Stavanger Byarkiv

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. okt. 2018 kl. 07:06 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Fotonettverk Rogaland)
Hopp til navigering Hopp til søk

Stavanger Byarkiv vart grunnlagt i 1973, då Stavanger kommune fekk både eige byarkiv og eigen byarkivarstilling. Byarkivet tek vare på kommunen sitt arkiv, men tek også imot privatarkiv med og utan fotomateriale.

Byarkivet har mellom anna fleire store fotografarkiv: Sverre Eskildsen (33 366 nr.), Arne Kaada (435 736 nr.), den yngste delen av Marthon A. Høiland sitt arkiv (233 754 nr.) og arkivet etter Gabriel T. og Birger Espedal (minst 200 000 nr.). Byarkivet har fotografisk materiale frå minst 11 kommunale etatar. I tillegg kjem Widerøe-luftfotoarkiva frå dei tre eldre kommunane Madla, Hetland og Stavanger og byarkivet si postkortsamling. Fotomaterialet med kommunalt opphav inneheld verdfulle topografiske fotografi som går tilbake til midten av 1860-åra. Stavanger kommune tok tidleg til med å dokumentera bygningsmiljø i byen. Arkivet er med i Fotonettverk Rogaland.

Byarkivet har også ei eiga filmsamling (levande bilete) med kommunalt og privat opphav. Dessutan har Stavanger Museum avd. Norsk Hermetikkmuseum deponert 21 filmar ved byarkivet.

Kilder

  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Stavanger Byarkiv på Digitalt museum.
  • Stavanger Byarkiv på KulturNav, som i sin tur byggjer på:
    • Fotonettverk Rogaland (2008)


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Stavanger Byarkiv er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.

Mal:Spire1