær mot jarlen. Pål valde å nekte å gje frå seg halve jarledømet, og utsendingane reiste til Frakokk. Ho hadde sterke band til den skotske kongen, David I, ettersom ho hadde gifta bort Margaret Håkonsdotter til Maddad av Atholl, som var fetter av kongen. Ho ville reise ein hær, og skulle møte Ragnvald på Orknøyane sumaren etter. Ragnvald gjorde seg klar til tokt, med både Solmund og Jon i flokken sin. Då dei kom til Shetland ved midtsumar høyrde dei ingenting frå Frakokk. Etter ein tid fekk dei vite at ho hadde lagt ut frå Hebridane, men at hæren ikkje var så stor som dei hadde vona.

Då Pål jarl fekk vite at Ragnvald var på Shetland og Frakokk på Hebridane samla han sine hovdingar, og dei kom til at dei fyrst skulle gå mot Ragnvald. Men då han hadde samla skipa sine kom Frakokk og Olvir, og det kom til slag. Olvir vart slått på sjøen; han vart redda, men måtte flykte og etterlet fleire skip som Pål kunne fylle med eigne menn. Då dei dagen etter kom til Shetland overraska dei vaktene ved Ragnvald sin flåte, og tok både skipa og pengane hans.

Ragnvald samle styrkane sine, og på stranda utfordra han Pål til å kome attende for å slåss. Pål ville ikkje det, for Ragnvald hadde fått med seg bønder frå Shetland. Ragnvald hadde no for få skip til å kjempe på sjøen, så han måtte vere på Shetland den sumaren, medan Pål var på Orknøyane. Om hausten reiste Ragnvald attende til Noreg. Der var han på faren sine eigedomar i Agder, og sendte bod til slektningar om at han ville ha dei med til Orknøyane året etter. På øyane førebudde Pål seg ved å reise vetar.

På våren sendte Koll ut handelsskip for å skaffe våpen og forsyningar. Dei fekk samla ein flåteRagnvald hadde eitt langskip, far hans hadde eitt og Solmund hadde eitt. Jon Fot kom til Bergen med eitt langskip, og Harald Gille ga Ragnvand eit langskip med fullt mannskap. Ein mann ved namn Aslak stilte med eit sjette langskip, og dei hadde òg to forsyningsskip.

Koll bad Ragnvald om å sverje ein eid til den heilage Magnus om at han skulle reise ei steinkirke i Kirkwall om han vann øyane. Denne eden sverja både Ragnvald og mennene. Tanken var at sjølv om øybuarane stort sett støtta Pål, ville dei ha lettare for å flokke seg om Ragnvald om han trakk fram at Magnus var onkelen hans. Kravet på Orknøyane var i utgangspunktet berre eit løfte frå Harald Gille, men med slektsbandet til Magnus, som var jarleson, stod han sterkare. Undervegs la det til på Shetland, der Ragnvald også denne gongen fekk støtte frå bøndene.

Koll sette også i gong med krigslist. Han sendte fleire små skip mot Orknøyane, slik at vetane vart tende. Så gav han ordre om å snu. Dette førte til at Påls menn byrja krangle seg imellom. Samstundes dreiv han undergravingsverksemd på Orknøyane og fyra opp under kranglane der - og han sørga for at dei nye vetane vart dynka med vann. Då Ragnvald sin flåte kom ikkje Pål sine menn fyr på vetane, og Ragnvald kunne gå i land på Westray. Der bad folket ham om nåde, og tok han som sin jarl.

