Stadnamn på «finn-» i Romsdal, på Nordmøre og i Sør-Fosen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Satellittbilde av storparten av Nordmøre og Sør-Fosen med «finn»-namn markert.

Det finst fleire stadnamn på «finn-» i Romsdal, på Nordmøre og i Sør-Fosen. Finn-namna har i alle fall fire etablerte hovudetymologiar: (1) Dei kan vise til ei landskapsform; (2) dei kan vise til ymse spesifikke typar vegetasjon; (3) dei kan vise til dei norrøne mannsnamna Finnr og Finni; og (4) dei kan vise til folkenamnet finn. Olav Rygh sett generelt slike namn i samband med dei lite bruka norrøne mannsnamna Finnr og Finni, men i seinare tid har det vorte vanligare å sjå ein del av desse namna i samband med samisk nærvere. Det siste er særlig tydelig i namn som «Finnhøtthaugen», der «finnhøtt-» viser til kåter eller gammar. Sørvest for Fosenhalvøya er det konvensjonelt sett berre Trollheimen som blir meir eller mindre assosiert med samisk nærvere, og i tillegg har relativt nylige arkeologiske funn ved Aursjøen vist tidligare samisk busetting i fjella mellom Sunndal og Lesja. Interessant nok har Kartverket berre to Finn-namn i Trollheim-området: Finnhammaren (Surnadal kommune) og Finnlandet (Sunndal kommune). Derimot finst det heile 12 slike namn mellom Rindalen, Agdenes og Aure kommunar. Utom Frøya finst det seks finn-namn — fem av dei relatert til Finnværet og i tillegg eit skjer med namnet Finnkampen. Tingvoll har eit finn-namn ytst på halvøya og tilgrensande til Talgsjøen i ly av Langøya — Finnvika. Eide har finn-namn både på Lyngstad (Finnbukta, Finnbekken) og sørvest om Vasskord (Finnsetra, Finnseterbekken, Finnseterdalen).

I vurderinga av om finn-namna kan vera indikasjonar på tidligare samisk busetting, kan vi med ein gong sjå bort frå namna med plantenamnet finnskjegg-. Namn som finnøy-, finnbukt-, finnbekk- finnvik- og liknande er òg usikre og kan ikkje tolkast i noka retning utan utfyllande opplysningar kring kvar stad. Namn som derimot gjev ein sterkare indikasjon inkluderer finnhøtt-, finnbu(-), finnset(-) og finnseter(-).

Oversyn

Romsdal

Sandøy kommune

Nesset kommune

Nordmøre

Eide kommune

Gjemnes kommune

Tingvoll kommune

Sunndal kommune

Surnadal kommune

Rindal kommune

Aure kommune

Sør-Fosen

Orkdal kommune, grensande til Snillfjord

Snillfjord kommune

Agdenes kommune

Frøya kommune

Fotnotar

  1. Ref. i Stadnamnarkivet: 276684 / Finnberget / Stemshaug / Møre og Romsdal / Heradsregisteret, Oslo.