Storstabburet (Lom)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. des. 2010 kl. 08:34 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>thumb|Storstabburet Storstabburet ved Lom bygdamuseum er eit staseleg tømrahus i tre høgder bygd i 1613 eller kort…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Storstabburet

Storstabburet ved Lom bygdamuseum er eit staseleg tømrahus i tre høgder bygd i 1613 eller kort tid etter.[1] Det er i dag ein del av museet og inneheld ei utstilling om «Vatn og korn» - dei spesielle vatningsteknikkane Nord-Gudbrandsdalen er kjent for og kva korndyrkinga har hatt å seie opp igjennom tidene.[2]

Huset vart bygd som tiendebu for Lom prestegjeld, som den gong òg omfatta Skjåk. Ivar Kleiven meiner grunnen til at huset vart bygd så stort var at den samla tienda (til kongen, presten og kyrkja) frå Lom kunne vera så mykje som 300 tønner.

Storstabburet vart på eit tidspunkt teke i bruk som kornmagasin for Lom prestegjeld. Den funksjonen vart avvikla sist på 1800-talet.[3]

I 1839 behandla Lom heradsstyre eit forslag om å «demolere» Storstabburet for å bygge heradshus etter forslag frå formannskapet.[4] Heradsstyreprotokollen er borte, men Storstabburet står i alle fall framleis.

Litteratur

Referansar

  1. Fortisminneforeninger. Årbok 2010. Dendrokronologiske oppdateringer fra Oppland s. 174.
  2. Heimeside under Gudbrandsdalsmusea
  3. Teigen, Håvard 1999: Banken som bygdeutviklar. Lom og Skjåk Sapebank gjennom 125 år s. 24. Kornmagasinet vart ikkje realisert som grunnfond i banken.
  4. Årbok for Gudbrandsdalen 1970 s. 188f.