Pål fekk av ein del råd om å dele makta, medan andre meinte han skulle kjøpe seg ut av knipa. Nokre ville òg kjempe. Ragnvald fekk biskopen til å mekle, og det var avtala ein våpenstillstand på to veker. Mange av Ragnvald sine menn vart sendt heim til Noreg, for han hadde no så stor lokal støtte at han kunne klare seg. Ein som kom inn i striden var Svein Åsleivsson, som var fredlaus på Hebridane etter å ha drepe ein mann i eit gjestebod hos Pål. Han samle ein flokk, og angrep Pål sine menn på Rousay. Etter å ha drepe 19 av hans menn tok dei jarlen til fange, og brakte han til Atholl, til jarl Maddad og Margaret Håkonsdotter - som var Pål sin syster. Kva som eigentleg skjedde vidare med Pål veit vi ikkje, men det vert hinta om at han drog i eksil eller i kloster. Han kan også ha blitt drepen av Svein Åsleivsson på ordre frå Margaret Håkonsdotter, som gjerne ville ha sin son Harald Maddadsson som jarl på øyane.

Ragnvald vart skulda for å ha bortført Pål, men biskopen trudde ikkje på at han ville gjere det mot sin fetter. Dei fleste på øyane valde å søke vern hos Ragnvald, og då Svein kom til øyane og fortalde historia sverja òg resten truskap til Ragnvald. I 1137 kunne han ta kontroll over heile jarledømet.

Eiden Ragnvald og hans menn tok vart teken på alvor. I 1137, altså same året som han tok kontroll over øyane, byrja bygginga. Biskopen flytte samstundes til Kirkwall. Det var ikkje før i 1450 at katedralen stod heilt ferdig, men relikviane etter St. Magnus kunne overførast i Ragnvald sin levetid, og koret vart vigsla i 1152.

I 1139 kom biskop Jon av Atholl til Orknøyane, der Ragnvald hadde fest på garden sin i Knarston. Han kunne fortelje om avtalen om at Harald Maddadsson skulle ha jarlenamn. Ragnvald skulle framleis vere jarl over heile jarledømet, men Harald skulle styre for ham på halvparten av øyane. Dette gjekk Ragnvald med på. Det var framleis eit trugsmål mot Ragnvald sitt styre: Erlend Haraldsson ville ha jarledømet, og han hadde med seg Frakokk. Det var Svein Åsleivsson som løste den floka. Olvir og Frakokk hadde stått bak ein brann som drap far hans, Olav – Svein hadde namnet Åsleivsson etter mora, men var opphavleg Svein Olavsson. Ragnvald gav han to skip, og dei reiste til Sutherland der Olvir, Frakokk og alle folka deira vart drepne.

Vi har vært inne på at Inge Krokrygg og Sigurd Munn fekk kongsnamn. Dei fekk i 1142 med seg ein tredje konge, Øystein Haraldsson som òg skal ha vore son av Harald Gille. Landeigarane Ogmund Dengje og Erling Skakke, som stod på Inge Krokrygg sin side, inviterte Ragnvald til Noreg. Han fekk med seg jarl Harald Maddadsson, og i 1150 eller 1151 kom dei til Noreg der dei møtte kong Inge i Bergen. Dei møtte Eindride Unge, som hadde vore soldat i Konstantinopel, og Eindride meinte at jarlen burde reise til Det heilage land. Ragnvald let seg overtale, og fleire stormenn ville vere med på ferda.

På hausten – 1150 eller 1151 – reiste Ragnvald attende til Orknøyane, og var der i to år. Han fortalde biskopen om planen om å reise til Det heilage land, og biskopen skulle vere med som tolk. Fleire hovdingar på Orknøyane ville òg vere med.

Våren 1152 reiste dei til Noreg, der skipet dei skulle reise med var klart. Det var det flottaste skipet dei nokon gong hadde sett. Eindride Unge var sein om å verte klar til ferda, men til slutt kom han seg om bord. Det viste seg at han hadde eit enda flottare skip, sjølv om dei hadde avtale at berre jarlen sitt skip skulle vere utsmykka med gull. Dei to skipa skulle til Orknøyane fyrst, men Eindride kom seg berre til Shetland der han forliste. Han måtte reise attende til Noreg for å bygge eit nytt skip. Det var ein del kranglar mellom nordmenn og orknøyingar den vinteren, og Ragnvald hadde ei stri tørn med å halde fred mellom dei.

