Stand

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Fransk karikatur av standssamfunnet før revolusjonen 1789. Ein av den tids mange variasjonar over temaet tredjestanden som må slepe på børa av dei uproduktive stendene adel og presteskap. Særskilt her er at stendene er framstilte i kvinneskapnad. Standssamfunnet var utprega patriarkalsk - bygd på husfarens/husbondens makt og rett i heim og samfunn.

Stand, fleirtal stender, er ei nemning for nærare bestemte samfunnsgrupper fortrinnsvis i samfunn der det er skarpe skilje mellom og synberre skilnader på høgare og lågare sosiale lag. Det kan svare seg å halde frå kvarandre dei ulike måtane nemninga er brukt på, høvesvis 1) i daglegtale, 2) om eit realhistorisk fenomen og 3) som samfunnsvitskapleg omgrep.

1) I daglegtale har nemninga litt lauseleg, og delvis overlappande med «klasse», vore brukt om ulike yrkesgrupper og befolkningssjikt, så som bondestand, embetsstand, legestand, middelstand osv. Saman med tilknytinga til yrke/samfunnsfunksjon har faktorar som ulikt fordelt makt og rikdom, danningsnivå og livsstil vore mykje bestemmande for bruken av ordet. Standsskilja blir dermed mykje samanfallande med skilja mellom «fine» og «mindre fine», «rike» og «fattige», «herskande» og «styrte», «høge» og «låge» delar av befolkninga.

2) Historisk var stender nemning på juridisk og politisk veldefinerte samfunnsgrupper, i fyrste rekkje adel, presteskap, borgarskap og bønder. Stendene var klårt avgrensa frå kvarandre ved ulike rettar og plikter, og dei stod i ulike undersåttlege tilhøve til staten (kongen). Systematisk og formalisert ulikskap for lova var eit vesenstrekk ved standssamfunnet. Som korporasjonar (samla einingar, ikkje enkeltindivid) kunne stendene også vere tillagde politiske rettar og innverknad gjennom stenderforsamlingar (riksdagar, herredagar, parlament, stendermøte etc.). Ein kan da snakke om ein stenderstat. Som juridisk og politisk definert fenomen spela stendene ei særleg viktig rolle frå seinmellomalderen av, gjennom tidleg nytid fram til dei store amerikanske og europeiske revolusjonane på slutten av 1700-talet og utover på 1800-talet, inklusive den norske systemomveltinga i 1814. Desse hadde som uttrykkeleg mål å avskaffe standssamfunnet («fridom, likskap og brorskap»).

3) I nyare tid har stand vore nytta som samfunnsvitskapleg omgrep også om fenomen i moderne samfunn som er fundert på likskap for lova og like statsborgarlege rettar for befolkninga. Som vitskapleg abstraksjon har stand noko varierande tydingsinnhald, og omgrepet blir nytta med ulik grad av stringens, men er ofte nær synonymt med statusgruppe bestemt ut frå yrkestilknyting, danningsnivå, sosial prestisje og sosiokulturell identitet i det store og heile. I røynda er denne bruken nært i slekt med daglegtalens bruk av stand. Stand blir i samfunns- og kulturvitskaplege samanhengar ofte jamført med og kontrastert til omgrep som klasse og kaste.


Stand, status, stat. Etymologi

Stand tyder eigentleg det å stå, stilling. Det er eit germansk ord med den same tydinga som status på latin (av stare = å stå). Uttrykket gjeld altså ståstaden i samfunnet.

Stand brukt om juridisk-politisk definerte korporasjonar heiter på engelsk estate («Estates of the Realm» = «riksstender»), på fransk etat, båe med opphav i det latinske status. Fransk etat har dessutan eit mangfald av andre tydingar, derunder to som er særleg relevante i denne samanhengen: «stat» og «etat» (som i politietaten).

I tidleg nytid glei nemningane stand og stat over i kvarandre i det danske språket. Arent Berntsen skriv i Danmarckis oc Norgis Fructbar Herlighed om «Værie-staten» (verjestanden: adel, militær og sivil øvrigheit), «Lære-staten» (presteskap, professorar og andre intellektuelle) og «Nære-staten» (borgarskap, bønder og kanskje arbeidsfolk og «menige allmue» i det store og heile).

