Straumsheim: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(Utdrag, F2)
Linje 1: Linje 1:
'''Straumsheim''' er ein gard ved tettstaden [[Straumgjerde]] i [[Sykkylven]]. Per 2015 har garden fire hovudbruk og fleire plassar. Det er ikkje noko byggjefelt knytt til garden, men nokre få hustomter er skilt ut og utbygde med private bustadhus. På Straumsheim er det også eit industrifelt. Noko sjøgrunn vart utskilt og fylt ut kring 1970. Her har det vore både møbelproduksjon, glasmeisterverksemd, bilverkstad, transportverksemd og produksjon av utstyr for marin næring. Bygdavegen gjekk tidlegare gjennom Straumsheim-tunet. Tidlig i 1970-åra vart vegen lagt om og han går no rett i overkant av industriområdet.  
<onlyinclude>{{thumb|Straumsheim Sykkylven.jpg|Garden Straumsheim i 2015. I bakgrunnen ser vi litt av tettstaden Straumgjerde.|[[Eldar Høidal]]}}
'''[[Straumsheim]]''' er ein gard ved tettstaden [[Straumgjerde]] i [[Sykkylven]]. Per 2015 har garden fire hovudbruk og fleire plassar. Det er ikkje noko byggjefelt knytt til garden, men nokre få hustomter er skilt ut og utbygde med private bustadhus. På Straumsheim er det også eit industrifelt. Noko sjøgrunn vart utskilt og fylt ut kring 1970. Her har det vore både møbelproduksjon, glasmeisterverksemd, bilverkstad, transportverksemd og produksjon av utstyr for marin næring. Bygdavegen gjekk tidlegare gjennom Straumsheim-tunet. Tidlig i 1970-åra vart vegen lagt om, og han går no rett i overkant av industriområdet. </onlyinclude>


Garden har namn etter «den korte strøm mellem fjorden og Fetvandet» ([[Oluf Rygh|Rygh]]). Av eldre former kan nemnast Strømsym (1520), Strømsim (1629), Strømbsimb (1634) og Strømsemb (1680). Seinare i lang tid Strømsem. Etter at forma Strømsheim vart vanleg på [[1800-talet]], og forma Straumsheim vart teken i bruk då landsmålet tok til å vinne fram i skulen, har desse to formene begge vore brukte som familienamn. Men i talemålet har vel namnet alltid hatt «au» i første staving. [[Hundeidvik]]arar har sagt «innj onde Strauma» når dei meinte Straumsheim eller dei andre gardane ved enden av Sykkylvsfjorden.  
Garden har namn etter «den korte strøm mellem fjorden og Fetvandet» ([[Oluf Rygh|Rygh]]). Av eldre former kan nemnast Strømsym (1520), Strømsim (1629), Strømbsimb (1634) og Strømsemb (1680). Seinare i lang tid Strømsem. Etter at forma Strømsheim vart vanleg på [[1800-talet]], og forma Straumsheim vart teken i bruk då landsmålet tok til å vinne fram i skulen, har desse to formene begge vore brukte som familienamn. Men i talemålet har vel namnet alltid hatt «au» i første staving. [[Hundeidvik]]arar har sagt «innj onde Strauma» når dei meinte Straumsheim eller dei andre gardane ved enden av[[Sykkylvsfjorden]].  


Både gardsnamnet og lokaliseringa tyder på at dette er ein gammal gard. Vi finn elles namnet i dei gamle sunnmørsættlegga frå 1100-1200-talet. Men garden kan vere mykje eldre. Det er prova at det fanst gardar med namn som enda på -heim før 500 e. Kr., og der er endå eldre spor etter åkerbruk på [[Sunnmøre]].  
Både gardsnamnet og lokaliseringa tyder på at dette er ein gammal gard. Vi finn elles namnet i dei gamle sunnmørsættlegga frå 1100-1200-talet. Men garden kan vere mykje eldre. Det er prova at det fanst gardar med namn som enda på -heim før 500 e. Kr., og der er endå eldre spor etter åkerbruk på [[Sunnmøre]].  


