Støylsdrift og støylsliv i Nordfjord

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Støylsdrift og støylsliv i Nordfjord - støyling eller setring var i hundrevis av år ein fast og viktig del av utmarksbruket i Noreg. Kyr, geiter og andre husdyr vart haldne i fjell og utmark i sommarmånadane for å utnytte det gode fjellgraset, som gav ekstra velsmakande og feit mjølk til produksjon av smør og ost.

Fram til midten av 1900-åra var utbyttet av støylinga særs viktig for gardbrukarane i Nordfjord og i det meste av landet elles. Ein stor del av årsinntekta for gardbrukarane kom frå mjølk produsert i dei to-tre månadane buskapen var på støylen.

Det var fleire grunnar til at støylinga tok slutt. Kort fortalt skjedde det fordi det ikkje lønte seg lenger. Kulturbeite i heimemarka, bruk av kunstgjødsel og meir attraktive jobbtilbod og vidareåande utdanning for ungdomen er nokre av hovudfaktorane som gjorde støylsdrifta avlegs. Men enno er det nokre støylar i Nordfjord der det framleis er mjølkeproduksjon.[1]

Støyl – kva er det?

Ein støyl[2] er ein stad i utmarka eller fjellet der kyr, geiter og andre krøter beiter, blir påpassa og stelte. Kyrne eller geitene vert mjølka kveld og morgon. Dei fleste støylane har hus, kalla sel, for dei som driv støylinga, og fjøs for dyra. Mjølk og rømme vart tidlegare bore eller køyrt heim. No er transporten med bil. På mange støylar var det også slåttemark på kvia, som var eit oppdyrka og innegjerda jordstykke rundt sel og fjøs.

Støyl i sør, seter i nord

I bruken av namna støyl og seter er Nordfjord eit grenseområde. Seter er brukt på nordsida av fjorden frå Ytre Nordfjord og innover til Olden med ein god del unnatak: Faleide, Blakseter, Fjelli, Randabygda, Hennebygda og Lote der støyl eller steil er mest einerådande.[3] På sørsida av Nordfjorden har støylane stort sett namn med støyl eller støl.

Den geografiske utbreiinga av nemningane seter og støyl i Nordfjord samsvarer med at Nordfjord er eit overgangsområde for andre kulturtrekk, til dømes folkemusikk.

I Selje, Vågsøy og Bremanger er det stort sett seter-namn. Men der er også støylar som har vanlege stadnamn. Døme frå Vågsøy er Sollida og Vassdalen. I Selje: Rylen og Berstaddalen. I Bremanger: Legene og Raudalen, for å nemne nokre.

Det er verd å merke seg at i Bremanger er sel ei vanleg nemning for seter eller støyl. Her sa dei fleire stader gå på selet for å gå på setra eller støylen. Ei minning om gammalt samkvem over havet er at ordet sel på Island vert brukt i same tydinga som i Bremanger.

Støylane gull verd

Då støylsbruket var på høgda, var det avgjerande viktig for jordbruket. Nokre tal frå statistikk kring år 1900 viser dette tydeleg. I dei sju Nordfjord-kommunane Davik, Eid, Hornindal, Gloppen, Breim, Innvik og Stryn var det på den tida kvart år kring 11.000 mjølkekyr på støylen. I støylstida, som i gjennomsnitt var på 2,5 månader, frå jonsok (23. juni) til eit stykke ut i september, produserte desse kyrne 3,5 millionar liter mjølk. Det var over ein tredel av samla mjølkeproduksjon i desse kommunane.[4]

Mjølkeproduksjonen var den viktigaste materielle verdien av støylsdrifta, men ikkje den einaste. Mange tusen såkalla tørrekrøter i dei nemnde kommunane, var også på støylen og nytta fjellbeita. I ei tid utan nemnande heimebeite og utan tilførsel av fór utanfrå, ville det vore heilt uråd å drive med husdyrbruk slik det vart gjort i tida fram til midten av 1900-åra, utan støylane og fjellbeita.

I ei vurdering av støylane og støylsdrifta må det leggjast til verdiar som ikkje kan vurderast i pengar. I desse små fjellsamfunna var det om sommaren stor aktivitet utanom det daglege arbeidet. Det var samlingsstader og møteplassar for gamle og unge, både dei som høyrde grenda til, og folk på besøk. Men støylane var ulike på mange vis, også i det som var fritidsaktivitet. Det er noko avhengig av om bygningane låg spreidde over større område, slik det var i fleire kystbygder, eller samla i tun som i fjordbygdene. Men storleiken på støylstuna var kanskje det viktigaste.