På våren 1153 møttest Ragnvald og dei leiande mennene på Orknøyane på Mainland. Ragnvald gav alle fullmakter til Harald Maddadsson. På sumaren var dei klare for å leggje ut, etter å nok ein gong ha venta på Eindride. Det vart til slutt femten skip som la ut. Dei dro til Skottland, så England og så til Frankrike. I Narbonne møtte Ragnvald jarl Germanus og dotter hans, Ermingerd. Ho var særs vakker, og folk meinte at ho og Ragnvald skulle gifte seg. Men han ville vidare til Det heilage land, og skulle kome innom Narbonne på heimvegen.

Følgjet var i Galicia i Spania jula 1153. Der fekk dei tilbod om eit rikt bytte om dei kunne jage bort nokre utlendingar som hadde okkupert ein borg i nærleiken, og som skattla byen tungt. Leiaren for denne flokken, ein Godfred, kledde seg som tiggar og byrja snakke med Eindride. Han fekk med Eindride på ein plan om at han skulle få skatten, om hovdingen i borgen fekk leve. Eindride trudde at Godfred var ein forhandlar, han visste ikkje at det var hovdingen sjølv. Tiende dag jul – biskopen kravde at dei venta så lenge av omsyn til julefreden – gjekk dei til åtak på borgen. Erling Skakke hadde ordna med veg som var stabla opp mot murane, så mørtelen skulle smuldre opp. Dei fekk byttet, men hovdingen var borte. Ragnvald og dei andre skjønte snart at det var Eindride som hadde hjelpt han å rømme.

Frå Spania drog dei vidare, og sjølv om dette var ei pilegrimsferd plyndra dei grovt i dei heidenske områda dei passerte – altså dei områda som var under muslimsk styre. Ved Gibraltar delte flåta seg; Eindride og seks skip seilte til Marseille, medan reiste under Ragnvald seilte mot Afrika. Dei kom til Sardinia, der dei kom i kamp med ein dromund, eit stort skip. Med ni mindre skip mot den eine dromunden klarte seg å vinne kampen ved å hogge hol i sida og borde skipet. Det var i dette området at Erling Skakke, eigentleg Ormsson, fekk tilnamnet sitt. Han fekk eit hogg i nakken, så han resten av livet heldt hovudet på skakke.

Deretter bar det mot «sarasenarane sitt land». Der prøvde dei å selje ein fange frå dromunden, men måtte sleppe han fri. Han kom raskt attende med mange mann, og fortalde at han var adelsmann. Det kunne endt ille for Ragnvald, men då dei hadde spart hans liv gjorde han det same mot dei. Ragnvald og mennene hans kunne seile vidare mot Kreta. Dei kom så til Acre, no Akko i Israel. Så reiste Ragnvald og mennene til Jorsal, Jerusalem. Ragnvald sumde over Jordan og vitja dei heilage stadene.

Sumaren 1154 reiste dei vidare mot Konstantinopel, eller Miklagard som nordmennene kalla byen. Dei var ein tid i Imbolum, ein stad vi ikkje kjenner. Det kan ha vore øya Imbros var Dardanellane. Jon Fot døydde der. Han var funnen ved bymuren med fleire sår, men dei fann ikkje ut kva som hadde skjedd. Han vart gravlagd i kyrkja i Imbolum. Dei reiste så til Engilsness, som er Kapp Malea eller St. Angelo på Peloponnes. Då dei kom til Konstantinopel møtte dei væringane, og vart teke imot av keisaren, Manuel I Komnenos. Han ville ha dei som leiesoldatar, og gav dei raust med pengar. Eindride Unge om òg til Konstantinopel, men det hadde surna mellom han og Ragnvald, og dei hadde lite med kvarandre å gjere.

