Strømme konfeksjonsfabrikk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Strømme konfeksjonsfabrikk''' vart etablert i 1962 av Thomas Strømme og sonen Børre Strømme. Thomas Strømme hadde då vore i konfeksjonsbransjen i 42 år, og frå 1932 hadde...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''Strømme konfeksjonsfabrikk''' vart etablert i 1962 av [[Thomas Strømme]] og sonen [[Børre Strømme]]. Thomas Strømme hadde då vore i konfeksjonsbransjen i 42 år, og frå 1932 hadde han vore i lag med svogeren Paul Furseth i [[P. Furseths Konfeksjonsfabrikk]]. Strømme konfeksjonsfabrikk heldt frå starten til i dei same lokala på Klokkehaugen i Sykkylven som P. Furseth konfeksjonsfabrikk hadde vore.
'''Strømme konfeksjonsfabrikk''' vart etablert i 1962 av [[Thomas Strømme]] og sonen [[Børre Strømme]]. Thomas Strømme hadde då vore i konfeksjonsbransjen i 42 år, og frå 1932 hadde han vore i lag med svogeren Paul Furseth i [[P. Furseth konfeksjonsfabrikk]]. Strømme konfeksjonsfabrikk heldt frå starten til i dei same lokala på Klokkehaugen i Sykkylven som P. Furseth konfeksjonsfabrikk hadde vore.

Strømme-verksemda spesialiserte seg på å sy uniformer. Første tida laga dei mest musikkuniformer. Etter kvart vart det meir yrkesuniformer, både til offentlege etatar og private selskap, t.d. bankar. Heile tida heldt dei ved like produksjonen av herreklede, m.a. for å jamne ut sesongvariasjonane i uniformsproduksjonen.  

Sideversjonen fra 20. jul. 2011 kl. 05:59

Strømme konfeksjonsfabrikk vart etablert i 1962 av Thomas Strømme og sonen Børre Strømme. Thomas Strømme hadde då vore i konfeksjonsbransjen i 42 år, og frå 1932 hadde han vore i lag med svogeren Paul Furseth i P. Furseth konfeksjonsfabrikk. Strømme konfeksjonsfabrikk heldt frå starten til i dei same lokala på Klokkehaugen i Sykkylven som P. Furseth konfeksjonsfabrikk hadde vore.

Strømme-verksemda spesialiserte seg på å sy uniformer. Første tida laga dei mest musikkuniformer. Etter kvart vart det meir yrkesuniformer, både til offentlege etatar og private selskap, t.d. bankar. Heile tida heldt dei ved like produksjonen av herreklede, m.a. for å jamne ut sesongvariasjonane i uniformsproduksjonen.

Strømme konfeksjonsfabrikk flytte i 1977 inn i nye produksjonslokale på 700 kvm nær Aure sentrum i Sykkylven. I 1984 utvida dei fabrikklokala ved å bygge på ein etasje. Bedrifta hadde på det tidspunktet 35 tilsette.

1984 var eit aktivt år for selskapet. Då opna dei eigen klesbutikk på 250 kvadratmeter i Holen-bygget på Aure. Her selde dei moteklede frå ulike produsentar.

I 1990-åra miste dei fleire av sine største kundar, og driftsgrunnlaget forsvann. Verksemda vart difor lagt ned. Butikkdrifta har halde fram.

Det tidlegare produksjonsbygget til Strømme konfeksjonsfabrikk har dei seinaste åra vore utleigd til andre. Frå 2000 har Norsk Møbelfaglig Senter halde til her. Elles er sekretariata for Sykkylven handelsforeining, Sykkylven Næringsutvikling, Sykkylven bustadselskap og Opplæringskontoret for møbelindustrien i Møre og Romsdal lokaliserte hit. Det er også verksemdene Leathermaster og Møbellaboratoriet. Huset går i dag under namnet Næringens hus.

Kjelde

  • Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven.

Sykkylven leksikon