Stender brukt om samfunnsgrupper i meir generell tyding, altså ikkje berre om den politiske representasjonen, heiter på engelsk helst orders (society of orders = standssamfunn) og tilsvarande på fransk, ordres (société d’ordres = standssamfunn). Men i eit anna romansk språk, spansk, heiter standssamfunn sociedad estamental. Det er laga av estamento = (politisk) stand (stender i den spanske stenderforsamlinga Cortes). Estamento blir nytta vekselsvis med estado, og dei to har etymologisk same rot, latin stare = å stå. (Også eit ord med ei heilt anna rot vart rett nok brukt om stenderrepresentasjonen i Spania, nemleg brazo = «arm», «grein» - «brazos del rein» = riksstender.)

Ein kan i alle høve slå fast at det er etymologisk nær samanheng mellom stand, status, stat og etat.


Det historiske standssamfunnet

Ideologien: Bellatores, oratores, laboratores

Bellatores, oratores, laboratores. Det europeiske mellomaldersamfunnet slik det blir framstilt som funksjonelle samfunnskorporasjonar, stender og laug. Frå øvst til nedst: Krigarar, kongelege rådgjevarar, presteskap, bønder, handverkarar og handelsmenn. Frå eit manuskript frå 1300-talet.

Arent Berntsen 1656

Arent Berntsen tek i si samfunnsanalyse frå 1656 utgangspunkt i den klassiske trestandslæra der samfunnet blir inndelt i oratores, bellatores, og laboratores, dvs. dei som talar, dei som krigar og dei som arbeider.

Berntsen ser standsinndelinga som ein funksjon av sjølve det menneskelege vesen:

«al Menneskelig Idræt/Væsen eller Stand/ i Gemeen understeedis i de trende Hofvetparter/ nemlige: Værie - Lære - og Nære Staterne.»

Han har eit materialistisk grunnsyn på samfunnsskipnaden, i det han konstaterer at:

«Nære-staten siunis at være Grunden aff hvilcke de andre opvoxse oc forplantis»

Men han søkjer og finn funksjonalitet og harmoni i sameksistensen av dei tre skarpt åtskilde stendene med kvar sine grunnleggjande nødvendige samfunnsoppgåver:

«Til Lære-Staten henseende befinde vi icke ringere Guds Forsiun: Hafver hans Guddomelig Godhed icke ved sit Ords klarskinnende Lius ladet Os udleede aff Heden oc Kietterske Vildfarelser. Udi Stædet for Tant Drømme oc Dict giffvet Os sit reene saliggiørende Ord? For Leyesvenne oc vrange Ledere sendt troe retsindige Hyrder oc Lærere i sin Kirche?(...)Meden med hvad Fred sicherhed oc Fornøyelighed skulle saadanne Aandelige oc Legemlige Lychsaligheder i Lære- oc Nære-Staterne kunde nydis? Dersom vi tillige i Værie-Staten icke nocksom vaare forsørgede: Saa en hver under retsindig Øfrigheds Beskærmelse kunde i Sickerhed erholdis ved det GUD hannem i sin Nære-Stand ved sit Ansictis Sved med velsignet.»


Platon

Idéen om trestandsinndelinga har opphav i antikken. Til dømes deler Platon samfunnet inn i tre kategoriar om lag slik:[1]

1) Dei styrande er dei lærde som skal styre staten. Dette utgjer den mest prestisjefylte kategorien i Platons førestillingar.
2) Hjelparane, som fyrst og fremst er dei militære, skal utøve dei styrande sine vilje og verje staten mot fiendar. Platon omtalar elles gruppe 1 og 2 i fellesskap som «vaktarane» (vernarar, verjer).
3) Handverkarar og bønder produserer det folk skal leve av.

