Storhaug (Fedje gnr 172 bnr 36)

Storhaug er ein eigedom i Fedje kommune.

Storhaug
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 36

1. Olaf Karlsen Storhaug f. 1904 Hesteneset (gnr 169 bnr 26-le) d. 1994 g. 1928 m. Astrid Nilsd Ones f. 1900 Lindås d. 1990 (jf Lygrab. s 222, dotter av Nils Johannessen f. 1851 og Lisa Olsd f. 1871). Karl Olsen, far til Olaf, kjøpte jord her i 1917, sjå gnr 172 bnr 16-1.

Jorda vart delt i tre, og Karl fekk skøyte på denne parten med bnr 36 i 1921. Dei sette opp hus her i 1924. Olaf tok eigedomen og huset i bruk då han gifta, og fekk skøyte i 1945. Han var fiskar og småbrukar. Familien tok slektsnamnet Storhaug (etter tunnamnet) i 1949.

Born: a. Berta Kristine Storhaug f. 1929, ugift, sjukepleiar, bustad Bergen. b. Lise Nancy Storhaug f. 1932 g. 1953 m. Bernhard Myksvoll f. 1922 Øvre Myksvoll i Lindås d. 2014, gardbrukarar der (jf Lygrab. s 389). c. Karl Leif Storhaug f. 1935 d. 2008 g. 1960 m. Aase Husa f. 1931 (gnr 168 bnr 48-le) d. 2015, bygde på frådelt tomt (gnr 172 bnr 116). Karl fekk skøyte her (jorda og uthus) i 1986. d. Aslaug Odrun Storhaug f. 1937 var g. 1962 m. Ludvig Grov f. 1934 Kinn i Flora, Sunnfjord d. 2020, busette Åsane i Bergen. Ho fekk skøyte på tomta med huset med gnr 172 bnr 168 (sjå der) i 1996, frådelt i 1986. – Dei tre døtrene Mariann, Anita og  Lisbeth til Karl (1c) fekk skøyte i 2016 på bnr 36, som omfattar jorda og uthus.


Fedje komm.svg Storhaug (Fedje gnr 172 bnr 36) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nygård (Fedje gnr 172 bnr 16) • Neste bolk: Myre (Fedje gnr 172 bnr 37)