== Utskifting ==
== Utskifting ==
Rett overfor garden ligg det over 1000 meter høge [[Straumshornet]] som stengjer noko for morgonsola. Midtsommars slepp solskinet ned til garden ved ½8-tida. Garden har eit sentralt lægje, og tuna ligg frå 100 til 200 meter frå hovudvegen. Straumsheim grensar til Fet, som ligg ved andre enden av Fitjavatnet, men avstanden dit er så stor at ein ikkje gjerne tenkjer på Fet og Straumsheim som grannegardar. I aust ligg utmark og fjell, i nord Riksheimgjerde. Fjorden og vatnet, med den korte Straumen i mellom, dannar grensa mot Straume og [[Straumgjerde]].  
<onlyinclude>Rett overfor garden ligg det over 1000 meter høge [[Straumshornet]] som stengjer noko for morgonsola. Midtsommars slepp solskinet ned til garden ved ½ 8-tida. Garden har eit sentralt lægje, og tuna ligg frå 100 til 200 meter frå hovudvegen.</onlyinclude> Straumsheim grensar til Fet, som ligg ved andre enden av Fitjavatnet, men avstanden dit er så stor at ein ikkje gjerne tenkjer på Fet og Straumsheim som grannegardar. I aust ligg utmark og fjell, i nord Riksheimgjerde. Fjorden og vatnet, med den korte Straumen i mellom, dannar grensa mot Straume og [[Straumgjerde]].  


Frå tidleg på [[1600-talet]] hadde Straumsheim fire jamstore bruk, og før utskiftinga i [[1834]] låg alle tuna tett i lag søraust for elva. For å få slutt på den gamle teigblandinga møttest alle brukarane i forlikskommisjonen, men det lukkast ikkje å kome til ei semje om ei utskifting «i mindelighed». Brukarane ville ha saka for retten etter lov av 17. august [[1821]]. Den 6. august 1834 tok utskiftinga til og vart avslutta 4. oktober. Ein brukar måtte flytte ut frå gamletunet, og alle ville helst sleppe, for på den staden det eine bruket skulle flyttast til såg det så armt ut, utan ei einaste åkerbot. Men lægjet var elles framifrå, og brukaren av Andersgarden såg nok at der kunne det bli til noko. Han gjekk med på å flytte og fekk sitt i eitt stykke. Det same fekk Ellendgarden, og dei to andre bruka fekk sitt i to stykke.  
Frå tidleg på [[1600-talet]] hadde Straumsheim fire jamstore bruk, og før utskiftinga i [[1834]] låg alle tuna tett i lag søraust for elva. For å få slutt på den gamle teigblandinga møttest alle brukarane i forlikskommisjonen, men det lukkast ikkje å kome til ei semje om ei utskifting «i mindelighed». Brukarane ville ha saka for retten etter lov av 17. august [[1821]]. Den 6. august 1834 tok utskiftinga til og vart avslutta 4. oktober. Ein brukar måtte flytte ut frå gamletunet, og alle ville helst sleppe, for på den staden det eine bruket skulle flyttast til såg det så armt ut, utan ei einaste åkerbot. Men lægjet var elles framifrå, og brukaren av Andersgarden såg nok at der kunne det bli til noko. Han gjekk med på å flytte og fekk sitt i eitt stykke. Det same fekk Ellendgarden, og dei to andre bruka fekk sitt i to stykke.  
Linje 35: Linje 36:


==Kjelde==
==Kjelde==
*Gjævenes, Martin: ''Gardssoge for Sykkylven. Band 3''. Sykkylven 1983.
*Gjævenes, Martin: ''Gardssoge for Sykkylven. Band 3'', Sykkylven 1983.
*{{Høidal 1990}}
*{{Høidal 1990}}


[[Kategori:Sykkylven leksikon]][[Kategori:Garder]][[Kategori:Sykkylven kommune]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]][[Kategori:Garder]][[Kategori:Sykkylven kommune]]
{{F2}}

Sideversjonen fra 10. aug. 2015 kl. 11:19

Garden Straumsheim i 2015. I bakgrunnen ser vi litt av tettstaden Straumgjerde.