Å fylle sine oppgåver på beste måte innan dei tre gruppene, krev ulike eigenskapar og skolering. Platon gjer jamvel eit forsøk på å knytte dei ulike eigenskapane til ulike delar av den menneskelege fysiognomien, nemleg hovudet (for dei filosofisk skolerte styrarane), brystet (mot og kraft hjå statens hjelparar) og mageregionen for dei gruppene der næringsvettet står som det vesentlege. Heilt utanom dette kategorisystemet held Platon slavane, den store ufrie produsentgruppa. Religion og kultusfunksjonar inngår heller ikkje i det tredelte systemet. Slikt veit «vi» for lite om, seiest det hjå Platon, så det må overlatast til dei som tradisjonelt har fortolka slike ting. Apollon og Orakelet i Delfi blir spesielt nemnde, og dette kan vel utleggjast som eit presteskap som kjem som eit fjerde element i Platons stats- og samfunnslære.


Europeisk mellomalder og tidleg nytid

Trestandslæra vart tilpassa det kristne føydalsamfunnet og gjennomgripande praktisk implementert i europeisk mellomalder og tidleg moderne tid. Adel og presteskap utgjorde da dei to øvste og fornemste stendene. Funksjonsfordelinga av politikk, militærmakt, lærdom og kultus vart dermed noko annleis enn hjå Platon. Kva for ein av dei to stendene adel og presteskap som har vore rangert øvst i prestisjesystemet, har veksla. I katolske land har presteskapet tendert mot å vere den fremste, så som i Frankrike før revolusjonen. I artikkelen om adel i Norsk historisk leksikon blir det påpeikt at reformasjonen og sjølvstendetapet i 1536/37 medførte at adelen overtok presteskapets tidlegare posisjon som den leiande stand i Noreg.

«Tredjestanden», dei som «arbeidde», skilde seg sterkt frå dei to øvste stendene. For det fyrste bestod den arbeidande stand av ein ulikt mykje større del av befolkninga. Adel og presteskap utgjorde dei fleste stader berre ein ubetydeleg andel statistisk sett. Tredjestanden omfatta dessutan mange ulike yrkesgrupper og sjikt, og kan best definerast negativt som dei i samfunnet som ikkje var adelege og ikkje geistlege (altså allmugen, «commoners» = vanleg folk). Men i praksis, og iallfall som politisk korporasjon, var det vel å merke berre dei ikkje-adelege og ikkje-geistlege sjølvstendig næringsdrivande som vart medrekna, dvs. dei med handels-, handverkar- eller skipparborgarskap i byane og gardbrukarar på landet. Representasjonsmyndet var dessutan uløyseleg knytta til husbondsstatus. Familiemedlemmer, sveinar og lærlingar, tenestefolk, husmenn og andre arbeidarar vart sedde einast som vedheng til dei husbondane som skulle representere tredjestanden. Innan alle stender stod kvinnene i andre rekkje, i pakt med den patriarkalske tankegangen som gjennomsyra standssamfunnet. Unntaka som stadfesta den fundamentale husbondsmakta var enkjer etter gardbrukarar, borgarar og jamvel lensinnehavarar før 1660, som kunne bli tillagde husbondsrettar i den verksemda dei overtok etter den avlidne ektemannen. Ein finn likevel knapt nokonsinne desse kvinnene i stenderforsamlingar, lagretter eller andre offentlege forsamlingar av myndige hushaldsoverhovud.

I kor stor grad bøndene var offisielt representerte blant riksstendene, varierte frå land til land. Liveigne og bønder elles som var underkasta adeleg eller geistleg «privat» herskapsmakt (seigneurial- eller føydalrettar), var haldne utanfor, for så vidt analogt med Platons utelating av slavane frå antikkens statsorden. I Noreg var husbondar på alle sjølvstendige (matrikulerte) gardsbruk inkluderte, anten gardane var sjølveigde eller leiglendingsgods, små eller store. Bøndene som «riksstand» kan seiast å ha falle saman med dei som hadde fulle rettar på bygdetinget.