På vinteren drog Ragnvald frå Konstantinopel til Durazzo, no Durrës i Bulgaria, og så til Apulia, no Puglia i Italia. Dei følgde så landevegen til Roma og så pilegrimsvegen til Danmark. Derifrå seilte dei til Noreg.

I Noreg var Erling Skakke sin bror, Ogmund Dengje, død. Erling slutta seg til Inge Krokrygg, og gifta seg i 1155 med Kristin Sigurdsdotter, dotter av Sigurd Jorsalfare. Det kom til strid mellom dei tre samkongane. Øystein vart drepen i 1157, og Inge i 1161. Erling fekk utnemnd sonen Magnus Erlingsson til konge, for han var ektefødt son av ei kongsdotter. Mot han stod Håkon Herdebrei, sin uektefødd son av Sigurd Munn. Vi skal ikkje ta denne historia lenger her, for Ragnvald var då ute av soga – men det er verdt å nemne Erling sin karriere, for pilegrimsferda med Ragnvald gjorde mykje for å styrke hans ry.

Attende til Ragnvald: Han var sumaren 1155 for det meste i Hordaland, der han fekk vite at det var strid på Orknøyane mellom Harald Maddadsson på den eine sida og Erlend Haraldsson og Svein Åsleivsson på den andre. Ragnvald måtte få bygd eit langskip, og først fram mot jul kom han til øyane. Der fekk han vite at i 1153 hadde Harald Maddadsson vorte teken som fange av kong Øystein Haraldsson, og at han hadde sverja ein truskapseid til kongen som hans vasall. Erlend Haraldsson var det meste av tida i Thurso, der han hadde ein stor flokk med seg. Han hadde fått jarlenamn på Caithness, og ville òg ha Orknøyane. Han reiste til Noreg, og sa da han kom attende til øyane at kong Øystein hadde gjeve han Harald Maddadsson sin del. Han forsona seg med Svein Åsleivsson. På mikkelsmesse i 1153 møttest Erlend og Harald ved Cairston-borgen, og det kom til eit hardt slag. Harald vart redda av at mørkret fall på. Det kom til forlik, men Harald måtte gje frå seg sin del av øyane og gje eid på at han ikkje skulle krevje dei seinare. I Kirkwall kalla Erlend saman bøndene, og sa at kongen hadde utnemnd han til jarl. Dermed la han heile Orknøyane under seg, men om Ragnvald kom attende skulle ha få sin del.

I jula 1153 kom jarl Harald attende med fire skip og hundre menn, og Erlend og Svein måtte vere på skipa sine resten av vinteren. Sumaren 1155 reiste Harald til Noreg, medan Svein og Erlend plyndra i Skottland. Så kom altså Ragnvald attende mot juletider 1155. Folket på øyane ville ha eit forlik, og fortalte Ragnvald at Erlend hadde lova at han skulle få attende sin del. Dei vart avtale eit møte to dagar før jul, og dei to jarlane delte øyane mellom seg. Dei la året etter planar om å forsvare seg mot Harald, og Ragnvald drog til Thurso for å vente på Harald der.

Sumaren 1157 drog Harald frå Noreg med sju skip. Berre fire av dei kom fram til Orknøyane, dei siste tre kom ut av kurs ved Shetland og vart tekne av Erlend. Harald fekk vite at Ragnvald og Erlend var forlikte, og ville treffe Ragnvald før Erlend kom frå Shetland. Då Harald kom til Caithness var Ragnvald reist i bryllaup i Sutherland, men då han fekk høyre at Harald hadde kome reiste han straks mot Thurso. Dei hadde eit fredsmøte, og vart einige om å segle mot Erlend og Svein. Erlend hadde spionar, og han og Svein drog til Hebridane for vinteren. Då dei så kom attende på vinteren overraska dei Harald, og tok de fleste av hans og Ragnvald sine skip.

