Stormarkvegen 166 (Fedje gnr 172 bnr 197)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stormarkvegen 166
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 197
Adresse: Stormarkvegen 166

Stormarkvegen 166 er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Vidar Stormark f. 1968 Nygård (gnr 172 bnr 111-2c), sjåfør, g. 1995 m. Evy Beate Uthaug f. 1973 Bergen (sjå Brotet gnr 168 bnr 77-lca), dei budde først i Fjell. Skøyte 1999 på tomt frådelt gnr 172 bnr 103 same året. Huset vart bygd i 2001. Ekteskapet oppløyst. Han bygde sidan på Stormark (gnr 172 bnr 236), sjå der. Ho flytta til Husa (gnr 168 bnr 185-2).

Born: a. Julie Stormark f. 1997 g. 2019 m. Bjørnar Berg f. 1996 Kristiansand, busette der. b. Amalie Stormark f. 1999 samb.m. Kristoffer Myklebusthaug f. 1996 frå Fonnes i Austrheim (jf Austrheimb. I s 318), busette der.

2. Anita Hatlem f. 1978 Husa (gnr 168 bnr 229-1e), sjukepleiar, g. 2012 m. Einar Villanger f. 1978 Husøyna (gnr 168 bnr 337-1c), matros. Dei budde før i Haugesund. Skøyte i 2015.

Born: a. Hanna Mandelid f. 2002, bustad Bergen. b. Amanda Mandelid f. 2005, bustad Bergen (deira far tidl. samb. Øystein Mandelid f. 1971, bustad Haugesund, seinare Eidsvoll). c. Sivert Johan Hatlem Villanger f. 2010.


Fedje komm.svg Stormarkvegen 166 (Fedje gnr 172 bnr 197) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Fedjemarka 16 (Fedje gnr 172 bnr 179) • Neste bolk: Stormarkvegen 164 (Fedje gnr 172 bnr 200)