Straumsheim er ein gard ved tettstaden Straumgjerde i Sykkylven. Per 2015 har garden fire hovudbruk og fleire plassar. Det er ikkje noko byggjefelt knytt til garden, men nokre få hustomter er skilt ut og utbygde med private bustadhus. På Straumsheim er det også eit industrifelt. Noko sjøgrunn vart utskilt og fylt ut kring 1970. Her har det vore både møbelproduksjon, glasmeisterverksemd, bilverkstad, transportverksemd og produksjon av utstyr for marin næring. Bygdavegen gjekk tidlegare gjennom Straumsheim-tunet. Tidlig i 1970-åra vart vegen lagt om, og han går no rett i overkant av industriområdet.

Garden har namn etter «den korte strøm mellem fjorden og Fetvandet» (Rygh). Av eldre former kan nemnast Strømsym (1520), Strømsim (1629), Strømbsimb (1634) og Strømsemb (1680). Seinare i lang tid Strømsem. Etter at forma Strømsheim vart vanleg på 1800-talet, og forma Straumsheim vart teken i bruk då landsmålet tok til å vinne fram i skulen, har desse to formene begge vore brukte som familienamn. Men i talemålet har vel namnet alltid hatt «au» i første staving. Hundeidvikarar har sagt «innj onde Strauma» når dei meinte Straumsheim eller dei andre gardane ved enden avSykkylvsfjorden.

Både gardsnamnet og lokaliseringa tyder på at dette er ein gammal gard. Vi finn elles namnet i dei gamle sunnmørsættlegga frå 1100-1200-talet. Men garden kan vere mykje eldre. Det er prova at det fanst gardar med namn som enda på -heim før 500 e. Kr., og der er endå eldre spor etter åkerbruk på Sunnmøre.

Utskifting

Rett overfor garden ligg det over 1000 meter høge Straumshornet som stengjer noko for morgonsola. Midtsommars slepp solskinet ned til garden ved ½ 8-tida. Garden har eit sentralt lægje, og tuna ligg frå 100 til 200 meter frå hovudvegen. Straumsheim grensar til Fet, som ligg ved andre enden av Fitjavatnet, men avstanden dit er så stor at ein ikkje gjerne tenkjer på Fet og Straumsheim som grannegardar. I aust ligg utmark og fjell, i nord Riksheimgjerde. Fjorden og vatnet, med den korte Straumen i mellom, dannar grensa mot Straume og Straumgjerde.

Frå tidleg på 1600-talet hadde Straumsheim fire jamstore bruk, og før utskiftinga i 1834 låg alle tuna tett i lag søraust for elva. For å få slutt på den gamle teigblandinga møttest alle brukarane i forlikskommisjonen, men det lukkast ikkje å kome til ei semje om ei utskifting «i mindelighed». Brukarane ville ha saka for retten etter lov av 17. august 1821. Den 6. august 1834 tok utskiftinga til og vart avslutta 4. oktober. Ein brukar måtte flytte ut frå gamletunet, og alle ville helst sleppe, for på den staden det eine bruket skulle flyttast til såg det så armt ut, utan ei einaste åkerbot. Men lægjet var elles framifrå, og brukaren av Andersgarden såg nok at der kunne det bli til noko. Han gjekk med på å flytte og fekk sitt i eitt stykke. Det same fekk Ellendgarden, og dei to andre bruka fekk sitt i to stykke.

Seterbruk

I tida fram til 1900 og litt lenger vart krøttera alltid gjette. Til utmarka følgde dei geila. På Straumsheim låg utmarksgarden så nær fram med elva at geila vart kort.

Setra ligg 1400 meter i luftlinje frå garden, 300 meter over havet. Berre ein nokså bratt sti fører til setra. Ei tid sende dei mjølka ned med streng. Alle hovudbruka hadde sel. Stølen er sameige. På stølen har det ikkje vore slege, og med seterdrifta vart det slutt kring 1937. Men om dei ikkje slo på setra var småhøyslåtten omfattande og tidkrevjande. Kvart bruk hadde sine slette. Andersgarden hadde eitt i Gjerda, innlagt av sams utmark. Kvart bruk hadde småhøymark oppe i bakkane. Andersgarden hadde Teigen mot Riksheimgjerde. Tormodgarden hadde slåttemark rundt Bendik-plassen, og Olagarden hadde slette der bruk nr. 11 kom sidan. Ute i Hesfonnene var sams slåtteteigar. Inn mot Fitjabytet var ei slette dei kalla Okseslettet. Der skulle den slå som heldt okse. Ellendgarden og Andersgarden hadde slette saman, og Olagarden og Tormodgarden var saman om eit anna. Der brukte dei meiser for å ta graset ned til Øyrane og tørke det der. Så vart såtene delte mellom bruka. Ellendbruket åtte tørkeplassen. Slik slått vart det slutt med kring 1900.