Rett oppunder jul 1156 drog så svein til ein slektning, og bad Erlend om å sove på skipet hans. Ragnvald og Harald gjekk til åtak den natta, og Erlend og dei fleste om bord vart drepne. Dei overlevande søkte ly i Magnuskatedralen, og det var halde eit fredsmøte der. Svein gav seg ikkje, men slo seg ned i Tingwall i jula. Ragnvald ville treffe han for å få til eit forlik. Til slutt kom det til at Svein måtte gje ein mark gull til kvar av jarlane, halvparten av eigedomane sine og fleire skip. Ragnvald ville ikkje ha sin del av boten, men Harald tok imot. Slik vart Svein og Ragnvald forlikte, medan Harald sto utanfor. Våren 1157 kom det til eit nytt fredsmøte i katedralen, og dei kom fram til same vilkår som året før. Etter utveksling av gåver klarte dei tre å bli forlikte denne gongen.

Etter dette var det betre forhold ei tid mellom dei to jarlane. Men Thorbjørn Klerk, som vart Harald sin rådgjevar, var ikkje interessert i fred mellom dei to. Thorbjørn var eit problem ei tid, men så kom han opp i ei sak der han skulle hemna eit drap. Drapsmannen Thorarin søkte ly i katedralen i Kirkwall, og Thorbjørn ville rive kyrkja. Ragnvald stogga han, og Thorbjørn drog til Caithness der han drap og valdtok. Etter ei tid reiste han til Orknøyane med tredve mann, og drap Thorarin. Ragnvald lyste han fredlaus. Thorbjørn drog då til kong Malcolm, som likte han godt.

Sumaren 1158 drog Ragnvald og Harald på jakt i Caithness, som dei brukte gjere. Dei visste ikkje at Thorbjørn Klerk òg var der. Han hadde ein flokk med seg, og skal ha venta på å kunne ta jarlane. Dei samla 120 mann, og fann Thorbjørn på ein gard. Så Ragnvald kom inn på garden gav Thorbjørn han eit stygt sår. Ragnvald prøvde å kome seg ned frå hesten, men sat fast i stigbøyla. Ein av Thorbjørn sine menn, Stefan, kaste eit spyd og råka jarlen. Harald kom til staden, og ville høyre kva Ragnvald meinte dei skulle gjere. Han ville ikkje at dei skulle gå etter Thorbjørn, men Harald høyrde ikkje kva han sa og sette etter. Då dei fekk tak i han bad Thorbjørn om både, og Harald let han gå. Men ein av hans menn, Magnus, og nokre andre drap Thorbjørn og mennene hans. Magnus og mennene hans drog ned til garden for å hente Ragnvald sitt lik og frakte han til Thurso.

Det var den femte dagen etter festen for Maria himmelfart, det vil seie den 20. august 1158, at Ragnvald døydde. Lekamen hans vart frakta frå Thurso til Orknøyane på Harald sitt skip, og han vart gravlagd i Magnuskatedralen i Kirkwall. Kort tid etter fekk han ry som heilag, og det vart tala om mirakel ved grava. Han vart lagt i helgenskrin i 1192 av biskop Bjarni Kolbeinsson Skald. Paven gav løyve til dette, men ein påstand om at det også var ei formell kanonisering frå pave Celestin III er ikkje dokumentert.

Relikviane etter Magnus og Ragnvald vart fjerna ved reformasjonen, men vart murt inn i ein pilar. Dei vart funne i 1919; Ragnvald sine kan ha vorte funne allereie på 1700-talet. Dei to stadene der skjeletta er murt inn i pilarane er i dag merka med plakettar.

Minnedagen for Ragnvald er 21. august, og den har òg vore feira på dødsdagen 20. august. Det har ikkje vore nokon kult for Ragnvald i Noreg, men han reknast med blant dei norske helgenane.

Til minne om Ragnvald sender Grimstad kommune kvart år ei julegran til Magnuskatedralen. Det kjem også ei gran frå Hordaland fylkeskommune som står utafor domkyrkja.

Litteratur