Riksstender i Danmark-Noreg

Dei fire stendene som var representerte i den svenske Riksdagen: adel, presteskap, borgarskap og bønder. Stendene var forventa å skulle representere og fremje sentrale dygder som klokskap (prudentia), fromskap og gudsfrykt (pietas), vaksemd, vakthald og omhug (vigilia), kraft og styrke (fortis = sterk, kraftig, frisk). Svensk medalje frå 1600-talet. Bondestanden i Riksdagen var vel å merke rekruttert einast frå dei såkalla skattebønder og kronobønder.[2] Dette var dei gruppene som best kan jamførast med dei norske sjølveigarane og frie leiglendingar.

Mange stader, som i Noreg, var borgarskapet og bøndene definerte som stender kvar for seg. Saman med adel og presteskap var dei rekna som riksstender som vart innkalla ved kongehyllingar og stendermøte. Adelsmenn og biskopar hadde personleg møterett/-plikt. Det menige presteskapet, borgarskapet og bøndene sende valde eller utpeikte representantar.

Etter innføringa av eineveldet i 1660 var riksstendene ikkje lenger ein del av det politiske systemet i Danmark-Noreg. Det vart slutt på stendermøta, og den fremste politiske standsforsamlinga, Riksrådet, vart avskaffa. Riksrådet, der eit utval av rikets høgaste adel hadde sete, var eit sentralorgan som modifiserte kongemakta i monaleg grad.

Eit anna fenomen som kan knyttast til stenderstaten vart også avskaffa i og med eineveldet. Lensordninga vart avløyst av amtsinndelinga, og samstundes fall det adelege monopolet på slike regionale øvrigheitsposisjonar (lensherrefunksjonen) også bort. I prinsippet skulle nå folk med borgarleg herkomst kunne få også så høge embete, etter kvalifikasjonar, dugleik og kongeleg gunst. Ei anna sak er at høge embetsmenn med borgarleg bakgrunn gjerne kunne bli tildelt adelskap når dei fyrst var komne i slik posisjon. Frå 1679 medførte også visse plasseringar i rangen automatisk adeleg status (rangadel). Trass dette kan ein under eineveldet i Danmark-Noreg ikkje med god rett lenger snakke om ein stenderstat, i motsetnad til for eksempel Sverige, som hadde stenderforsamlinga Riksdagen i behald jamvel under tilnærma eineveldige kongar. Derimot gjev det meining å nytte uttrykket «rangstat» om det statlege styringssystemet i det som framleis under eineveldet definitivt var eit standssamfunn i Danmark og Noreg.

Kvar gjekk standsskilja?

Innan rettsstellet

Før 1660 var herredagen verneting for adelen. Her presiderer Christian 4 over ein slik herredag. Samtidig stikk.

Eit viktig samfunnsfelt der standsskilja var formelt og reelt fast institusjonaliserte, var rettsstellet. Det galdt for det fyrste ulik prosedyre for ulike stender i rettslege samanhengar. Adelen hadde såkalla privilegert verneting. I medhald av Chrsitian V's Norske lov 1687 skulle grevar og friherrar (baronar) og «de højeste Officerer» i livs- og æressaker stemnast direkte inn for Høgsterett i København. Andre av adel og «lige med Adelen privilegerede» hadde tilsvarande OverhoffrettenAkershus som verneting. Før 1660 var det herredagen som var adeleg verneting.

For det andre kunne privatpersonar vere tillagde justismakt i kraft av standsposisjon og privileg. Frå 1646 hadde eigarar av rette adelege setegardar såkalla hals- og håndsrett over sine vekedagsbønder. Medf hals- og hånd følgde rett til sikt- og sakefall (bøteinntekter). Privat sakefallsrett kunne under eineveldet også følgje godssamlingar i ikkje-adeleg eige.

For det tredje var det ein særskild justis for embetsgrupper og fagområde. Dette er rett nok ikkje utenkjeleg heller i moderne samfunn (jf. namsrett, arbeidsrett m.m.), men var i tidleg nytid tydeleg filtra inn i standstenkinga. Prestar vart stilte for geistlege domsstolar. Futar, stiftamtskrivarar og andre oppebørselsbetjentar vart ved mistanke om mishald av tenesta førde for Kammerretten i København. Tilsette ved bergverka tilhøyrde ein eigen bergverksjurisdiksjon osv. Tilsvarande galdt for soldatar og befal som stod under ein eigen Leksikon:militær jurisdiksjon, da md unntak av høge, adelege offiserar med høgsterett som verneting.

