Stavkyrkja i Volda

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Stavkyrkja i Volda. Tatt ned i 1858. Malt av Ranveig Alvestad Halkjelsvik
Foto: Narve F. Birkeland

Stavkyrkja i Volda. Den første kyrkja i VoldaSunnmøre var truleg bygd sist på 1200-talet eller tidleg på 1300-talet. Det var ei stavkyrkje, først bygd som langkyrkje. Seinare vart den utbygd til krosskyrkje. Første tilbygget kom i 1550-åra. Det andre ei god stund seinare. Fullt utbygd skal det ha vore plass til 621 personar i kyrkja, «saavel staaende som sittende». Kyrkja vart tatt ned i 1858.

«Eit vakkert smykkeskrin»

Historikaren Jostein Nerbøvik skreiv om denne kyrkja: «Innvending var Voldskyrkja som eit vakkert smykkeskrin, med sin overdådige prydnad». Denne karakteristikken høver best frå 1600/1700-åra og framover. Det finst ikkje eksakt kunnskap om kyrkja frå dei første hundreåra. Men det finst påliteleg dokumentasjon på korleis kyrkja blei rikt utsmykka frå tidleg på 1600-talet og framover. Både med rike dekorasjonar i sjølve kyrkjerommet og med fleire vakre gjenstandar i tillegg. Eit møte med kyrkja kunne derfor, i tillegg til den religiøse opplevinga, gi ei estetisk oppleving for kyrkjelyden.

Utsmykking i kyrkjerommet

Sjølve kyrkjerommet var gjennom dei første hundreåra truleg nokså nøkternt utsmykka. Først i 1797 kom den utsmykkinga som mest gjorde kyrkja til eit «smykkeskrin». Dette året dekorerte «Webjørn Maler» kyrkja. Men det var i 100-året før at utsmykkinga begynte, - delvis i form av gåver.

Den første gåva vi kjenner til, er frå 1643. Det var ei stor tavle (110x217 cm), truleg del av ei større pasjonstavle. Den var malt i rike fargar, med motiv frå Jesu liv. Tavla var montert på venstre langvegg framme, slik at den viste godt igjen i kyrkjerommet. Året etter fekk kyrkja både ny altertavle og ny preikestol. Begge var laga av Elias Olsson Følsvik. Presten Mathias Clausen Scaanning og kona, Ingeborg Hansdatter Glad, kosta preikestolen. Etter at presten Scaanning døydde i 1673, fekk kyrkja i gåve eit epitafium over familien Scaanning.

Epitafiet etter Scaanning.
Foto: Johan Nerbøvik

På 1700-talet fekk kyrkja i gåve ei stor kiste i eik (84x206 cm) Den var rikt utskoren på alle synlege sider. Og seinare på 1700-taalet vart kyrkja dekorert innvendig, slik det er tidlegare er nemnt. Nå var smykkeskrinet ferdig.

Stavkyrkja blir tatt ned

Ferdig utsmykka fekk kyrkjelyden i Volda ha kyrkja i mindre enn 100 år. I 1851 blei det lovfest at ei soknekyrkje måtte ha eit visst tal sete i høve til innbyggarane i soknet. Den gamle stavkyrkja vart då for liten, og den vart tatt ned i 1858. Ny, større kyrkje vart bygd, og verdfulle gjenstandar vart førde over til den nye kyrkja. Det meste gjekk med då denne kyrkja brann i 1929. Bare tavla og kista «overlevde». Dei hadde tidlegare blitt selde til Bergen Museum og der er det tatt vare på ennå. Eit blyvindu er tatt vare på ved Austefjord museum. Dette vinduet er dokumentert nedanfor ved Oddvar Høydalsvik.

Bilete av blyinnfatta vindauge

Kjelder

  • Følsvik, Elias Olsson (udatert). Aa, Per: Frå eit langt liv. Folkeminne, segn og soge. Volda 1975
  • Nerbøvik, Jostein: Myndige møringar 1740–1870. Volda 2004 s. 228.
  • Ørstavik, Ragnar: Volda kyrkje 50 år. 1932-1982. Volda 1982


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Stavkyrkja i Volda er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.