Steffen Gausemel

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Steffen Gausmel»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Steffen Gausemel Foto: Norges filologer og realister, 1950

Steffen Reidar Gausemel (23.10.1910–26.3.1981)[1][2] var skulemann og historikar.

Gausemel var fødd i Hornindal.Han var son til løytnant og bonde Jakob Ragnvald Gausemel og Lise Marie Lødemel.[3] Examen artium 1931, cand.philol. 1937 med tysk og soge som sidefag og norsk hovudfag.[3][4] Gausemel var overlærar ved Drammens Handelsgymnasium 1937–1946. Han vart tilsett som lektor ved Drammens offentlige høyere almenskole 1946. Han var inspektør ved same skule frå 1951 og rektor ved skulen frå 1963 til 1977 (frå 1965 heitte skulen Drammen gymnas).[5][6] Han var utvekslingslektor i Kolding i Danmark 1951.[2]

Hovudfagsoppgåva hans, Rasmus Steinsvik, vart utgjeven som bok i 1937, og seinare skreiv Gausemel m.a. Liers bygdehistorie frå om lag 1500 til 1914 i band V (1962) og VI (1969) av Liers historie. Han var medredaktør av festskrift til 100-årsjubileet til Drammens Sangforening i 1950 og skreiv festskriftet til 125-årsjubileetjubileet til same songforeininga i 1975. Han skreiv også Sangforeningen Lærkens historie 1880-1955 (1955), Drammen og Omland Huseierforening 1907-57 (1957) og Drammens manufakturkjøpmenns forening 1909-1959 (1959).[5] Han skreiv store delar av boka Finnemarka. Han skreiv også bidrag til lokalhistoriske tidsskrift som Det var den ti' (Lier historielag), Rundtom Drammen og Eikerminne (Eiker Historielag).

Han var med i fleire songlag, i hovudsak mannskor, og vart tildelt riddar- og kommandørkors i eit par kor.[2]

Som student var Gausemel leiar i Nordfjordlaget i Oslo.[7] Han var leiar i Studentmållaget i 1935[8] og seinare i Drammen Mållag, Drammen lokallag av Norsk Lektorlag og Pedagogisk samfunn for Drammen og Omegn.[2] Han var medlem i Drammen bystyre.[5]

Han gifta seg i 1941 med Gladys Kristine Gjørven (1920–1994). Dei hadde fire born.[3][1]

Referansar

  1. 1,0 1,1 Dødsannonse, Aftenposten, 29. mai 1981, s. 17
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Studentene fra 1931, s. 106. Oslo 1956
  3. 3,0 3,1 3,2 Norges filologer og realister, 1950, s. 232
  4. Harald I. Gløersen (1966): Drammen latinskole gjennom 150 år, s. 195. Drammen: Harald Lyche & Co.
  5. 5,0 5,1 5,2 (1959). http://byleksikon.drmk.no/gausemel-steffen-reidar-i-7-1910-1981/
  6. https://byleksikon.drmk.no/drammen-latinskole/
  7. Avisa «Den 17de Mai», 13/10-1934
  8. Studentmållaget 50 år, s. 158, s. 183. Oslo 1952

Litteratur og kjelder