Styringsverket

Riksråd Lensinnehav Stendermøte Husbondsmakt (bygdetinget mm)

Jordeigedom og skatt

Fritt gods (setegardar, vekedagsgods) Beste manns bygselsrett. Rett til å påleggje leiglendingar og husmenn arbeidsplikt


Næringsprivileg

Livsstilsregulering

Kongelege luksusforordningar alt frå 1500-talet gav til dels særs detaljerte føresegner om kva medlemmene av dei ulike stender hadde lov til å bruke av smykke, klede av meir eller mindre fine stoff (særleg silke var det restriksjonar på!) osv. Likeins var det lagt meir eller mindre strenge band på korleis bryllaup, gravferder osv kunne markerast med samkomer innan dei ulike stendene.


Symbolsk ære og gunst

... jf. livsstilsreguleringane Heraldiske utmerkingar. Rang, gang og sete. Titulatur...

Standssamfunn etter 1814?

Eidsvollsgrunnlova bygde etter konstitusjonskomiteens innstilling på «den borgerlige Friheds Betryggelse, Ejendommenes Sikkerhed og Rettighedernes muligste Lighed». Om desse prinsippa er realiserte i eit samfunn, gjev det ikkje lenger meining å snakke om eit «standssamfunn» i ovanståande realhistoriske forstand. Det skulle likevel gå bortimot eit hundreår iallfall før prinsippet om «Rettighedernes muligste lighed» skulle bli verkeleggjort i vanleg liberal-demokratisk forstand. Det viktigaste leivningen frå det formaliserte standssamfunnet var røysteretten, som heilt til 1898 i all hovudsak var lagt til dei sjølvstendige husbondar i bygd og by. Dei «avhengige» i samfunnet, dei som var i andres brød, føderådsfolk (om dei enn var tidlegare husbondar og matmødre!), fattiglemmer osv. fekk ikkje denne grunnleggjande statsborgarlege retten før i 1898. Kvinner av kva «stand» det måtte vere fekk ikkje fulle politiske rettar før i 1913. Patriarkatet har vist seg meir seigliva enn dei formelle standsskilja.

Verneplikt...

Handels- og andre næringsprivleg?

Fleire norske historikarar har tidfesta oppløysinga av det norske standssamfunnet så vidt kronologisk presist som til ca 1840-1870, da tydeleg knytta til liberaliseringa av næringslovgjevinga som skjedde da, og i nokon mon til byrjinga av det store hamskiftet på bygdene.[3]

Det samfunnsvitskaplege omgrepet

Det realhistoriske fenomenet som er forsøkt utgreidd ovanfor, er knytta til Europa og til dels til europeiske koloniar i Amerika og andre stader. Men det sosiale fenomenet i meir abstrahert form finst att også mange andre stader i verda, i ulike samhøve til andre omgrep som kaste og klasse.

Kultur versus økonomi

I drøftingar av stand som samfunns- og kulturvitskapleg omgrep kan ein knapt unngå å forholde seg til filosofen Karl Marx (1818-1883) og sosiologen Max Weber (1864-1920), direkte eller indirekte. Fyrstnemnde var rett nok ikkje uttrykkeleg oppteken av sjølve standsomgrepet. Det sentrale omgrepet for Marx var samfunnsklasser definert ut frå kva stilling folk hadde i produksjonen som høvesvis produsentar og mottakarar av samfunnets meirprodukt. Han såg standsskilnader som interessante mest i den grad dei var uttrykk for klassetilhøva. For Weber stod standsomgrepet i fokus i studiar av både førmoderne og moderne samfunn, relatert til like sentrale omgrep som klasse og parti.

