Stranda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 17. feb. 2020 kl. 14:33 av Kallrustad (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Stranda kommune
1525 Stranda komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1525
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Stranda
Areal 865.87  km²
Areal land 845.5  km²
Areal vann 20.37  km²
Folketall 4 587 (2018)
Målform nynorsk
Nettside Nettside

Stranda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal og ligg lengst inn i Storfjorden, der han deler seg til Norddalsfjorden og Sunnylvsfjorden. Stranda kommune grensar mot Fjord kommune i nord og aust. Heilt i søraust grensar Stranda mot Skjåk kommune i Innlandet fylke, og i sør mot Stryn i Vestland og Volda i Møre og Romsdal. I vest grensar Stranda mot Sykkylven og Ørsta kommunar. Den noverande Stranda kommune vart oppretta i 1965, då Sunnylven vart samanslegen med gamle Stranda kommune.

Administrasjonssenteret er tettstaden Stranda. Dei større bygdene er Geiranger, Liabygda og Hellesylt. Kommunen har fire kyrkjer, Stranda kyrkje (Sløgstad kyrkje), Sunnylven kyrkje, Liabygda kyrkje og Geiranger kyrkje.

Riksveg 60 går gjennom kommunen, frå Strandafjellet og Sykkylven i nord, gjennom kommunesenteret Stranda, til Hellesylt, vidare sørover til Hornindal.

Kommunen har eige vinmonopol.

Sjå òg

Eksterne lenkjer