Storebåtsvogna: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Geografi, lenkje)
(→‎Galleri: eit bilde)
Linje 17: Linje 17:
Bilde:Storebåtsvogna 1997.jpg|Eit bilde til frå båtdraginga med vogna i 1997.
Bilde:Storebåtsvogna 1997.jpg|Eit bilde til frå båtdraginga med vogna i 1997.
Bilde:Storebåtsvogna.jpg|Båtskuret april 2010.
Bilde:Storebåtsvogna.jpg|Båtskuret april 2010.
Bilde:Ottring på vogna.jpg|Storebåtsvogna vart nytta under sjøsetting av nybygd sunnmørsottring i Jakobsggarden i 1981
</gallery>
</gallery>



Sideversjonen fra 10. sep. 2022 kl. 21:39

Draging av båt med Storebåtsvogna. Båten er ein 40 fots dekksbåt som seinare fekk ein liten motor og gjekk i fart på Austefjorden. Pga. liten fart fekk båten tilnamnet «Bondepinå».

Storebåtsvogna i Bjørkedalen i Volda er kanskje Noregs einaste hestetrekte båtvogn bygd med statstilskot. Bakgrunnen for tiltaket var utviklinga i fiskerinæringa på kysten sist på 1800-talet, særleg overgangen til større båtar og dei problema båtbyggjarane i Bjørkedalen hadde med transportvegen ned til Kilsfjorden og sjøen.

Bjørkedalingane kunne sjølvsagt bygge større båtar, men det å frakte dei på den gamle vegen vart vanskelegare og vanskelegare. Dette behovet var medverkande til at det vart bygd ny, telefri veg ned til Kile sist i 1870-åra.

Vegsjefen i amtet, Harald Rosenquist, planla vegen og båttransporten saman med bjørkedalingane og teikna ei vogn som kunne ta båtar opp til 15 meter. Ho skulle ha fire hjul og trekkjast av fire eller seks hestar. Ein vognmakar på Veblungsnes bygde vogna for 90 spesiedaler (320 kr), der staten dekte halvparten og bygda resten. Bygdefolket bygde så eit skur for vogna ved nordenden av Bjørkedalsvatnet (bilde).

Til å dekkje vedlikehaldsutgiftene vart det betalt inn 1 kr pr båt som vart frakta med vogna, auka til 2 kr i 1918.

Dei siste gongane vogna var i aktivt bruk var i 1973 då båtbyggjar Sigurd Bjørkedal frakta den meir enn 18 m lange kopien av Kvalsundskipet, og i 1997 frakta båtbyggjar Jakob Helset Gokstadskipet-kopien «Olav Tryggvason» ned til Kilsfjorden.

Galleri

Kjelde

  • Avisartikkel av Arne Knutsen, udatert, kopi som oppslag i båtskuret, avfotografert april 2010.

Informant

  • Jakob Helset