Weber, Østerberg, Bourdieu

Ein stand er hjå Weber ei samfunnsgruppe som utgjer eit eige kulturfellesskap. Dei som tilhøyrer standen, har sams leveveg, livsførsel og danningsnivå, og opplever eit subjektivt fellesskap med omsyn til identitetskjensle og oppfatningar av sømd og ære. Dei nyt dessutan (og derved) ein nærare bestemt grad av sosial prestisje i eigne og andre sine augo. Weber gjer i monaleg grad stand til eit tverrhistorisk, på sett og vis ahistorisk omgrep, på det viset at han meiner det kan brukast som nemning på eit sosiologisk fenomen innan ulike samfunnsformasjonar til høgst ulike tider. Han brukar det også om eit typemangfald av menneskelege fellesskap, iallfall ikkje berre om dei klassiske adel, presteskap og tredjestand. På sett og vis er Webers standsomgrep ei sosiologisk raffinering av kvardagsnemninga.

Dag Østerberg, i si klassiske lærebok Sosiologiens nøkkelbegreper (1983) trekkjer Webers standsomgrep kanskje enda lenger i kulturorientert lei. Han inkluderer i standsomgrepet fenomen som «bohemen» (kunstnarar og intellektuelle med ein utprega uborgarleg livsførsel) og den «borgarleggjorde» arbeidarklassen (lønarbeidarar som har adoptert middelklassens livsstil og verdiar). Blant markante standsskilje nemner Østerberg talemålsskilnader, fritidsvanar, matvanar, drikkevanar (vin/brennevin, kaffe/te osv.), religiøse preferansar (høgkyrkje, lågkyrkje, sekter...) med mykje meir. Dette verkar godt samanfallande med Pierre Bourdieus framstilling av dei (ofte finstemte) kulturelle nyansane som skil det han vanlegvis kallar klasser frå kvarandre. Dominerande sjikt i samfunnet dominerer mellom anna ved å inneha den største «kulturelle kapitalen». Bourdieus bruk av kapital i denne samanhengen, og hans og andres bruk av «klasse» som nemning for det Weber vel heller ville kalla ein «stand», aktualiserer forsøk på å finne kriteriar for å skilje mellom dei to nært relaterte omgrepa.


Stand og klasse hjå Weber og Marx

Felles for Marx og Weber er at klasse er eit fenomen som er knytte til sosioøkonomiske forhold. Men i motsetnad til Marx reserverer Weber klasseomgrepet for samfunn der marknadsøkonomien, og spesielt arbeidskraftsmarknaden har fått betydeleg plass, altså til kapitalismen.

«Vi vil tale om en «klasse» der hvor
1) et flertall av mennesker har det til felles at deres sjanser i i livet er bestemt av samme spesifikke årsakskomponent, for så vidt som
2) denne komponent utelukkende består av] økonomiske interesser i forbindelse med erverv eller eiendom, og
3) disse økonomiske interesser er betinget av markedet for økonomiske goder og arbeidskraft («klassesituasjon»).»[4]

Marx reserverer ikkje som Weber klasseomgrepet til kapitalistiske samfunnsformasjonar, og han festar seg i motsetnad til Bourdieu ikkje ved kulturelle og sosiale særtrekk som måtte hefte ved dei ulike klassene når han analytisk definerer desse. Klasseomgrepet, for så vidt både i Webers og Marx' bruk, er fyrst og fremst objektivt, dvs. ikkje avhengig av klassemedlemmenes individuelle medvit og identitetskjensle, og ikkje vesensbestemt av sine historisk «tilfeldige» framtoningsformer (kultur, levestandard, inntektsnivå etc). Klasser oppstår berre i møte mellom personar i bestemte posisjonar i organiseringa av produksjonsprosessen. Nærare bestemt knyter Marx klassene til den samfunnsmessig asymmetriske tileigninga av eit meirprodukt, dvs. eit produksjonsoverskot ut over det som skal til for å gjenskape produksjonskapasiteten, inklusive nødvendige sosiale utgifter. Og for Marx gjeld ikkje dette berre den kapitalistiske meirverdien skapt av lønsarbeidet. Eit rimeleg konsentrat av hans klasseforståing er at det gjeld grupper som står overfor kvarandre i eit utbyttingsforhold i produksjonen i både moderne og førmoderne samfunn: kjøparar kontra seljarar av arbeidskraft, eigarar kontra arbeidande leigarar av jord, herrar kontra slavar. Og klasseomgrepet bør reserverast for folk som faktisk står i ein slik relasjon til kvarandre.