Før 1900 og ei tid utover brukte dei ikkje slåttemark til beite. Først i seinare tid tok dei til å gjerde inn til kalvebeite og anna. Den siste inngjerdinga av småhøymark vart gjord kring 1950.

Skogplanting

Om trusking på Straumsheim fortel Petter O. Straumsheim i Ellendgarden: Som på andre gardar i bygda brukte dei langt ut på 1800-talet gamle, primitive reiskap, som har mange namn. Dei la kornbanda i ein ring på låven med kornet inn. Så slo dei på kornet med tustre ei stund. Sidan tok dei kvart nek opp i handa og då vart skjedda brukt.

Kring 1900 var der ei stor demning oppe på Straumsheimbakkane. Dei leidde Kolaelva ned, og så hadde dei eit stort vasshjul nede i garden med snor til truskehjulet. Etter utflyttinga med ny løe i Ellendgarden i 1911, vart vasshjulet nedlagt. Dei lyfte no opp øvste steinen på kverna og hadde hjul på kvernkallen og snor derifrå til truskemaskinen. Kring 1920 kom den elektriske motoren i bruk, og under siste verdskrigen kom det truskeverk på garden.

Skog og beite har vore sameige. For lang tid sidan var der torvmyr til garden, og den var og sameige. Først på 1900-talet tok dei til med skogplanting, og der var rikeleg til eige bruk. Før kunne eit bruk ha 20 skogteigar, men ved siste utskiftinga, i 1968, vart skogen bytt etter skylda og kvart bruk fekk sitt samla. Men det vart særlege vedtak for barskogen.

Godt laksefiske

Ei tid var der ni kvernar på Straumsheim. Men ikkje alle høyrde garden til. Straumgjerde og Straume hadde og kvernar her. - På 1700-talet var der mange saker mellom Straumsheim på den eine sida og Straume og Straumgjerde på den andre, og heile tida galdt det kvernbruk på Straumsheim, som brukarane på dei andre gardane hadde rett til etter ein gammal avtale om at Straumsheim-karane i staden fekk hogge i Straume sin skog til husvøling så lenge der var noko å finne.

Etter siste krig har det ikkje vore dyrka korn på garden. Fiske har vore ei attåtnæring. Havfiske etter sild og torsk, og notbruk i fjordane. Saman med grannegardar var Straumsheim-karane med på den såkalla stornota, og hadde dessutan ei slengjenot berre for garden, «Straumsheim-slengjå». Dei siste basane på den var Lars Petter og Bernt Straumsheim. Fitjavatnet er òg fiskerikt. Kring 1950 kunne ein gardbrukar her selje laks og pjakk for bortimot 3000 kr. på eitt år. Straumsheimgarden eig også i det som har vore kalla Nord-Europas kortaste lakseelv, Straumen. Brukarar på Straumsheim har vore aktive for å halde oppe ein livskraftig laksestamme i elva.

Industriområde

Bedarlaget rakk ikkje utanom garden. Innan garden var det vanleg med «juledrikking». Det heitte «å drikke jul» like godt om der ikkje fanst øl eller anna sterkt.

Om lag 1970 selde brukarar på garden stykke ved sjøen som vart opparbeidde til industriområde. Første bedrifta her vart Velledalen Lenestolfabrikk som i 1970/71 førte opp eit fabrikkbygg på grunn som dei kjøpte frå Olagarden og Ellendgarden. I seinare år har fleire verksemder komne til, mellom anna glasmeisterverksemda Ove Straumsheim AS, som starta i våningshuset på Ellengarden i 1968. I 1974 kunne verksemda ta i bruk eit nytt fabrikkbygg som vart ført opp på ein parsell under Ellendgarden. Også transportverksemda Emdal Transport (seinare Bring og VD Transport) bygde opp eit stort anlegg i Straumsheimsøyrane.

Kjelde