Store og små støylar

Støylane i Nordfjord var ulike både i storleik og form. Dei største var i dei midtre- og indre bygdene. Her kunne det vere opp til 20 sel og mest like mange fjøs, som til dømes i Skjeringdalen i Stryn. Mellom 4 og 10 sel på kvart støylstun var meir vanleg. I Ytre Nordfjord var støylshusa ofte kombinerte sel og fjøs, og det var mindre vanleg med samla støylstun. Storleiken på sel og fjøs varierte mykje. Gjengdalsstøylen i Hyen er ein av dei største på fleire måtar. Der er store kvier med mykje slåttemark, og store sel og fjøsar. På dei fleste støylane var det sel med berre eitt lafta rom med plass til ei seng og eit lite bord i tillegg til mjølkehyller. Eit lite tilbygg av panel i eine enden av selet vart kalla utsel, og der var det skor og klede til budeia i tillegg til mjølkekjerald (spann, askar, bytter osb.)

På dei mindre støylane var det færre budeier og mindre fellesskap mellom budeiene. Det vart også mindre av det som i fjordbygdene var høgdepunkt i støylslivet: setrehelgar og støylsfestar.

Støylsromantikk

Støylslivet har vore vurdert ulikt. Somme har lagt vekt på slitet med lange vegar til støylen og tunge bører med mjølk og rømme som kunne gå på helsa laus for dei unge budeiene. Folk som stort sett var på støylane i fritida, opplevde det gjerne som romantisk. Dei mange melodiane og dikta som har blitt til med bakgrunn i støylslivet, er sterke, romantiserande vitnemål. Men også dei som opplevde både helg og yrke på støylane, budeiene sjølve, har for det aller meste framheva det positive ved støylsdrifta.[5]

Vurderingane som Anders A. Lothe gav i «Soga um Lothe i Nordfjord» s. 111, 112, er eitt av mange døme på høg verdsetjing av støylsarbeidet og livet på søylane:

Alle – både folk og fé – tykte det var gildt å få koma på Støylen. Fyrr dei flutte upp, la kyrne seg fyre opp i støylsdikja um kveldane, so me laut upp å henta dei heim. Og når me borni hadde vunne oss upp Tungebakken, og me såg upp på Støylen, tykte me det var so oversleg gildt, og me kjende oss so lette, det var som me var komne upp i ei onnor verd. Og støylstausene tykte det var gildt på Støyla, dei og, endå so stridt dei hadde det. . . . Jau, støylstausene hadde det stridt; men likevel tykte dei det var lystigt på Støyla.

Støyling i framtida?

Nedlegging av støylsdrift i Nordfjord som elles i landet frå 1950-åra kom som eit ras. Det lønte seg ikkje lenger, og det var vanskar for drifta på fleire måtar. Det bør likevel nemnast at det ikkje er slutt på støylsdrift i Nordfjord (per 2018). I Hyen er det mjølkeproduksjone på tre støylar: Gjengdalsstøylen, Ommedalsstøylen og Åstøylen. På Lote driv Ranveig Årskog og Egil Fjellestad støyling. Leif Tormod Tvinnereim i Randabygda har framleis mjølkekyr på Randastøylen. På Sagesetra i Stigedalen er det Anne Inger Moen med fleire som held oppe den gamle tradisjonen. Alle desse som no driv støyling, har naturleg nok teke ny teknikk og nye hjelpemiddel i bruk. Fjellbeita blir elles framleis nytta i alle bygdene, men av stendig færre husdyr. Gjengroing er eit aukande problem.

Somme stader i landet synes det å vere ein viss oppsving i støylsdrifta. Om dette held fram, vil det vere positivt på fleire vis: Støyling vil hindre gjengroinga av utmarka, og dyra vil få den mosjonen dei bør og skal ha, på ein dyrevennleg måte. Med beitande husdyr i utmark og fjell blir det også trivelegare der både for fastbuande, hyttefolk og andre som vil ha rekreasjon i norsk natur.

Referansar

  1. Det er skrive mykje om støylsdrift og støylar i Nordfjord. I Årbok for Nordfjord er det til dømes mange artiklar om emnet i ulike årgangar. Ei nokså ny bok om ei av dei store setrane i Eid er også verd å nemne: Rindal 2016.
  2. I generell omtale er det i denne artikkelen brukt formen støyl. Ordboka bruker støl.
  3. På Lote er det ei merkeleg blanding av støyl- og seternamn. Om det fortel Anders A. Lothe 1958, s.109ff.
  4. Tala som her er nemnde, er henta frå Amund Helland: Nordre Bergenhus amt i serien Norges land og folk topografisk-statistisk beskrevet (1885–1921). Når kommunane Selje og Bremanger står oppførte med null støylar i denne kjelda, kjem nok det av at det i desse kommunane på denne tida var få eller ingen støylshus. Derimot var fjell og utmark i stor grad brukt som beite i heile kystområdet. Inn på 1900-talet vart det også i dette området bygde mange støylar. (Jf. Tvinnereim, 1997.)
  5. Jf. Tvinnereim 1975, s. __

Kjelder og litteratur

  • Anders A. Lothe: Soga um Lothe i Nordfjord. 1958.
  • Karin Walen Rindal (re.): Hjellesetra, 2016.
  • Jon Tvinnereim: Seterdrift i Nordfjord. 1997. (Arbeidsrapport nr. 40, Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda). På sidene 20 og 21 i denne rapporten er ei liste over bøker, artiklar og manuskript om støylsdrift i Nordfjord.