Sunnfjord kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sunnfjord kommune
Basisdata
Kommunenummer 4647
Fylke Vestland
Kommunesenter Førde
Areal 2073.04  km²
Areal land 2073.04  km²
Areal vatn 0  km²
Folketal 22 215 (2023)
Grunnlagt 2020
Målform Nynorsk

Sunnfjord kommune i Vestland fylke vart skipa 1. januar 2020, i samband med Kommunereforma 2014-2018. Kommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular vedtok i 2016 å slå seg saman, og dette vart godkjent av Stortinget i juni 2017. Den 19. desember 2017 bestemte Kommunal- og moderniseringsdepartementet at namnet skal vere Sunnfjord kommune.

Førde er den klart største tettstaden og administrasjonssenter i den nye kommunen.

Namnet

Dei fire kommunane vart ikkje samde om kommunenamnet. Førde og Naustdal ville helst ha Førde som nytt namn, medan Jølster og Gaular ønskte Indre Sunnfjord. Tidlegare hadde dei rett nok vore einige om at Sunnfjord kunne vere eit godt namn, og sjølv om Språkrådet ikkje rådde til dette alternativet då distriktet Sunnfjord omfattar eit større område, valde allikevel departementet dette som namn på den nye kommunen.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer