Steinsdalsfossen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinsdalfossen i Hardanger.
Foto: Leif-Harald Ruud (2022).

Steinsdalsfossen i Kvam herad i Vestland fylke ligg omlag to kilometer vest for Norheimsund. Han har eit samla fall på 50 meter, medan det loddrette fallet er 20 meter.

Det er ikkje villskapen eller storleiken som gjer fossen til ein av dei mest vitja i Noreg. Han skil seg ut av di det går ein sti bak fossen som ein kan gå tørrskodd på, og frå parkeringsplassen er vegen kort til sjølve fossefallet. Vegen fram er jamvel tilpassa dei som er dårlege til beins eller sit i rullestol.

Fossen er ein del av Fosselva som kjem frå Myklavatn på 814 moh. Han vart danna i 1699 då elva fann seg eit nytt løp.

Kjelder


Koordinater: 60.37079° N 6.10289° Ø