Steffen Edvardsson Haugen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. des. 2014 kl. 07:53 av Kallrustad (samtale | bidrag) (gardbrukar, lenkje)
Hopp til navigering Hopp til søk

Steffen Edvardsson Haugen (1771-1842) var gardbrukar, fødd på Haugen (bnr. 1) i Vanylven prestegjeld. Han gifta seg første gong i 1793 med Massi Madsdtr. Ytre Vik, andre gong i 1796 med Oline Torbjørnsdtr. Skalle. Det var ingen born i desse to ekteskapa. Steffen gifta seg for tredje gong i 1799 med Ane Danielsdtr., og i dette ekteskapet vart det fødd tre born som vaks opp. Steffen Edvardsson tok over Haugen etter faren i 1789, og han var brukar fram til 1836.

Våren 1814 var Steffen Edvardsson Haugen valmann for Vanylven prestegjeld.

Kjelder:

  • Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr.: "Adresser og Fuldmagter", Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, 1914, s. 331-332.
  • Sæter, R. Emil: Ættesoge for Vanylven, bd II, 1981, s. 105.