Det strengt relasjonelle ved klasseomgrepet inneber mellom anna at ein og same person kan tilhøyre fleire klasser på ein gong, forskjellige klasser i forskjellige stadiar av livet, og ein treng for den saks skuld ikkje tilhøyre noko bestemt klasse i det heile teke. Standsomgrepet derimot klebar seg meir til enkeltindividet som eigenskapar ved personen, som kulturelt og sosialt skapte framtoningar, kroppsleg, intellektuelt og emosjonelt (jf. Bourdieus og andres habitus-omgrep og Platons kroppslege lokalisering av standseigenskapar.).

Østerberg nyttar som døme på skiljet mellom klasse og stand at «nyrike» og kapitalistar av «gamle» familiar tilhøyrer ei og same utbyttande klasse, men ulike stender.

I tidleg nytid i Noreg kunne ein bonde vere leiglending og såleis avlevere meirprodukt frå gardsdrifta si til ein godseigar. Godseigaren kunne tilhøyre ein heilt annan stand som adel eller borgarskap, men kunne like gjerne vere av bondestand som leiglendingen sjølv. Samstundes kunne den same leiglendingen på si side eige andre gardar og såleis vere «utbyttar» overfor andre standsfeller.

Forholdet mellom ein husbond og ein husmann var eit klasseforhold i marxistisk forstand. Dette klassetilhøvet fall også vanlegvis saman med samtidas oppfatning av standsskilnader. Men dette kunne vere diskutabelt og variere geografisk og over tid. Det var til dømes uklåre standsskilje i dei mange tilfella der bonden og husmannen var i nær slekt og hadde nær sosial, vennskapeleg omgang med kvarandre. Ein bonde og ein prest som båe hadde husmenn, stod i same klasseforhold til desse husmennene. Men ingen var i tvil om at bonden og presten tilhøyrde vidt skilde stender.

Ein bondefamilie med eit bruk som dei livbergar seg på utan inntekter utanfrå, og der familien sjølv utgjer tilstrekkeleg arbeidskraft for å drive garden, gjev det ikkje god meining å plassere i ein klasse i det heile teke.

Standskjensle, klassemedvit, interessegrupper/parti

Frå standssamfunn til klassesamfunn?

Referansar

  1. The Republic 41-44, 177-195.
  2. Roberts, M. 1977:121-122
  3. Kjeldstadli, K. 1978:50, 53 og fotnote 2
  4. Weber, M. 1975:54

Kjelder og litteratur

  • Berntsen, Arent: Danmarckis oc Norgis Fructbar Herlighed, digital utgåve på Nasjonalbiblioteket.
  • Kjeldstadli, Knut: «Standssamfunnets oppløsning», i Kontrast (77), nr. 7, 1978.Pax forlag.
  • Myers, A.R.: Parliaments and Estates in Europe to 1789. London 1975
  • Møen, Atle: «Webers klasse, stand og parti i ein universalhistorisk samanheng», i Sosiologisk tidsskrift, årg. 16, nr. 1 2008. Universitetsforlaget.
  • Plato. The Republic. I kommentert omsetjing ved Desmond Lee. Penguin Classics, 1987. Fyrste gong utgjeve 1955.
  • Pryser, Tore: «Kristiania-baker på 1800-tallet. Et sosialhistorisk eksempel.» I St. Halvard 4. hefte 1975, årg. 53.
  • Pryser, Tore: Norsk historie 1800-1870: frå standssamfunn mot klassesamfunn. Samlagets høgskulebøker. Oslo 1985.
  • Roberts, Michael (red.): Sweden's Age of Greatness 1632-1718, London 1973.
  • Weber, Max: Makt og byråkrati. Essays om politikk og klasse, samfunnsforskning og verdier. Utvalg og innledning ved Egil Fivelsdal. Oversatt av Dag Østerberg. Gyldendal studiefakkel, Oslo 1975 (Fyrste utgåve 1971).
  • Østerberg, Dag: Sosiologiens nøkkelbegreper og deres opprinnelse. Cappelen, Oslo 1984 (3. reviderte utgave).