Straumbåt: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: <onlyinclude>{{thumb|10699 straumbaat (Saltstraumen Museum).jpg|Straumbåt i Saltstraumen Museum.|Olve Utne}} Ein '''straumbåt''' (lokal uttale: ["strøʊmˌbɔ.t]) er ein lokal va...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 13: Linje 13:
[[kategori:Saltdal kommune]]
[[kategori:Saltdal kommune]]
[[kategori:nordlandsbåter]]
[[kategori:nordlandsbåter]]
{{Q}}
{{f1}}

Sideversjonen fra 10. jan. 2012 kl. 22:47

Straumbåt i Saltstraumen Museum.
Foto: Olve Utne

Ein straumbåt (lokal uttale: ["strøʊmˌbɔ.t]) er ein lokal variant av saltværingsbåten. Straumbåtane, som normalt har to fulle rom og eit halvrom i midten, og to til tre par årar, blei tradisjonelt bygd på Evenesgård og Kvæle i Saltdalen for bruk i den ekstreme straumen (opptil 16 knop) i Saltstraumen i Bodø. Karakteristiske drag ved straumbåten er den grunne kjølen og relativt flatbotna skrogforma så vel som at sjølve kjølen er kort og går over, via ein knekk, i lett skrånande understemne ved skottane. Straumbåtane har ikkje tollpinnar (som lett kan knekke ved stor belastning), men naturlig voksne heiltre-keipar med solide hammelband av sydd dyrehud. Resultatet er ein gruntgåande båt med brei base og lite motstand under vasslinja — ein kombinasjon som er gunstig for å komme seg fram i sterk straum, men til gjengjeld usikker når både straumen og vinden er sterk.

Kjelder

Bøker

Nettsider